Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 03. desember 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Årstal i stein i Tundalen



Somme minnesteinar kan "stå" langt utanom allfarveg, og dei kan vera så anoyme, at ein må vita særskilt om dei. Som oftast er slike minnesmerke knytta til ei hending på staden. Ein minnestein av dette slaget finn me i Tundalen i Fresvik.

Årstalet 1914 i ein stein like ved ulukkestaden. Etter opplysning frå Erling Bøthun, f. 1924, Fresvik, var det Sigurd J. Bøthun (1892-1977) som rissa inn årstalet.

Årstalet 1914 i ein stein like ved ulukkestaden. Etter opplysning frå Erling Bøthun, f. 1924, Fresvik, var det Sigurd J. Bøthun (1892-1977) som rissa inn årstalet.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2000.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Vegen fram

Frå Fresvik sentrum er det bilveg sørover dalen til sommarstølen Engi. Her går det ein godt synleg sti opp Tundalen, forbi fjellstølen Tundalstølen fram mot botnen av dalen. Herifrå ber det bratt opp mot fjelldraget austanom Fresvikbreen og vidare sørover til Fresvikjordalstølane. Steinen ligg halvannantimes gange frå Engi, på ein stad som heiter Klepp, eller Klepphola, der stien kryssar elva på ei sommarklopp. Me finn han på høgre sida av stien, omlag 100 meter frå kloppa.

Minnesteinen i Tundalen

Den litt mørkvorne steinen er på storleik med ein personbil, godt og vel ein meter høg, og med ei nokså flat side mot vegen. Ser ein godt etter, legg ein merke til fire tal, ikkje kunstferdig forma, ikkje djupt innrita, men tydelege nok: 1914. Årstalet er rissa til minne om ei tragisk ulukke jonsoktider 1914. To menneske og ein hest blei tekne av eit snøras.

Kva bladet Sogns Tidende skreiv om ulukka

Sogns Tidende skreiv om ulukka nokre dagar etterpå, den 26. juni. Her tek me med nyhendemeldinga i ordrett attgjeving, oppdelt i bolkar med mellomtitlar.

"Syrgjeleg ulukka i Fresvik"

Ei syrgjeleg ulukka hev atter skaka den vesle Fresvik-bygdi upp. Det er ikkje ein mannsalder sidan at jordskrida paa Hov tok livet av 9 menneske ei myrk haustnatt.
No er det sol og sumar og fagre ljose næter, og likevel hev snøskrida teke livet av tvo menneskje. Ein underleg lagnad.

Trugande skavl

Hermund Hatlelid og sonen, Botolv, skulde utyver mot fjellstølen, Jordalen, med sæl-timber-lass. Dei nytta - so vidt eg veit - næterne til dette arbeidet, daa soli og dagen var for varm, og tvikjøyrde fram Tundalen til fremste dalbotnen, der dei truleg avlesste. Dei kjøyrde i tvo kveldar. Og ingenting hende. Denne skavlen hadde nok folk lagt merke til saag ut til vera noko sviksam av seg; men so vonar ein det beste - og arbeider vidare.

Berre få meter frå berr mark

Men tredje kvelden hender det utenkte - og dei kom ikkje heim um morgonen. So ottast kona gale, fekk folk avgarde aa leita, og fann dei baae gjøymde i snøen berre nokre faae meter fraa berr mark. - Hesten var endaa livande.
No tysdag vart dei gravlagde, visstnok under stor deltaking.

Påminning

Kunde so denne hendingi verka til at mine kjære sambygdingar mannjamt kom til ettertanke um si sjælefrelsa, vilde denne ulukka likevel verta til signing; for dette hende syner serleg klaart, at det altid gjeld um aa vera reidug til aa møta Herren!

Hardt råka familie

Den eldste sonen til den avlidne, Olav, kom nettupp heim til gravleggjingi fraa Stord lærarskule, der han er elev, - ein sers gild gut. Elles er der visst endaa mange smaa i denne heimen.
Maatte Gud trøysta dei alle, og sjølv vera i far sin stad.
Hermund Hatlelid var 48 aar gamal og guten 13. Det er vel no kring 20-25 aar sidan at mor til Hermund gjekk seg utyver fjellet og miste livet ei sumarnatt i denne same ulukkesdalen, ho vilde avstad og sjaa etter gjeiterne.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sogns Tidende, 26.06.1914.
Bøthun, Per H.: Leikanger bygdebok., band II, s.143. 1965.
Informasjon i brev datert 14.11.2000 frå:
Erling J. Bøthun, f. 1924, Vik kommune.
Mista mann og son i snøras. I Pridlao, Nr 2. 1996.
Kulturhistorisk Atlas og Leksikon for Sogn og Fjordane: KAL/SF-1417.057 Skavlen over Klepp.

PERMANENT IDENTIFIKATOR