Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 01. juli 2021

Kategori

Kommune

Rå-data

Minnestein på Sande over falne i krigen 1940-1945



To ungdommar frå Gaular miste livet i kampane mot dei tyske invasjonsstyrkane ved Flå og ved Dokka. Dei fall same dagen, 25. april 1940. Begge blei gravlagde heimanfrå. I 1948 reiste bygdefolket ein minnestein over dei på Sande.

Minnesteinen over dei to ungdommane frå Gaular som fall i kamphandlingar i slutten av april 1940 står i kommunesenteret Sande. Steinen vart avduka søndag 19. september 1948.

Minnesteinen over dei to ungdommane frå Gaular som fall i kamphandlingar i slutten av april 1940 står i kommunesenteret Sande. Steinen vart avduka søndag 19. september 1948.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 1999.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Biografiar i verket Våre Falne

"ÅRSETH, JOHANNES, gardsstyrar, Gaular. Fødd 14. august 1915 i Fjaler, son til Kristoffer Årseth, fødd 1881, og Oline, fødd Nedrebø, fødd 1882, båe i Jølster. Var med i stridane i Noreg som patruljeførar; dei skulle røkja etter dei tyske stillingane vestanfor Dokka i Valdres. Han vart råka av ein granatsplint og sette livet til i skogen ved Risby husmorskule i Nordre Land 25. april 1940. Gravlagd ved Nordsinni kyrkje."

"OPPEDAL, INGVALD JAKOB, sersjant, Gaular. Fødd 6. september 1917 i Bergen, son til Hans Olav Hansen Østrem, fødd 1884 i Austrheim, død 1936 i Gaular, og Severine Johannesdotter, fødd Oppedal, fødd 1882 i Gaular. Korrespondansekurs, befalsskule, handelsskule. Var med i krigen og fall i slaget ved Gulsvik 25. april 1940. Gravlagd i Flå i Hallingdal."

Portrettbilete av Ingvald Jakob Oppdal.

Minnesteinar i Flå og på Nordsinni

Vestlendingane som fall i kampane i Hallingdal og Valdres vart gravlagde på kyrkjegardane der. Somme pårørande flytta seinare sine døde heim, medan andre valde å la dei kvila der dei vart gravlagde. I 1941 reiste Nordsinni ungdomslag i Nordre Land ein minnestein på grava til Johannes Årseth "fra Sunnfjord" på kyrkjegarden ved Nordsinni kyrkje. På Flå vart det sommaren 1947 reist minnestein på grava til Ingvald Jakob Oppedal og ein annan som vart gravlagd der.

Minnestein-nemnd i Gaular

I heimkommunen deira valde Gaular kommunestyre 20. desember 1946 ei nemnd til å ta seg av arbeidet med å reisa ein minnestein. Med i nemnda var Ola Birkeland, Sverre Hjelmeland, lærarane Guddal og Bell og sokneprest Myklebust. På fyrste møtet i nemnda 3. januar 1947 valde nemnda Harald Bell til formann.
Nemnda rådde til at dei falne ikkje skulle førast heim, at minnesteinen skulle reisast sentralt i kommunen, ein stad i nærleiken av Sande bru, og at det skulle samlast inn pengar i alle skulekrinsane. Ein tenkte seg òg at gåvelistene saman med minneord over dei to falne skulle leggjast ned i eit skrin som skulle murast inn ved foten av minnesteinen.
I mai 1947 hadde dei funne eit høveleg emne og arbeidaren Lars Hoff hadde byrja å hogga til steinen.

Avdukingshøgtida

Bilete av kunngjøringa for minnesmerket i "Firda."

Minnesteinen vart avduka søndag 19. september 1948 med kring 1000 menneske til stades. Avisa Firda hadde fyldig omtale av hendinga.
Formannen i nemnda ynskte velkomen og gjorde greie for arbeidet. Han gav deretter ordet til Gustina Lunde som las ein gild prolog. Fylkesmann Nikolai Schei heldt ein gripande avdukingstale. Han mana folket til heilag vardevakt om landet - til alle sitt beste. - Vel kan landet vera fatigt, sa han, men det er så uendeleg vakkert. Vi elskar det og vi vil verja og verna det og byggja det betre og rikare. For landet sin fridom er vi viljuge til å ofra alt, jamvel det største og dyraste, livet.
Så fall duken og minnesteinen stod der som eit talande vitnemål om fedrelandskjærleik som gav alt, jamvel det største og dyraste, livet.

Bilete av metallplata på minnesmerket.

Ordførar Espeland tok på vegner av Gaular kommune imot minnesteinen, takka post festum dei falne for innsatsen deira og la ned krans frå heradet.
Deretter tala sokneprest Myklebust og bar fram ei helsing frå kong Haakon. Dei falne hadde fått Kongens fortenestemedalje og krigsdeltakarmedalje som saman med diplom vart overlevert dei næraste.
Tolv mann frå heimevernet under kommando av løytnant Johannes Lunde, stod under heile høgtida æresvakt ved minnesteinen.

Minnetale år 2001

Den 17. mai, år 2001, heldt Johannes Oppedal tale ved minnesteinen og la ned krans. Han fortalde om dei to ungdommane, Johannes Årseth og Jakob Oppedal, som fall for fedrelandet og slutta med desse orda:
"Når vi i dag ser attende og les om det som skjedde, kan det vel fortone seg litt uverkeleg alt saman, og vi kan ikkje heilt forestille oss kva slags fysisk og ikkje minst psykisk press soldatane var utsette for. Difor synest eg vi har all grunn til å vere stolte av desse våre sambygdingar, og for nokre av oss også våre slektningar.
Den styrke og det mot dei viste, trur eg dei henta i den kjærleik dei hadde til folket og barndomsheimane sine her i Gaular. Så difor vil eg ynskje, dersom det vart kravd av oss, at også vi kan vere i stand til å ha slikt mot og vise slik styrke som desse to."

Bilete av minnesmerket med krans.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Våre Falne. Oslo 1947.
Avisa Firda, Førde. 02.05.1947 og 29.09.1948.
Oppedal, Johannes: Ingvald Jakob Oppedal. Ein soldats liv frå vogge til grav.
Oppedal, Johannes: Manuskript til minnetale 17. mai 2001.

PERMANENT IDENTIFIKATOR