Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 13. januar 2001

Sist oppdatert 01. juli 2021

Kategori

Kommune

Rå-data

Minnestein over falne frå Høyanger



Rett nedom det gamle posthuset i Høyanger står ein minnestein over fem som sette livet til i krigsåra 1940-1945. To sat i tysk fangenskap, tre var sjøfolk i utanriksfart. Minnesteinen vart avduka 7. juni 1947.

Minnesmerket over falne frå Høyanger står nedom det gamle postkontoret i Høyanger. Her er det militær markering på fridomsdagen 8. mai 2006. Tysklandsbrigaden, reserveoffiserane og heimevernet var med.

Minnesmerket over falne frå Høyanger står nedom det gamle postkontoret i Høyanger. Her er det militær markering på fridomsdagen 8. mai 2006. Tysklandsbrigaden, reserveoffiserane og heimevernet var med.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 08.05.2006.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Minnesteinen

Minnesmerket er ein 170 cm høg tilhoggen granittstein festa i eit 25 cm høgt steinfundament. Øvst er innfelt eit relieff i bronse laga av lektor Birger Tusvik, Høyanger. Det symboliserer dei falne og deira etterletne. I tekstfeltet nedanfor står fem namn under overskrifta FALL * I FRIDOMSKAMPEN * 1940 - 1945.

Bilete av minnesmerket.

Bilete av relieffet til minnesmerket.

Avdukinga

Minnesteinen vart avduka 7. juni 1947 med over 1000 menneske tilstades. Fagforeningens Hornmusikk og Dame- og Mannskoret opna høgtidsstunda med stykka Våren av Grieg og Varde av Johannes Haarklou. Trygve Sæbø, heimevernsjef i Høyanger, heldt avdukingstalen og avduka minnesmerket. Etterpå var det helsingar og kranspålegging frå dei pårørande og folket i Høyanger.

Formannen i innsamlingsnemnda, Nils Vangsnes, overleverte så minnesteinen til Kyrkjebø kommune v/varaordføraren som takka og lova at kommunen alltid ville halda minnesmerket i ære. Til slutt song forsamlinga Ja, vi elsker.

Biografiane i bokverket Våre Falne

HAALAND, SVANHILD, kontordame, Kyrkjebø. Fødd 22. august 1924 i Lavik, dotter til Per S. Haaland, f. 1885 i Lavik, og Sigrid f. Nokken, f. 1883 i Vik i Sogn. Handelsskule, stenografikurs. Gjekk handelsskule då krigen braut ut, og var seinare kontordame ei tid i forsyningsnemnda i Kyrkjebø. Vart arrestert 8. mai 1944 då Gestapo fann ei dagbok i heimen hennar under ein rassia. Sat på Grini frå 15. juli til 10. august, då ho vart send til Tyskland. Var sjuk då ho vart fridd ut av russarane, og døydde i april 1945, truleg i Pommeren.

Merknad: Erik Dahlin har funne ut at Svanhild Håland saman med andre fangar truleg vart sparka i hel av russiske fangevaktarar som hadde gått over på tysk side. Det skjedde i kyrkja i Luzino (Polen) i februar 1945. Sjå KAL/SFF-570.1400 Fellesgrav i Luzino i Polen - Gerd Svanhild Håland si grav?

HANSEN, KARL HJALMAR, blikkenslager, Kyrkjebø. Født 29. juli 1899 i Lavik, s. av Erik Hansen, f. 1873 i Meråker, og Marie f. Iversen, f. 1876, s. st. Gift 1920 i Aurland med Marta Gudvangen, f. 1898. 2 barn. Ble arrestert av tyskerne mens han lyttet på London, 7. januar 1942, og kom i Bergens kretsfengsel og deretter til Grini 13. mars 1942. Ble 27. februar 1943 sendt til Sachsenhausen hvor han døde 13. april 1943.

JORANGER, ANFRED, lettmatros, Kyrkjebø. Født 16. februar 1921 i Vik i Sogn, s. av Ola Joranger, f. 1896, og Synneva f. Nesse, f. 1897 i Vik. Skoleskipskurs. Seilte under krigen som lettmatros på d/s Borgund. Skipet gikk fra Reykjavik 25. mars 1941 med kurs for Skottland, men senere har en ikke hørt noe fra det.

SIVERTSEN, MAGNUS, lemper, Kyrkjebø. Født 6. desember 1920 i Sande i Vestfold, s. av Erling Ragnvald Sivertsen, f. 1896 i Tromsø, og Torstina f. Viland, f. 1897 i Sogndal i Sogn. Seilte i alliert fart, og omkom 11. desember 1941 da S/S Montana ble torpedert ved Island.

AANNEVIK, MALVIN, motormann, Kyrkjebø. Født 31. mars 1903 i Bremanger, s. av Severin Aannevik, f. 1866 s. st., og Anne f. Dyrstad, f. 1870 s. st. Gift 1. 1926 i Bremanger med Alida Røys, død. Gift 2. 1938 i Høyanger med Anna Kirkevold. 2 barn. Fylkesskole, kystskipperskole. Var på svensk m/s Yngaren, og omkom 12. januar 1942 da skipet ble torpedert i Nord-Atlanterhavet på reise fra Halifax til England.

Bilete av eit minnesfrimerke som viser allierte skip i konvoi.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Avisa Sogningen. 10.06.1047.
Våre falne. 1948.
Opplysningar frå:
Sverre Erdal, Høyanger.

PERMANENT IDENTIFIKATOR