Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 29. juni 2005

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Vegminnestein i Standal - og kjelder til veghistorie



I skiljet mellom Øvre Standal og Nedre Standal står ein vegminnestein. Det står innhogge årstalet 1904 på den og talet 230. Hausten 2003 sende Odd Standal i Florø eit fotografi av steinen til Fylkesarkivet saman med nokre opplysningar. Det vart starten på eit lite samarbeid som resulterte i ein artikkel om minnesteinen, om vegen til Øvre Standal og kvar det kan finnast skriftlege kjelder til veghistorisk kunnskap.

Øvre Standal og Standalsvatnet. Biletet kan daterast til næraste åra etter 1905 på grunnlag av den tydelege, nybygde vegen (ferdig i 1905).

Øvre Standal og Standalsvatnet. Biletet kan daterast til næraste åra etter 1905 på grunnlag av den tydelege, nybygde vegen (ferdig i 1905).

Eigar: I Flora-minne 2001.

Datering: 1905-1910.

Fotograf: Ukjend.

Sans for vegmerkesteinar

Det er enno vanleg å markere grenser, både mellom fylke og kommunar, med forseggjorde merke i ulike material. Vanlegast er vel fargerike skilt av aluminium, men betong førekjem, og endåtil naturstein. Me kan óg leggja merke at dei som byggjer veg, av og til set opp bautaliknande steinar, t.d. langs den utbetra og stadvis nye vegen mellom Florø og Førde, like vest for Eikefjord. Det kan sjå ut som dette er stein dei har komme over under anleggsarbeidet, med ei form som har bydd seg fram til oppreising. Det er kjekt å leggja merke til at dagens vegbyggjarar har auge for slikt, og at sansen for merkesteinar er livs levande.Gamal minnestein i Standal.

Gamal minnestein i Standal

I skiljet mellom Øvre og Nedre Standal i noverande Flora kommune står ein over hundre år gamal merkestein. Han vart reist då bygda fekk ny veg tidleg på 1900-talet. Bygda var då ein del av Kinn kommune. Seinare vart det Bru, og så Flora.

Tause vitne om vegarbeidarar

Steinen er om lag to meter høg og 40 cm brei. Tidlegare stod ein noko mindre stein av same slaget nokre hundre meter lenger vest, men den er borte. Slike steinar er ikkje til minne om store menn eller ulukker. Dei er tause vitne om folk som har hatt auge for form og glede over eige handelag. Maskinene gjer tungarbeidet i våre dagar, men steinfolk er steinfolk, no som før.

Grensestein for vedlikehald?

Anton Holm (f. 1915) voks opp nokre hundre meter frå denne steinen. Han minnest at han i barndommen leika mykje med ungane i huset som står tvers over vegen frå steinen, men han er sikker på at steinen aldri hadde noko namn. Han hugsar også at vedlikehaldet av bygdevegen låg på dei einskilde brukarane.

Etter utskiftinga av innmarka i 1911 låg dei fleste eigedommane slik at kvar brukar åtte på begge sider av vegen. Vegen vart bygd i 1904, altså før utskiftinga. På den tida budde oppsitjarane i Øvre Standal i klyngetun, og vegvedlikehaldet må ha vore delt mellom brukarane etter eit anna system enn eigedomsgrenser.

Steinen står som sagt i skiljet mellom dei to gardane Øvre og Nedre Standal, og det kan vere nærliggjande å tru at den markerte grense for kor langt oppsitjarane på dei to gardane hadde vedlikehaldsplikt.

Skriftlege kjelder:Kommunearkiva

Vegsaker har alltid vore gjengangarar på kommunestyra sine saklister. Både i møtebøkene og saksarkivet til kommunestyret/formannskapet finst det veghistorie. Veg til Standal stod t.d. på saklista til Kinn kommunestyre 6. mars 1884, (og fleire gonger seinare). I møteboka er innført:

"Skrivelse fra Mads H. Standal, hvori Herredsstyrelsen anmodes om at bidrage til Anlæg af en Vei fra Søen til Øvre-Standal. Enstemmig besluttedes: Herredstyrelsen anser det ønskeligt om Opsidderne i Øvre-Standal kunde faa oparbeidet vei, og maa derfor anmode Veistyrelsen om at lade Strækningen fra Søen til Øvre Standal undersøge, samt fremkomme med en Kalkyle over Veianlægget beregnet efter en 3 Alens Bredde."

