Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 06. desember 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Fiskarmonumentet i Bremanger



I 1962 kasta Amanda Igland i Bremanger Fiskarkvinnelag fram tanken om å setja opp ei minneplate over omkomne på havet ved kyrkja på Hauge. Tanken fengde. To år seinare vart det avduka eit monument ved Bremanger kyrkje.

Styret i fiskarkvinnelaget, som fekk reist det storfelte minnesmerket over fiskarar frå Bremanger som omkom på havet i perioden 1864-1964. Frå venstre: Petra Senneset, Aslaug Svarstad, Jofrid Grotle, Amanda Igland, Anna A. Igland og Aslaug Hammerset.

Styret i fiskarkvinnelaget, som fekk reist det storfelte minnesmerket over fiskarar frå Bremanger som omkom på havet i perioden 1864-1964. Frå venstre: Petra Senneset, Aslaug Svarstad, Jofrid Grotle, Amanda Igland, Anna A. Igland og Aslaug Hammerset.

Eigar: Avisa Firdaposten.

Datering: 1964.

Fotograf: Ukjend.

Førebuande arbeid

Det var på årsmøtet i Bremanger Fiskarkvinnelag i 1962 at formannen, Amanda Igland, kasta fram tanken om å setja opp ei minneplate over omkomne på havet. Styret fekk fullmakt til å arbeida vidare med saka. Dei gjekk straks gjekk i gang med å gjera minnesmerke-arbeidet kjent og med å samla inn pengar. Det kom inn midlar på tilstellingar, ved gåver frå einskildpersonar og fiskebåtar, og ved eit tilskot frå Bremanger kommune.
Laget utvida nokså snart arbeidsmålet sitt frå minneplate til monument, og oppdraget med å laga det, gjekk til bilethoggaren Ståle Kyllingstad. I august 1964 kom monumentet på lastebåt til Smørhamn. Avdukingshøgtida var fastsett til same dato som 50-årshøgtida for kyrkja.

Avdukinga

Søndag 6. september 1964 var Fiskarmonumentet kome på plass. Til avdukingshøgtida var samla ein stor folkemug rundt det flaggsveipte minnesmerket. Sokneprest H. V. Gjeitanger (prest i Bremanger i åra 1927-1935) heldt avdukingstalen, kunstnaren Ståle Kyllingstad greidde ut om kunstverket sitt, og Amanda Igland la ned blomar til ære for dei som kom bort på sjøen. Til slutt overrekte Amanda Igland, på vegne av Bremanger Fiskarkvinnelag, monumentet til Bremanger kyrkje.

Ord i avdukingstalen

I avdukingstalen sin takka sokneprest H. V. Gjeitanger fiskarkvinnelaget for arbeidet med å reisa eit minnesmerke "over dei mange fiskarane frå bygdene i Bremanger som bleiv (drukna) der ute og berre fekk tare og tang til liksveip og storm og båresus til gravferdssalme."
Han fortalde at han ein gong hadde sett etter i dei gamle kyrkjebøkene for Kinn og mellom anna funne innført 11 døde på datoen 19. mai 1858, alle menn i alderen 19-54 år. I merknadsrubrikken står: "Samtlige disse 11 Personer omkom paa Havet, hvor de vare reiste ud at fiske Natten til den 19de Mai, idet der plutselig reiste seg en orkanaktig Storm af Nordvest. Ingen av Ligene ere senere gjenfundne."
Gjeitanger fortalde også om dei mange gongene han sjølv hadde måtta fara avgarde til folk med syrgjebod; tunge ærend han aldri ville gløyma. Mest alltid fekk han høyra dei såre orda: "Hadde eg endå havt ei grav å gå til". "Nå kan dette minnesmerket bli ein minnestad og ein blomeplass for alle dei som ingen blomar fekk," sa Gjeitanger i talen sin.

Bok over dei omkomne

Saman med monumentet fekk kyrkja også eit lite treskåp med ei teikning av monumentet innskore på døra. Inne i skåpet blei det lagt ei bok der alle som kom bort på sjøen i åra 1864-1964 står oppførte med "evigvarande" blekk. Tilsvarande bøker fekk også kyrkjene på Frøya og i Midtgulen. Meininga var at bøkene skulle ajourførast kvart år når nokon kom bort på havet.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Kyrkjeblad for Bremanger. November, 1964.
Informasjon frå:
Karin Lexau Grotle, leiar i Bremanger Fiskarkvinnelag 1999.

PERMANENT IDENTIFIKATOR