Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

Kommune

Monument over falne nordfjordingar i verdskrigen 1939-1945



På den gamle militærøvingsplassen på Nordfjordeid står monumentet "Mor Noreg". Det er laga av kunstnaren Dyre Vaa og reist til minne om dei nordfjordingane som fall i verdskrigen 1939-1945. Minnesmerket vart avduka 30. juli 1950.

Monumentet Mor Noreg, laga av kunstnaren Dyre Vaa i 1947, står på den gamle eksersisplassen på Nordfjordeid. Det er kring 5,5 meter høgt. Steinsokkelen vart laga av A/S Hardanger Steinhoggeri. Det står to innskrifter på to sider i den nedste delen av sokkelen.

Monumentet Mor Noreg, laga av kunstnaren Dyre Vaa i 1947, står på den gamle eksersisplassen på Nordfjordeid. Det er kring 5,5 meter høgt. Steinsokkelen vart laga av A/S Hardanger Steinhoggeri. Det står to innskrifter på to sider i den nedste delen av sokkelen.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2000.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Monumentet

Minnesmerket over nordfjordingar som fall i krigen 1940-1945 står på Plassen på Nordfjordeid. Det er ein kring 2,5 meter høg kvinnefigur i marmor på ein litt høgare granittsokkel. Bilethoggaren laga modellen etter mor si som døydde like før. I ein biografi som kom ut i 1997, skriv forfattaren: "Verdig og roleg står ho med ein blomekrans til sine falne søner i dei gamle hendene, einsam og rak. Uttrykket er sterkt, symbolikken enkel og forma heilskapleg og monumental."

Vår skyldnad å minnast

Arbeidsnemnda for minnesmerket sende våren 1946 ut eit opprop til folket i Nordfjord om å stø opp om arbeidet ved laga innsamlingar og ved å gje pengar. Oppropet seier også noko om kva dei tenkte og meinte dei som stod i brodden for å reisa minnesmerke over falne:
"Dei gav det største offer og det er vår skyldnad å halda minne om deim høgt." [....] (Det skal vera) "eit vitnemål om kva åndsfridom og vår nasjonale fridom har kosta. Samstundes skal det vera ei maning til oss alle - no og i framtida - om å yta det største om det krevst."

Dyre Vaa laga monumentet

Minnesmerkenemnda vende seg til kunstnaren Dyre Vaa i Rauland. Han leverte eit utkast, ein gipsmodell, sommaren 1947. Nemnda var samd om å reisa eit kunstnarleg utført minnesmerke, og tykte vel om ideen i utkastet, - ei gamal mor, Mor Noreg, som kjem med blomar på grava til sønene sine. Etter tilråding frå kunstnaren valde dei det største av to alternativ. Kunstnaren leverte og teikningar til grunnarbeidet og sokkelen.

På utstilling i Danmark

Monumentet var ferdig hausten 1948, men det kom ikkje til Nordfjord før året etter. I mellomtida var det på utstilling i København. I oktober 1948 søkte Dyre Vaa nemnda om å få senda monumentet til Amerika og ha det på utstilling i Philadelphia i tida 15.05-11.09.1949. Nemnda gjekk med på det, men kravde garanti for eventuell skade og for at det måtte vera framme på Nordfjordeid til påtenkt avduking 17. mai 1950. Det vart ikkje noko av Amerikaturen for Mor Noreg, men i staden ein kortare tur til Danmark.

Avdukinga

Nemnda opererte undervegs med fleire avdukingsdatoar. Den endelege vart 30. juli 1950, ein søndag. Referatet frå årsmøtet i Firda Ungdomslag for 1950 oppsummerer hendinga slik:
"[...] Einar Skarstein [....] var stemneleiar. Lagtingspresident Jakob Lote tala og fylkesmann Skei avduka minnesmerket. General Roscher-Nilsen var møtt fram og tala, og det vart lagt ned mange kransar. Firda UL la òg ned krans. Heimevernsoldatar paraderte under høgtida og eit musikklag og fleire mannskor underheldt. Etterpå var det festmiddag i [ungdomshuset] Valhall."

Heile Nordfjord sitt monument

Monumentet Mor Noreg på Nordfjordeid kan trygt seiast å vera heile Nordfjord sitt minnesmerke over nordfjordingane som fall i verdskrigen 1940-1945. Fleire krinsorganisasjonar var med, mange lokallag og tallause einskildpersonar i bygder og grender i heile fjorden. I minst to år vart det halde innsamling 17. mai.
Det felles Nordfjord-minnesmerket - i tillegg til lokale minnesmerke - skil seg ut i høve til Sunnfjord og Sogn. Der finst berre einskild-minnesmerke kringom i bygdelaga.

kjelder:

Vinje, Arne: Dyre Vaa. Ein kunstnarbiografi.1997.
Fylkesarkivet:
Privatarkiv SFF-96049 Firda Ungdomslag.