Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 02. oktober 2000

Sist oppdatert 13. desember 2018

Kategori

Kommune

Minnestein ved Minde i Innvik



I Innvik sentrum står ein merkeleg stein. Han er ein snau meter høg. Oppå er der ein rund stein på storleik med ein fotball. Det er hogge inn fleire bokstavar og tal, mellom anna årstalet 1816.

Steinen ved Minde står attmed vegen inn til våningshuset fabrikkeigar Wald Skaaden bygde kort tid etter han kjøpte eigedomen i 1892.

Steinen ved Minde står attmed vegen inn til våningshuset fabrikkeigar Wald Skaaden bygde kort tid etter han kjøpte eigedomen i 1892.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2001.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Steinen

Steinen står ved innkøyrsla til eigedomen Minde under prestegarden. Han er ein snau meter høg og smalnar litt oppover. Oppå steinen ligg ein kuleforma stein på storleik med ein fotball. På framsida står innhogge MINDE og årstalet 1816, og på den tilstøytande sida til venstre bokstavane ISC. På den runde steinen oppå står bokstavane WPS og årstalet 1916

Presten Cammermeyer sette steinen

Bokstavane ISC står for Johan Sigfried Cammermeyer som var sokneprest i Innvik fyrst på 1800-talet. I åra 1813-1816 rudde han seg plass her nede ved sjøen og sette opp hus. Steinen vart truleg sett som "namneskilt" på staden. Etter Bygdeboka for Nordfjord - Innvik og Stryn, var det biskop Pavels som under ei visitasreise i 1821 ga den nyrydda plassen namnet J. S. Cammermeyers Minde. Med tida avstytta folk i daglegtalen namnet til Minde.

Johan Sigfried Cammermeyer

J. S. Cammermeyer (1757-1844) var prest i Innvik i 40 år, frå 1804 til 1844. Han var son til Johan Sebastian Cammermeyer, residerande kapellan til Korskyrkja i Bergen og kona Anne Kristine Gude. Cammermeyer var ein aktiv og dugande prest som vart rosa av biskopane Pavels og Neumann. Saman med kapellanane Dietrichson og Magelson skipa han i 1833, i hovudsoknet Innvik, den fyrste faste allmugeskulen i Nordfjord. Elles ivra Cammermeyer sterkt for jorddyrking. Han døydde 18.4.1844 og vart gravlagd på kyrkjegarden i Innvik der ein enno kan sjå grava hans.

Johan Sebastian Cammermeyer Welhaven

J. S. Cammermeyer var morbror til diktaren Johan Sebastian Welhaven (1807-1873). I ungdomsåra var Welhaven fleire gonger på besøk hjå morbroren i Innvik. Han var og oppe på Prestesetra i Innvikedalen der han skar namnebokstavane sine inn i ei bordfjøl. Selet og bokstavane kan ein sjå den dag i dag. Somme meiner at Welhaven-diktet Bergens Stift er delvis inspirert av diktaren sine besøk i Innvik. Det andre verset lyder slik:

Mine Barndoms-Dage
Er en billedsmykket Sage;
i hvert Billed er en Tone lagt.
I min Drøm paa Fjeldet,
under Fossevældet,
har en Huldre mig sin Harpe rakt.

Gründaren Wald Skaaden plasserte den runde steinen

Wald Pedersen Skaaden (1862-1943), mannen som grunnla Innvik Ullvarefabrikk, kjøpte eigedomen Minde i 1892. Kort tid etter sette han opp eit staseleg bustadhus, og plasserte seinare den runde steinen oppå Cammermeyer-steinen. Truleg ordna Skaaden dette i 1916, eitt hundre år etter at presten Cammermeyer hadde rydda plassen og bygt det fyrste huset på staden.

kjelder:

Aaland, Jacob: Nordfjord frå gamle dagar til no. Dei einskilde bygder Innvik-Stryn. bind I,II. Nyutgåve. Sandane 1974.
Nygjerd, Gunnar: Innvik Ullvarefabrikk. 1990.