Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 02. oktober 2007

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Island - Snorre-monumentet på Reykholt



"Han er framstilt som en solid skjegget bonde i vadmelskofte og rund hatt og med Heimskringla under venstre arm." Dette var landbruksmannen Olav Klokk sine ord om skulpturen av Snorre Sturlason på Reykholt i eit reisebrev frå Island sommaren 1947. Monumentet vart avduka 20. juli same året.

Snorre-monumentet på Reykholt framfor skulebygning oppført kort tid før avdukinga.

Snorre-monumentet på Reykholt framfor skulebygning oppført kort tid før avdukinga.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2007.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Snorremonumentet

Staden Reykholt ligg aust på Borgarfjordsletta, ved munningen av Reykholtsdalen, den nordlegaste av fem dalar som går austover frå slettelandet. Like etter krigen vart det reist ein stor moderne bygning til høgskulen på Reykholt. Snorre-monumentet står på ein open plass framfor denne bygningen. Det er ein heilfigur i støypt bronse plassert på ein om lag 3 m høg prismeforma sokkel. På framsida av sokkelen er innhogge: SNORRI * STURLUSON, på sidene, årstala 1178 og 1241 (fødselsår og dødsår), og på baksida NORDMENN REISTU (reist av nordmenn.

Snorrenemnda

Det tok mange år frå tanken om eit Snorreminne kom opp til monumentet vart reist. Alt i 1916 tok "vestlandske målmenn" til orde for reisa Snorre Sturlason eit minne og i 1919 vart det skipa ei nemnd, Snorre-nemndi, til å ta seg av arbeidet. Føremålet var å reisa eit Snorreminne på Island. Av dei 26 medlemmene i nemnda var det ei kvinne, "Fru Elisabeth Wexelsen Jahn, Trondheim". Professor Torleiv Hannaas ved Universitetet i Bergen var formann, banksekretær A. Skásheim var skrivar.

Anders Hovden

Presten og salmediktaren Anders Hovden ser ut til å ha vore ein av dei "vestlandske målmenn" som ivra eit Snorreminne I ein artikkel i Sogns Tidende sommaren 1919 viser han til fleire tidlegare bladstykke. Hovden ville ha meir enn ein vanleg bautastein, det må vera ein "figur", skreiv han. Året etter var han på nytt frampå i ei anna avis med meiningar om minnesmerket, - Noreg må reisa æresminnet åleine, det må lagast av ein norsk kunstnar, og det bør stå i Reykjavik. Reykholt ligg for langt unna, meinte Anders Hovden, "reint avsides, so aa segja i ville utmarki."

Nemnda i arbeid

I 1919 uttrykte Anders Hovden vonbrot over reaksjonane på utspela sine. Han hadde berre fått eitt einaste positivt svar, "ei einaste røyst" frå ein ung bonde på Vestlandet. Bonden etterlyste tiltak frå "arbeidsnemndi": - "Den dagen eg ser, at arbeidsnemndi er i verksemd, skal ein ukjend og vanleg norsk bondeungdom leggja fram den fyrste hundradkrunaren til dette arbeidet", skreiv vestlands-bonden.

Dagen kom sommaren 1920 då "Snorre-nemndi" sende ut opprop om å yta tilskot til eit "Snorre-monument". Sogns Tidende hadde oppropet på førstesida si 19. juni. Nær 70 "velvyrde og landskjende menn" hadde sett namnet sitt under til støtte for tiltaket. Mellom dei var det tre frå Sogn og Fjordane, - godseigar G.F. Heiberg, fylkesagronom og stortingsmann Elias Faleide, og lærar og bygdehistorikar Jacob Aaland. Sogns Tidende slutta seg óg til med dei beste ynskje for tiltaket.

Oppropet viser at nemnda hadde teke stilling til ei rekkje viktige punkt: kven som skulle reisa minnesmerket, kven som skulle laga det og kvar det skulle stå. Det står mellom anna: "Snorre Sturlason var ikkje nordmann, men islending. Difor høver det best at me reiser monumentet hans på Island. Der skal det standa gjennom tidene til vyrdsam takk for alt det Snorre og islendingane have gjort for norsk sogeskriving. Og det skal vera ei frendehelsing frå Noreg til det frie, sjølvstendige Island." (..) fær me råd til det, so vil me reisa ei avstøyping av kunstverket her i vårt eige land. (..) Og det skal vera eit monument gjort av ein norsk kunstnar etter offentleg tevling.".

