Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 11. oktober 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Utvandrarstøtta i Seimsdalen



I 1994 reiste Årdal Sogelag ein minnestein over dei fyrste utvandrarane frå Årdal, Nils Torsteinson Seim og huslyden hans som budde i Seimsdalen. Reisinga var eitt av fleire tiltak i høve ei større 150-årsmarkering av utvandringa frå Sogn.

Utvandrarstøtta står attmed ungdomshuset i Seimsdalen. På avdukingsseremonien heldt kultursjef Steinar Lægreid ein kort tale før sjølve avdukinga.

Utvandrarstøtta står attmed ungdomshuset i Seimsdalen. På avdukingsseremonien heldt kultursjef Steinar Lægreid ein kort tale før sjølve avdukinga.

Eigar: Jonny Asperheim.

Datering: 1994.

Fotograf: Jonny Asperheim.

Utvandrarstøtta

Minnesteinen om dei fyrste fem utvandrarane frå Årdal, i daglegtalen gjerne kalla Utvandrarstøtta, står attmed ungdomshuset i Seimsdalen. Den prismeforma steinen ragar 195 cm over bakken, er 48 cm brei og 19 cm tjukk. På ei messingplate er inngravert fylgjande tekst:

Utvandrarjubileet 1994
I april 1844 vart dei fyrste årdølene som utvandra til Amerika
innskrivne i kyrkjeboka:

Nils Torsteinson Seim (1812-1878), gardbrukar
Mari Tomasdotter, f. Årebru (1821-1895), kone
Ingeleiv Nilsdotter Seim (1840-1912), dotter
Torstein Nilsson Seim (1842-1917), son
Tomas Torsteinson (1827- ), bror til Nils

Desse fem frå Seim drog frå Bergen 8. mai med barken "Juno"
Dei slo seg ned i Cottage Grove, Dane County, Wisconsin.

In memory of the Seim family that emigrated to America in 1844.
The Seims were the first emigrants from Årdal.
They settled at the township of Cottage Grove, Dane County,
Wisconsin.
This memorial was unveiled in May 1994 in the presence of
American descendants of Nils and Mari.

Årdal sogelag reiste denne minnesteinen i mai 1994.

Avdukingsseremonien

Avdukingsseremonien vart halden torsdag 5. mai, klokka 17.30 med innbedne gjester og andre både frå bygda og Amerika til stades. Tekstplata var dekka av eit kvitt klede halde på plass med eit børatog og ei helde. Både børatoget og helda var meint som symbol på slit og strev og tronge kår, som i mange høve var medverkande til at folk utvandra.
Kultursjef Steinar Lægreid heldt ein kort tale før avdukinga, som vart utført ved at tre etterkomarar etter Nils Seim trekte i børatoget og på den måten let duken falle.

Det førebuande arbeidet godt dokumentert

Det var styremedlemmene i Årdal Sogelag og nokre få andre som med stor entusiasme og dugnadsinnsats stod føre alt arbeidet med å reisa ei utvandrarstøtte i kommunen. Dei passa på å fotografera dei ulike arbeidsoperasjonane og noterte etterpå noko av det som skjedde.
Wilken Seim Lysne hadde liggande nokre grind- og gjerdestolpar i granitt framme ved løeveggen. Steinane hadde tidlegare vore nytta til gjerdestolpar i Framigarden på Seim i Seimsdalen. Då jorda her vart regulert til bustadområde i 1976, vart stolpane rivne på grunn av omlegging av vegar o. a., og vart liggjande oppe ved løa til Lysne. Ein nær 3 meter lang stein peika seg ut som skreddarsydd for føremålet.

Transport og oppsetjing

Det vart gjort avtale med Seimsdal Ungomslag om plassering ved ungdomshuset, og arbeidet tok til eit par veker før avdukinga. Det vart grave eit hol på ca. 70 cm for steinen, og fôra med eit kultlag i botnen. Steinen vart køyrd på plass av Odd Alme med hjullastar tilhøyrande Hydro. Alme løfta han fint på plass i holet og med eit skorelag i botnen og eit i bakkehøgd står han godt.
Graving og oppsetting vart utført av Øyvind Jevnaker, Egil Jørgen Lund og Jonny Asperheim.

