Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 09. august 2002

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Minnestein ved Leikanger kyrkje i Selje



På kyrkjegarden ved Leikanger kyrkje i Selje står ein minnestein til minne om bortkomne på havet og falne i krigen 1940-1945. Steinen vart fyrst reist til minne om bortkomne på havet og seinare også gjort til minnestein over falne.

Lasta tankskip var primærmål for tyske ubåtar i Karibien. M/T Kongsgaard, Gowart Olsen, Stavanger, vart torpedert av den tyske ubåten U 502, 21. februar 1942, kl. 09.12, på veg frå Curaçao lasta med 15 600 tonn lett råolje. Sju mann vart berga, 37 omkom, mellom dei Petter Eltvik. (Biletet syner ikkje "Kongsgaard").

Lasta tankskip var primærmål for tyske ubåtar i Karibien. M/T Kongsgaard, Gowart Olsen, Stavanger, vart torpedert av den tyske ubåten U 502, 21. februar 1942, kl. 09.12, på veg frå Curaçao lasta med 15 600 tonn lett råolje. Sju mann vart berga, 37 omkom, mellom dei Petter Eltvik. (Biletet syner ikkje "Kongsgaard").

Eigar: I Nortraships flåte.

Datering: Ukjent.

Fotograf: Ukjent.

Biografiar i bokverket Våre falne

Sju menn frå Stadlandet fall under krigen 1940-1945. To miste livet i alliert utanriksfart, to på norske ruteskip, ein i bombeåtak i London og ein på sjukehus i Frankrike. Den sjuande har me ikkje andre opplysningar om enn at han miste livet enten ved bombing eller torpedering. Den norske staten gav i 1948 ut bokverket "Våre falne" som inneheld korte biografiar og portrettbilete.

BJØRLYKKE, HÅKON MATHIAS, postekspeditør, Trondheim. Født 16. november 1923 i Selje, s. av poståpner Petter Andreas Rasmussen Bjørlykke, f. 1868 i Sande, og Marie Regine f. Tungevåg, f. 1879 i Selje. Middelskole og handelsgymnas. Reiste som postekspeditør med hurtigruteskipet St. Svithun og omkom 30. september 1943 da det ble bombet av fly ved Stad.

ELTVIK, PETTER HJALMAR, kokk, Selje. Født 10. april 1917 i Selje, s. av Mathias Larsen Eltvik, f. 1880 i Selje, og Sevrine, f. 1878 i Selje. Var kokk på m/t Kongsgaard som ble torpedert 6 n. mil vest av nordpynten på Curaçao 21. februar 1942, på vei fra Puerto de la Cruz til Aruba.

FLØDE, JOHN NORMANN, stud. med., Bergen. Født 8. desember 1917 i Bergen, s. av Johan Fløde, f. 1885 i Selje, og Martha f. Myhren, f. 1880 i Sande, Sunnmøre, d. 1931 i Bergen. Arrestert under studentrassiaen og sendt til Tyskland. Døde av tuberkulose på det amerikanske hospital i Besançon i Frankrike 7. desember 1944. Gravlagt i Besançon.

SANDVIK, PEDER, gårdbruker og hvalfanger, Selje. Født 8. juni 1879 i Selje, s. av gårdbruker Peder Johnsen Sandvik, f. 1836, og Synnøve Torbjørnsdatter, f. 1835. Gift 1903 i Selje med Paula Eltvik, f. 1876 s.st. 2 barn. Var under krigen fisker i Skottland og senere vaktmann ved et marinedepot i London. I 1941 var han med til norskekysten og satte i land to mann og tok med flyktninger tilbake. Omkom 7. mars under et flyangrep på London. Gravlagt i Leikanger.

SANDE, HJALMAR SIMON KARLOT, matros, Selje. Født 6. mars 1915 i Selje, s. av gårdbruker Jakob Jakobsen Sande, f. 1872, og Sara Olsdatter, f. Sande, f. 1880, begge Selje. Seilte i alliert fart som matros på m/s India. Skipet gikk fra Talara, Peru, 3. september 1943 og forsvant på vei til Sydney, Australia.

STOKKEVÅG, KARSTEN MATHIAS, motorbåtfører, Selje. Født 17. mai 1921 i Selje, s. av Laurits Kristensen Stokkevåg, f. 1869 s. st., og Anna Mathiasdatter f. Hestenes, f. 1885 i Gloppen. Aftenskole, korrespondansekurs. Var med d/s Irma som passasjer, og omkom 13. februar 1944 da skipet sank på Hustadvika etter to eksplosjoner, på reise fra Bergen til Kristiansund.

ÅRSHEIM, OLAF INGEBRIGTSEN (ikkje komen med i Våre falne).

Minneplate over falne

Tanken om å reisa eit minne over dei falne frå Stadlandet kom opp vinteren 1945/1946. Ein ungdom vende seg til lærar O. Myklebost og spurde om det ikkje skulle vore ordna med eit slag synleg minne. Myklebost var samd og tok kontakt med Kristiania Kunst & Metallstøperi i Oslo med tanke på å få laga ei metallplate med namna til dei falne. I mai 1946 samlast så nokre interesserte frå bygda om saka. Det var semje om å tinga ei namneplate og så setja ho på minnesteinen over bortkomne på havet som vart reist i 1938 etter initiativ frå Nordstrand Ungdomslag av N.K.U.F.

Avdukingshøgtida

Avdukingshøgdtida vart halden søndag 13. oktober 1946 etter konfirmasjonsgudstenesta. Lærar O. Myklebost heldt avdukingstalen. Han sa m.a.: "Desse menn gav alt og var soleis med med å berga landet frå tyranni og voldsmakt tilbake til fridomen. Det skal denne tavla med dei sju namn minne oss om, og dei ætter som kjem etter oss."
Sokneprest Tungesvik tala også. - "Minnesteinen", sa han, "skal skapa takksemd mot dei som gjorde si plikt med livet som innsats. Men ogso om at vi har ein innsats å gjera i livet, kvar på sin post, i truskap til alt som Gud har sett oss til å gjera."

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Fjordenes Tidende. 17.12. og 24.10.1946.
Våre falne. Oslo 1948.

PERMANENT IDENTIFIKATOR