Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Omtalt

Publisert 25. april 2002

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Sivlesteinen i Flåm



Det er reist fleire minnesteinar over diktaren Per Sivle, - på grava hans i Drammen, på Stalheim, på Voss og i Elverum. I Aurland står to minnesteinar, den eine på Aurlandsvangen, den andre i Flåm. Sivlesteinen i Flåm vart avduka 17. mai 1948.

<p>Sivlesteinen st&aring;r tett i vegen p&aring; motsett side av Fl&aring;m kyrkje.</p>

Sivlesteinen står tett i vegen på motsett side av Flåm kyrkje.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2010

Fotograf: Hermund Kleppa

Per Sivle

Per Sivle (1857-1904) var son til hestehandlar og bonde Eirik Hansson Sivle, Oppheim sokn i Voss prestegjeld, og Susanna Andersdotter Ryum, Flåm sokn i Aurland prestegjeld. Mora døydde då han var tre år gammal, og han voks opp hjå skyldfolk på garden Brekke, nabogarden til Sivle, ikkje langt frå Stalheim.


Vintrane 1872-1874 gjekk han på folkehøgskulen til Jakob Sverdrup i Sogndal, og i 1876 drog han til hovudstaden for å ta studenteksamen, men vart etter ei tid så hardt råka av sjukdom at han måtte gje opp studieplanane sine. I staden vart Per Sivle sjølvlært diktar og bladmann.
 

Han førte heile livet eit omflakkande tilvære, budde fleire stader på Austlandet, men hadde òg opphald på Sørlandet og i Rogaland. Dessutan var han på fleire utanlandsferder, i Danmark, Tyskland og England.
 

Sivle vart gift i Bergen 1. august 1887 med Wenche von der Lippe Nilsen. Dei hadde ei dotter, Susanna (Sussi). Han døydde for eiga hand 6. september 1904, og vart gravlagd på Strømsgodset kyrkjegard i Drammen.

".. frå folkegrunnen .."

Olav Midtun oppsummerer ein artikkel om Per Sivle med desse orda:
"Sivle er ein einsam, sermerkt personlegdom, sprungen fram liksom frå folkegrunnen. Han er ein diktar-målsmann for det aktive sigrande draget som rørde seg i politiske og nasjonale krinsar i 1890-åri, og som bar fram mot frigjeringi i 1905 og nasjonal kulturreising. Han hadde ei vise "og den heiter Noreg."

Ei veldig steinblokk

Fødebygda Flåm reiste minnestein over "diktaren sin" i 1948. Dei fann steinen i Lunden, bortunder nokre hamrar der, kring to kilometer frå der steinen står. Ei veldig steinblokk hadde rasa ut og var som skapt for føremålet. - Noko av transporten gjekk etter vegen, fortel Kåre Fretheim. Ein stad måtte dei forbi eit hus som stod kloss i vegen. Det budde ein illsint mann der. Han var redd dei skulle koma borti huset, og sette i: - Ja, kjem de borti huset mitt, så hive eg steinen midt nedi hagen! (Steinen må vera minst 10 tonn). Fretheim minnest han var ein tur til fjells då dei reiste steinen. Han kunne høyra hujing på lang avstand når dei tok i, - å hååå, å hååå!

Stor dag 17. mai 1948

17. mai 1948 vart ein særs minnerik dag for folket i Flåm og fleire tilreisande. Etter 17. mai-programmet samlast folket til Sivlehøgtid og avdukinga av minnesteinen, reist på staden der Per Sivle vart fødd. Flåm Ungdomslag stod i brodden for det heile, reisinga av steinen og avdukingshøgtida.
 

Læraren i Flåm, Per Hatlelid, ynskte velkomen, og gav så ordet til redaktør Ivar Tveit som heldt avdukingstalen. Etterpå fortalde Per Hatlelid om arbeidet med å reisa steinen, og deretter var det fleire Per Sivle-programpostar: allsong og korsong, opplesing og musikkinnslag. Ingeborg Fortun, 12 år gammal, deklamerte fleire Sivle-dikt. Ho hausta ekstra stor fagnad. Fru Susanna Collett, dotter til diktaren, takka hjarteleg for all ære som ved dette høvet var vist far hennar, og Anders Ullestad frå Voss bar fram helsing frå naboprestegjeldet og fortalde om då dei reiste Sivlesteinen på Stalheim i 1909.

Skriftene til Per Sivle

Redaktør Ivar Tveit i avisa "Sogn og Fjordane" fortalde i avdukingstalen frå Sivle si livssoge, og sa mellom anna, i sterkt rosande ordelag, dette om diktninga hans:
 

"Skriftene til Per Sivle har kome i samling hos Gyldendal Norsk Forlag. Det er berre to band, 662 sider. Men i desse bøkene står noko av det beste og største som er skrive i Noreg: "Sogor", med dei levande og livssanne skildringar av folk og fe; tenk berre på meisterforteljinga "Berre ein hund." Dei kåte og lentuge Vossastubbane. Den eine sosiale forteljinga "Streik". Men først og sist dei historiske skaldekvad. [..] I sine skaldekvad og nasjonale dikt er Sivle genial: aldri har nokon skrive som han - og aldri vert det skrive maken. Det var dikt som "Tord Foleson, "Eirik Jarl", "Varde", "Vil vil oss et land" og andre som song Noreg heimatt til fridom og fullt sjølvstende.."

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Norsk biografisk leksikon. Bind VIII, Oslo 1958.
Avisa Sogn og Fjordane. 01.06.1948, Hermansverk.
Bull, Francis, o.fl.: Norsk Litteraturhistorie. Bind V, Oslo 1961.
Opplysningar frå Kåre Fretheim, Leikanger.

PERMANENT IDENTIFIKATOR