Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 25. november 2005

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Nordraak-bautaen i Berlin



Komponisten Rikard Nordraak døydde og vart gravlagd i Berlin våren 1866. I 1906 vart det reist ein bautastein på grava hans. Diktaren Bjørnstjerne Bjørnson heldt avdukingstalen. I 1925 vart urna flytta heim til Noreg og sett ned på Vår Frelsers gravlund i hovudstaden.

Nordraak-bautaen i Berlin blei avduka 17. mai 1906. Bjørnstjerne Bjørnson heldt avdukingstalen.

Nordraak-bautaen i Berlin blei avduka 17. mai 1906. Bjørnstjerne Bjørnson heldt avdukingstalen.

Datering: 1906.

Fotograf: Ukjend.

Bautaen i 2005
Nordraak-bautaen i Berlin står på kyrkjegarden Friedhof der Jerusalemer und Neuen Kirsche IV, Bermannstrasse 45-47 (like ved Tempelhof flyplass). Ved kyrkjegardsporten finst ei liste over kjende personar som er gravlagde på kyrkjegarden og referanse til gravene. Rikard Nordraak står på denne lista. Nordraak-bautaen, i raudleg norsk granitt, ruvar på kyrkjegarden. Steinen er kring fem meter høg. På framsida står:
RIKARD NORDRAAK * 1842 - 1866 * HVILER FRA 27/9. 1925 * I OSLO
På baksida:
LANDSMÆND . I . TYSK- * LAND . REISTE . DENNE * BAUTA . 17 . MAI . 1906
Framfor bautaen er laga til eit blomefelt.

Opplysningar i Norsk biografisk leksikon
"Han [Rikard Nordraak] døde 20.03 1866 (..). Så ubemerket gled hans død og begravelse forbi at bare en eneste deltagende sjel fulgte ham til graven. Og lang tid gikk det før Griegs ord: "Rikard Nordraaks navn vil leve i vår nordiske kunst", gikk i oppfyllelse. Først i år 1900, 34 år efter hans død, blev der for alvor slått til lyd for hans kunst ved den store festkonsert som på Griegs initiativ blev gitt i Nationaltheatret i Kristiania.

17. mai 1906 avslørtes hans bautasten på graven i Berlin, ved hvilken anledning Bjørnson holdt en av sine mest beåndede taler. Fem år efter, 17. mai 1911, avslørtes Vigelands monument i Grottebakken i Kristiania, og endelig i september 1925 blev Nordraaks jordiske levninger hentet hjem fra Berlin og begravet på Vår Frelsers Gravlund i Oslo, like i nærheten av hans fetter og åndsfrende Bjørnstjerne Bjørnson."

Om avdukinga i lokalaviser
Fedrelandssangen Ja, vi elsker og Rikard Nordraak er - og har alltid vore - folkeeige. Det kjem mellom anna til uttrykk ved at lokalavisene på Vestlandet skreiv om reisinga av Nordraak-bautaen i Berlin. "Stein paa Nordraaks grav i Berlin skal avdukast med Tale av Bjørnson", melde Gula Tidend 2. mai 1906. Fjordenes Blad hadde fylgjande notis e t t e r avdukinga:

"Et mindesmerke over R. Nordraak
Den musiker som har digtet tonerne til fædrelandssangen, blev afsløret den 17de i Berlin, hvor Nordraak ligger begravet. Bjørnstjerne Bjørnson, der er en fætter af Nordraak, holdt affsløringstalen. Monumentet er reist af den norske koloni i Berlin. Tilstede ved affsløringshøitideligheden var omtr. 600 mennesker, hvoriblandt Bjørnsons familie, legationsraad Lie og presten for den norske menighed i Berlin Blessing-Dahle."