Gustav Vigeland

Pengegåvene tok til å koma. Kasseraren, Olav Hjermann, kvitterte i avisene 13. januar 1922 for 16 tilskot frå heile landet, mellom dei 160 kroner frå Balestrand ungdomslag. Men det ser ikkje ut til at nemnda lyste ut konkurranse for i 1928 fekk bilethoggaren Gustav Vigeland spørsmål om å laga monumentet. Han takka nei til oppdraget av di han ikkje hadde tid. Ti år seinare fekk han spørsmålet på ny, denne gongen frå Island. Formannen i ei Snorrenemnd på Island, statsråd Jonas Jonsson, skriev fylgjande: "Paa Islands vegne vil jeg faa lov til at sige Dem at vi Islændere ville ønske at De og ingen annen utførte den store oppgave." I eit utkast til svarbrev, datert 11. april, skreiv Vigeland: "Det gjorde utslaget. Samme dag jeg fikk det [brevet] utførte jeg en skisse som Snorrenevnden 1. april enstemmig godkjente. (..) Det ville glede mig meget om de og deres landsmenn ikke bliver skuffet."

Skissa i gips frå mars 1938 er 40 cm høg og viser ein figur kledd i middelalderdrakt, ståande frontalt med bok under eine armen. I september 1938 byrja han arbeidet med skulpturen og var nesten ferdig etter to månader då styret Snorrenemnda, saman med kronprins Olav, møtte i atelieret for å sjå kunstverket. Vigeland var ikkje tilstades. Dei var godt nøgde og formannen vart beden om å overrekkja kunstnaren "ærbødige og dypfølte takk for det geniale kunstverk De har skjenket os."

- Store ord, skriv Tone Wikborg, i boka si om Gustav Vigeland (2001), om ei statue som trass i "myndighet og styrke" ikkje kan seiast å høyra til Vigelands mest "inspirerte". Kunstnaren hadde óg tydd til ei bok som karakteriserande element, eit grep Vigeland tidlegare hadde hatt lite til overs for. Wikborg nemner óg at det kom innvendingar mot at "kjortelen" var for kort, at Snorre ikkje hadde kappe og ikkje var utstyrt med sverd.

Krigen skipla plan

Det var meininga å reisa Snorre-monumentet til 700 årsmarkeringa i 1941 (året Snorre døydde), og seinare setja opp ein kopi i Bergen. Krigen 1939-1945 hindra dette. Det einaste islendingane fekk sjå i 1941 var bilete av statuen på tre islandske frimerke. Etter krigen tok nemnda sikte på å avduka monumentet olsok 1946. Det lukkast heller ikkje, derimot var alt klart til avduking 20. juli 1947, nær 30 år etter nemnda kom i arbeid.

"strålande høgtid"

Over hundre nordmenn reiste til Island for å vera med på avdukinga. Kronprins Olav og representantar for riksstyret reiste frå Oslo om bord på jagarane "Oslo", "Trondheim" og "Stavanger". Dei andre reiste med DS "Lyra" frå Bergen. Mange var møtte fram ved avgangen, fortel Anders Skásheim."Då ferdi fór frå Bergen møtte Ervingen [ungdomslag] og Bondeungdomslaget fram på kaien med fanone sine. Formannen i Ervingen, Arne Ryssdal, heldt tale. Han bad Snorreferdi taka med helsing frå norsk ungdom."

I Reykjavik var det stor mottaking då fartøya samstundes kom inn på hamna. Fleire heldt tale. Statsråd Johan Mellbye, formannen i Snorrenemnda, takka for mottakinga og sa at det ikkje var for tidleg at nordmennene reiste Snorre Sturlason eit minne.

Dagen etter var det "svart av folk" på Reykholt, skreiv Fjordabladet i stykket sitt tittelen "Avdukinga av Snorre-monumentet ei strålande høgtid." Kronprins Olav vart helsa med stor jubel. Det var talar av den islandske presidenten, formannen i den islandske Snorrenemnda og statsråd Jonas Jønsson. Professor Håkon Shetelig tala på vegner av den norske Snorrenemnda. Kronprins Olav hadde det ærefulle oppdraget å avduka monumentet. Kronprinsen sa mellom anna: - Det er med stor glede det norske folket kjem med Snorre-bautaen til Island. Snorre har hatt overlag stort verd for det norske folket. Det er rett av vi minnest han og gjev ein bauta til hans minne.

Snorre Sturlason - ætta frå Sogn og Fjordane

Snorre Sturlason (1179-1241) var islandsk historieskrivar og diktar. Hovudverka hans er Edda (lærebok i skaldskap) og Heimskringla (soge om dei norske kongane frå Harald Hårfagre (konge om lag 860 - om lag 940) til og med Magnus Erlingsson (konge 1161-1184). I fylgje Eigilssoga ætta Snorre Sturlason på morssida frå Egil Skallagrimsson på Borg. Egil var son til Grim Kveldulvsson, landnámsmann, som var son til Kveldulv frå "Fjordane."

kjelder:

Opsund, Enok: Island i sogetida. Stavanger 1953.
Wikborg, Tone: Gustav Vigeland. En biografi. 2001.
Sogns Tidende.30.08.1919, 19.06.1920
Fjordabladet.20.08.1920, 18.02.1922, 05.08.1947.
Fjordingen.03.05.1946, 25.07.1947.
Skásheim, Anders: Norrøn samvinna. Island. Manus til artikkel/foredrag, om lag 1950.
Opplysningar frå Vigelandsmuseet.

PERMANENT IDENTIFIKATOR