Tekstplata

Teksten på plata vart utforma av styret i Årdal Sogelag, medan Bjørn Lindland skaffa ei messingplate, skar ho til og bora skruehol i ho. Attføringsverkstaden ved Hydro Aluminium sytte for å gravera inn teksten. Plata er festa til steinen med messingskruar og høvelege pluggar. Ho er 30 x 19,5 cm i firkant og 6 mm tjukk. Øvre kanten står 42 cm frå toppen av steinen.

Verdfullt minnesmerke

Utvandrarstøtta i Årdal er eit verdfullt minnesmerke. Ho minner om ein viktig del av bygdesoga som òg er ein del av den norske emigrasjonssoga. Minnestøtta i Seimsdalen er elles eit døme på at minnesmerke ikkje alltid treng å kosta allverda i kroner og øre. Her var det einast tiltak, fantasi og dugnadsinnsats som skulle til.
Årdal Sogelag eig minnesmerket. Laget ynskjer at Utvandrarstøtta skal verta kjend og omtala saman med andre minnesmerke i kommunen.

Familien Seim

Det var sikkert ei vanskeleg avgjerd gardbrukar Nils Torsteinson Seim og kona Mari tok då dei i 1844, som dei fyrste frå Årdal, sette kursen mot Amerika. Nils hadde berre hatt bruket på Seim ei stutt tid før han bestemte seg for å selja. Nils og Mari drog med to små born, og Tomas Seim, den 17 år gamle bror til Nils. Den 3. april er dei hjå presten og seier frå om utvandringa, og den 8. mai dreg dei frå Bergen. Familien kom fyrst til New York, deretter gjekk turen med kanalbåt til Buffalo og vidare med dampbåt til Milwaukee i Wisconsin. Derifrå måtte dei gå til fots ca. 130 km fram til Koshkonong-prærien, der dei slo seg ned i Cottage Grove, Dane County. Her rudde Nils og Mari seg gard, og vart buande livet ut. Fire nye born kom til dei neste 12 åra. Nils og Mari er gravlagde på McFarland kyrkjegarden i nærleiken av Cottage Grove. Bror til Nils, Tomas, gifte seg med ei jente frå Luster. Dei drog vestover med to born, men det har til no ikkje vore råd å finna ut kva som skjedde med denne familien.

Utvandringa frå Årdal

Kring 1600 personar utvandra frå Årdal i tidsrommet 1844 - 1924. Dette er ei stor utvandring frå ei bygd med eit folketal på 1642 i 1845. Dette var meir enn ei dobling av folketalet sidan 1801. I 1900 var folketalet redusert til 1299. Det var dei med ressursar som drog fyrst, dei som hadde kapital og kjennskap til det nye landet. I åra 1844 - 1847 drog 41 årdøler til Amerika. 36 av desse høyrde til åtte familiar der mange var i slekt med kvarandre. Seim og Seimsdalen var i hovudsak basen for denne tidlege utvandringa. Så stilnar det av nokre år, før ei ny bølgje kjem i åra 1853 - 1857. Då reiste 216 personar til Amerika. Kring 300 årdøler hadde utvandra då den amerikanske borgarkrigen tok slutt i 1865. Etter denne krigen auka utvandringa på nytt, og ein fekk det som er kalla masseutvandringa til Amerika i fleire store bølgjer fram til 1. verdskrigen. Dei fleste årdølene slo seg ned i statane Wisconsin og Minnesota.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Årdal Før og No Nr. 14, desember 1999.
Notat frå Jonny Asperheim, Årdal, mars 2002.
Natvik, Oddvar: Dei fyrste årdølene som drog til Amerika. I Årbok for Sogn 1994. Sogndal 1994.

PERMANENT IDENTIFIKATOR