"Nordens Wagner"
Kristiania-avisa Verdens Gang hadde 19. mai eit stykke om avdukinga. Korrespondenten fortel at høgtida vart opna med ein syrgjemarsj av Edvard Grieg. Den Norske Studentersangforening framførde sangen "Ånders Herre, du skal råde" før Bjørnstjerne Bjørnson heldt talen sin. Han skildra mennesket Nordraak og geniet. Bjørnson karakteriserte Nordraak som Nordens Wagner. Talaren heldt fram at Nordraak hadde utvikla seg til å verta ein "Nationalsangens Tonedigter" og ved dette hadde ein "Andel" i unionsoppløysinga året før.

Kulturkontakt med Berlin
Fleire notiser i VG i mai 1906 vitnar om norsk kultur i Berlin. Handelstandens Sangforening Christiania hadde songarferd til Tyskland i byrjinga av mai 1906. Koret hadde to konsertar i Berlin. Den 1. mai spelte Kleines Theater Gunnar Heiberg sitt skodespel "Kjærlighedens Tragedie". I samband med avdukinga vart Bjørnstjerne Bjørnson sitt skodespel "Over Ævne" sett opp på Schillerteatret. Elles går det fram av VG sin omtale av avdukingshøgtida, at to av dei kjende Balestrand-målarane på denne tida var tilstades. På ein fest om kvelden "præsiderede" Normann ved bordet, og Hans Dahl "udbragte" skål for kong Haakon. (Den same Hans Dahl tok imot kong Haakon i Balestrand nokså nøyaktig to månader seinare då kongen besøkte Balestrand under kystreisa etter kroninga i Trondheim.)

Eit norsk kor ved grava
Handelstandens Sangforening besøkte grava til Nordraak den 3. mai 1906. Dei heldt då på med å gjera klar bautasteinen. Koret var blitt invitert til å vera med under avdukinga 17. mai, men det hadde ikkje lete seg gjera. Sangforeningen kunne såleis einast bidra med ein pengesum til bautaen, og nå - 3. mai 1906 - å la tonane til fedrelandssongen for fyrste gong lyda frå eit norsk kor ved grava til han som hadde skapt dei. Carl S. Dysthe fortel om hendinga i ei jubileumsbok:

"Dette blev en gribende og uforglemmelig Stund. Vi sluttede Kreds om Graven, idet Formanden lagde en Laurbærkrans med Baand i Norges Farver paa den og mindede om, at der ligesom laa en Kaldelse i dette, at norske sangere kunde samles ved Nordraaks sidste Hvilested. Det er en Skjæbnens Tilskikkelse dette, at det frie Norges Sønner netop iaar skulde faa anledning til at hædre den store Mester, hvis livs Bane blev saa kort [24 år].

Naar vi nu lægger disse Laurbær ved Foden af Nordraaks Bauta, skal det - ytrede Formanden - være et Tegn paa norske Sangeres og med dem det hele Folks Taknemlighed, og saa vil vi lade Fædrelandssangens herlige Toner lyde over Nordraaks Grav og fremmane Erindringen om Norges store Søn.

Derefter blev tre Vers af "Ja, vi elsker" afsunget under dyb bevægelse, hvorpaa Pastor Blessing-Dahle takkede, fordi Sangerne var komne, og bad os tage med den Hilsen til gamle Norge, at Nordraaks Grav ikke længer er glemt, men vil blive vernet om af Landsmænd derude.

kjelder:

Gula Tidend. 02.05.1906.
Fjordenes Blad. 22.05.1906.
Berlin Illustrirte Zeitung. 27.05.1906.
Norsk biografisk leksikon. 1949.
Lysdahl, Anne Jorunn Kydland: Sangen har lysning. Studentersang i Norge på 1800-tallet. Solum 1995.
Dysthe, Carl S.: Handelstandens Sangforening Christiania. Historisk beretning 1897-1907. Christiania 1907.
Informasjon frå:
Den tyske ambassaden i Oslo.
Landesarchiv Berlin.

PERMANENT IDENTIFIKATOR