Det tok si tid å få vegen bygd. Sak 13, 31.10.1905:

"Skrivelse fra de af herredsstyrelsen valgte kommite D.S. Langeland og Andreas A. Standal om paa kommunens vegne at besigtige det oparbeidede veistykke fra Øvre Standal og nedover. Kommiteen fant at veien var (efter beste skjøn) i den stand at kommunen bør overtage vedligeholdet."

Merknad: Vegen var ikkje heilt ferdig i 1905.

Trykte fylkestingsforhandlingar

Dei offentlege vegprosjekta gjekk ofte over lang tid og var innom fleire instansar. Amtsingeniøren førebudde vegprosjekta til handsaming i amtstinget, og vegsakene er tekne med i dei årlege trykte fylkestingsforhandlingane.

Standalsvegen stod på saklista til amtstinget i 1895, og fleire gonger seinare. Av referatet går det fram at amtsingeniør Borch har førebudd saka. Det vert vist til kontrakt med oppsitjarane om deira ytingar. Vegen er kostnadsrekna til kr. 3.646. Det trengst ein kortare strekning frå sjøen opp til "plataaet" Standalsvatnet ligg på. Den lengste delen av vegen vil få liten eller ingen stigning.

Garden Standal har 12 oppsitjarar med samla matrikkelskyld 24 Mark. Utan veg har dei "besværlig adkomst til Søen." Amtsingeniøren rådde til amtstilskot fordelt over 5 år.

Vegvesenet sitt arkiv på Hermansverk

Det eldre arkivet frå den statlege vegadminstrasjonen i Sogn og Fjordane er oppbevart hjå Statens Vegvesen, Region Vest, distrikt 6, på Hermansverk. Arkivet er ordna og katalogisert av folk frå Statsarkivet i Bergen.

Ei innhaldsrik omslagsmappe Vegen Standal-Sjøen inneheld profilar som viser både lengdesnitt og tverrsnitt, ja, som nesten viser vegen meter for meter, brev og "skrivelser" av mange slag: om planar og prosjektering, om finansieringa, om arbeidet og arbeidarane, og mykje meir.

Av dokumenta går fram: Veganlegget vart utsett i fleire år. Stikkinga vart fyrst ordna hausten 1901, og arbeidet på akkord 1, lengst inne, tok til den 24. april 1902. G.M. Hjelmeland (frå Ytre Hjelmeland i Gaular) var oppsynsmann (og flittig brevskrivar). Mads H. Standal hadde ansvaret for vegrekneskapet.

Midtsommars 1904 var dei ferdige til og med akkord 25. Hausten 1905 overtok kommunen vedlikehaldet på det stykket av vegen som då var ferdig, og 15. desember 1906 skreiv oppsynsmann Hjelmeland fylgjande i brev til amtsingeniøren:

"I kveld har jeg den fornøielse at meddele Dere, at veianlegget Øvre Standal - Søen i Kinn, er idag færdigbygget, og Overgruset fra Pæl 254 til dets ende som er Pæl 364. Regnskabet skal blive sent fra mit hjem, over samme, naar jeg faar det færdigt. I nat reiser jeg herfra og hjem. Alt vel."

 

Alt vel, - så lenge det varde. Den 8. januar 1907 gjorde ein elveflaum skade på det nordre karet i "Standals bro". Hjelmeland vart beden om å reisa og sjå på skaden og rapportera til amtsingeniøren. Om flaumen står det: "Den ovenomskrevne Vandflom, havde vist været forfærdelig stor, ja gamle mænder siger at Dem ikke har set end saa stor Flom i sin tid her."

 

kjelder:

Sogn og Fjordane fylke: Trykte fylkestingsforhandlingar.
Munnlege opplysningar frå:
Anton Holm, Flora.
Kommunearkivet i Flora: Møtebok for formannskapet og kommunestyret.
Statens vegvesen. Region Vest. Hermansverk: Saksomslag Vegen Standal-Sjøen.

PERMANENT IDENTIFIKATOR