Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 25. november 2005

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Minnestein om folkeoppreist i Berlin



Den 23. juli 1954 hadde avisa Fjordingen i Stryn bilete og omtale av ein minnestein i Vest-Tyskland. Folk i Vest-Berlin hadde reist steinen 17. juni 1954 - på eitt-årsdagen for ein stor oppreist i Aust-Tyskland 17. juni 1953. Steinen vart reist til til minne om sovjetiske offiserar og soldatar som var blitt skotne fordi dei nekta å skyta på fridomskjemparar.

Minnestein om 17. juni oppreisten i Aust-Tyskland 1953. Folk samla ved minnesteinen på eittårs-dagen 17. juni 1954.

Minnestein om 17. juni oppreisten i Aust-Tyskland 1953. Folk samla ved minnesteinen på eittårs-dagen 17. juni 1954.

Eigar: Landsarchiv Berlin/Gert Schütz.

Datering: 17.06.1954

Fotograf: Ukjend

Steinen og innskrifta
Biletet i Fjordingen viser ein naturstein forma som ein avkorta trekant. Steinen er kring ein meter brei nede. Innskrifta fyller heile framsida:
Den * Russishen * offizieren und * soldaten / * die sterben * mussten / weil sie sich * weigerten auf de * freiheitskämpfer des 17. juni [1953] * zu shiessen

Omsett til norsk:
"Til minne om dei russiske offiserar og soldatar som måtte døy fordi dei nekta å skyte på fridomskjemparar frå den 17. juni [1953]"

Minnesteinen 2005
17. juni-minnesteinen frå 1953 står nemnt i boka Das gedächtnis der stadt Gedenktafeln in Berlin (Minnesmerke i Berlin) som kom ut i 1997. Minnesteinen har adressa Potsdamer Chaussee.
Eit bilete frå 1980 viser meir rettforma bokstavar enn bokstavane på biletet i Fjordingen. Årstalet 1953 er med på dette biletet, men viser ikkje på biletet i Fjordingen.

Oppreisten i Aust-Tyskland 1953
Etter den tyske kapitulasjonen 7. mai 1945 blei Tyskland delt i fire soner. Landområda i vest vart delt mellom USA, Frankrike og England, medan landet i aust vart lagt under sovjetisk kontroll. Berlin vart også delt i fire sektorar samstundes som byen låg inne i den sovjet-kontrollerte delen av landet.

Den 7. oktober 1949 vart Deutsche Demokratische Republik (DDR) oppretta som kommunistisk eittpartistat. Misnøye med styret og styreforma starta som eit arbeidaropprør som voks til eit folkeopprør i juni 1953. Den 17. juni marsjerte folk i Aust-Berlin mot regjeringsbygget. Sovjetiske styrkar blei sette inn mot demonstrantane og etter nokre få dagar var opprøret slått ned.

Høyanger Folkeblad melde om oppreisten 18. juni. "Arbeidarane i Aust-Berlin reiser seg mot kommuniststyret. Veldige demonstrasjonar førde til at russarane (..) sette i verk unntakstilstand. Stridsvogner og maskingeværeld mot folkemengda", var ei av overskriftene. "Demonstrantane skreik: Vi vil ikkje vera slavar lenger! Ned med riksstyret!" var ei anna overskrift.

"Nazistiske orgier", siterte Høyanger Folkeblad frå den norske kommunistavisa Friheten. Friheten kunne opplysa at det ikkje var vanlege arbeidarar som hadde laga oppreist, men "nazi-ungdom." Høyanger Folkeblad viste til at ein stor del av Aust Tyskland sitt produksjonsliv hadde vorte ramma av streiken, og undrast om det var slik at heile den aust-tyske arbeidarklassen var samansett av nazi-ungdom.

Hendinga
Fylkesarkivet har prøvd å få stadfesta episoden avisa Fjordingen melde om sommaren 1954 - at russiske soldatar og offiserar året før hadde måtte lata livet fordi dei nekta å skyta mot demonstrantar (fridomskjemparar). Me tok opp spørsmålet ved eit par høve under ein studietur til Berlin hausten 2005. Ein me spurde hevda at alt var propaganda og oppspinn. Det hadde ikkje førekome nokon slik episode. Dr. Klaus Dettmer ved Landesarchiv Berlin var meir nyansert. Han trur det er noko sanning i bodskapen på steinen, men held fram at det er vanskeleg å skilja sanning frå propaganda. - Kanskje hendingar som dette kan undersøkjast mot russiske arkiv, spør han.

 

kjelder:

Fjordingen 23.07.1954.
Høyanger Folkeblad. 18.06. og 20.06.1953.
Informasjon frå:
Dr. Klaus Dettmer, Landesarchiv, Berlin.

PERMANENT IDENTIFIKATOR