Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 22. august 2018

Kategori

Kommune

Astrup-steinen



"NIKOLAI ASTRUP 1880-1928" Det står innhogge på Astrup-steinen i det gamle prestegardstunet på Ålhus. "Soleis skal óg han sjølv og livsverket hans for alltid vera innrissa i vårt og våre borns minne", sa lærar S. Sandnes i avdukingstalen sin, søndag 28. august 1938.

<p>Fr&aring; avdukinga av minnesteinen over Nikolai Astrup. Kristen Sunde st&aring;r p&aring; talarstolen. Han var utflytta j&oslash;lstring, busett i M&aring;l&oslash;y. Attmed han (th) st&aring;r Samuel Sandnes som heldt avdukingstalen. Under h&oslash;gtida kunne folk sj&aring; fanene til tre ungdomslag: &Aring;lhus ungdomslag, Gjesdal ungdomslag og Myklebust ungdomslag, alle m&aring;la av Nikolai Astrup. I bakgrunnen prestegardstunet p&aring; &Aring;lhus. &nbsp;</p>

Frå avdukinga av minnesteinen over Nikolai Astrup. Kristen Sunde står på talarstolen. Han var utflytta jølstring, busett i Måløy. Attmed han (th) står Samuel Sandnes som heldt avdukingstalen. Under høgtida kunne folk sjå fanene til tre ungdomslag: Ålhus ungdomslag, Gjesdal ungdomslag og Myklebust ungdomslag, alle måla av Nikolai Astrup. I bakgrunnen prestegardstunet på Ålhus.  

Eigar: Olav Stølen/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 28.08.1938

Fotograf: Ukjend.

Mange tok farvel

Nikolai Astrup døydde laurdag 21. januar 1928, berre 47 år gamal. Astrup var på besøk i Førde då han vart liggjande sjuk med lungebetennelse. Hjå venene dokter Bydal og kona hans, fekk han det beste stell, men livsdagen var slutt. Mange var samla i heimen til Bydal dagen då båra vart køyrd heim til Jølster, og ei stor folkemengd var møtt fram ved kyrkja i Ålhus. Dei hadde sett opp flagg som danna ein portal i vegkrysset opp til kyrkja.
 

Nikolai Astrup vart gravlagd tysdag 31. januar. Det vart sagt at det var den største gravferda som hadde vore i Jølster.

Tanke om minnestein fekk tilslutning

Fem år seinare kom tanken opp om å reisa Nikolai Astrup ein minnestein. Det var lærarane Daniel Viken og Eivind Fossheim som fyrst orda frampå, og det vart vald ei "bautastein-nemnd." Nemnda samla inn midlar og fann fram til ein seks-sju meter lang, naturleg forma stein i stranda på Svidalsneset. Meininga var å få støypt eit portrettrelieff, men steinen vart reist utan. Av reportasjen frå avdukinga i Firda at det var tanken å få ordna med portrett-relieff seinare, når dei hadde midlar nok.

Avdukinga byrja med gudsteneste

Astrup-steinen var avduka søndag 28. august 1938. Veret såg ruske ut frå morgonen, men det letta og klårna opp utover dagen. Om føremiddagen var det gudsteneste i Ålhus-kyrkja. Sokneprest Kallhovd kom i preika si inn på Astrup sin kunst. Han nemnde særskilt målarstykket Jesus i Getsemane. Det hadde alltid tala sterkt til han kvar gong han såg det.

Fem - seks hundre menneske tilstades

Sjølve avdukingshøgtida tok til i totida. Formannen i minnesteinnemnda, Nikolai Berg, ynskte velkomen og fortalde om førebuingsarbeidet. Lærar Sandnes heldt avdukingstalen. Han fortalde frå livet til Nikolai Astrup som kunstnar, og nemnde særskilt den første utstillinga hans i Oslo i 1905. - Utstillinga vekte ein åtgaum som knapt noko anna utstilling har gjort her i landet, sa talaren.

Til slutt i talen sin sa lærar Sandnes:

"Bygdefolket og Nikolai Astrups vener og kjenningar i bygdene her har kjent trong til å reisa han eit minnesmerke her på prestegarden. Det er ein gråstein. Det er den første bautastein som er reist i Jølster. Denne steinen skal vere med og halde minnet om den store kunstnaren levande for slektene som kjem. Det er med takk og vyrdnad for den innsats Nikolai Astrup fekk gjort, at vi i dag er samla her."

Så fall duken, og Nikolai Berg overleverte steinen til Jølster kommune. Ordførar Øygard tok imot og takka. Lensmann N.O. Øvrebø helsa frå familien Astrup og takka for den heider bygda hadde synt på denne måten. Kristen Sunde, utflytta jølstring i Måløy, helsa frå vener av Astrup sin kunst og la ned ein vakker lyngkrans ved foten av minnesteinen.

Kommunal middag

Etter avdukingshøgtida gav Jølster kommune middag i prestegarden for frammøtte frå Astrup-familien og ei rekkje innbedne. Vertskapet kunne by på nasjonalretten rømmegraut og spekekjøt. Det var tale av sokneprest Kallhovd og tidlegare lensmann Øvrebø. Kristen Sunde heldt eit morosamt kåseri.

Kunstutstilling

I det gamle prestegardshuset var det kunstutstilling. Her kunne folk sjå fleire kunstverk av Astrup, både målarstykke og tresnitt.
Under minnehøgtida kunne folk elles sjå tre av fanene Astrup måla; - Ålhus Ungdomslag, Gjesdal Ungdomslag og Myklebust Ungdomslag sine.

kjelder:

Firda. 25.01, 28.01.1928 og 08.07, 12.07, 23.08, 26.01, 28.01.08. 1938.
Firda Folkeblad. 12.07, 30.09. 1938.
Myklebust, Sverre: Kring Nikolai Astrup og Jølster. I Jol i Sunnfjord. 1959.