Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 11. oktober 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Minnestein over gravlagde i Vangen kyrkje i Aurland



I den katolske tida og lenge etter reformasjonen 1536, hende det at døde vart gravlagde under kyrkjegolvet. Vangen kyrkje i Aurland vart bygd på 1200-talet. Ved ein omfattande kyrkje-restaurering i 1926 vart gravlagde under kyrkjegolvet her tekne opp og flytta til ei fellesgrav på kyrkjegarden. Ein høg minnestein markerer grava.

Den vel to meter høge minnesteinen på fellesgrava over dei som tidlegare låg gravlagde under golvet i Vangen kyrkje.

Den vel to meter høge minnesteinen på fellesgrava over dei som tidlegare låg gravlagde under golvet i Vangen kyrkje.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2003.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Minnestein på fellesgrava

Fellesgrava ligg på nordvestsida av kyrkja. Minnesteinen er nær tre meter høg. Innskrifta går vertikalt på to liner, i boge over toppen, og mellom er hogge inn krossmerket og årstalet 1926. Dette er innskrifta:

DEI GAMLE SOM SØV UNDER KYRKJEGOLV TIL MINNE * DEN STERKE OG LJOSE KRIST TIL ÆRA

Gravrom både i skipet og koret

Under restaureringa kom det for dagen to gravrom under kyrkjegolvet, eitt i skipet og eitt i koret. Begge stader var ei mengd kister, både store og små. Dei vart førte ut på kyrkjegarden og sette ned i fellesgrava.

Godseigar Heiberg til stades

Ei nyhendemelding i avisa Sogningen omtalar opninga av gravrommet under koret som vart opna i august 1926. Kyrkjedepartementet hadde bede godseigar og museumsmannen Gerhard Heiberg frå Kaupanger om å vera til stades. Rommet synte seg å innehalda 28 kister, og av desse var sju frå mellomalderen. Kistene var i så dårleg forfatning at det var uråd å ta dei opp heile. Fleire var rikt forsynt med jern- og messingplater og vakre dekorasjonar. I ei av kistene vart lagt merke til ein vakker knipling, men denne var òg sterkt nedbroten. I følgje avismeldinga var det rimeleg å tru at det var medlemmer av prestefamiliar som var gravlagde på denne måten.

Rangordning kom til syne i gravlegginga

Innføringa av kristendommen medførte endring i gravskikkane. No kom det påbod om at alle lik skulle gravleggjast ved kyrkjene. Gjevaste plassen var inne i kyrkja, vidare var ein gravstad nær kyrkja betre enn ein lenger unna, og sørsida var betre enn nordsida.

Rang- og maktstillinga i samfunnet vart avgjerande for kva folk fekk den siste kvilestaden. Verst farne var drapsmenn og sjølmordarar. Dei hadde jamvel forspilt retten til å koma vigsla jord, dei vart gravlagde på utsida av kyrkjegarden.

Gravlegging inni kyrkjene i fleire hundre år

Gravrestane som kom til syne i Aurlandskyrkja i 1926 var både frå katolsk tid og tida etter reformasjonen. Til vanleg vart det laga gravrom under kyrkjegolvet, men i nokre kyrkjer vart det òg bygt til eigne gravkapell. Lika vart lagde i kister, men kistene vart ikkje nedgravne.

Skikken med å gravleggja lik inne i kyrkjene heldt seg gjennom mange hundre år. Fyrst i 1805 vart det sett forbod.

Slutt i 1805

Kongeleg forordning av 22. februar 1805 opnar med ei grunngjeving før ni detalj-bestemmelsar. Grunngjevinga legg vekt sømd og det helsemessige konsekvensar. Det står:

"Da Kongen ikke finder det sømmeligt, at Bygninger, indviede til det høieste Væsens Dyrkelse, tillige afbenyttes som Gjemmesteder for Legemer, der overgives til Forraadnelse, og da den fra mindre oplyste Tider nedarvede Skik, at begrave de Døde i Kirkerne, ofte har havt farlige Tilfælde, endog helbreds Tab for de Efterlevende, til Følge, saa opfordres han til at forskrive saadanne at disse kan gjøres uskadelige, idet han drager Omsorg for, at templerne i hans Riger herefter kan vorde til ders egentlige Bestemmelse, hvorfor følgende befales: .."

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Forordninger, aabne Breve, Placater m.m. [..] 1648-1813. Christiania 1852.
Ohnstad, Anders: Vangen kyrkje [..]. 1983.
Sogningen. 27.08.1926. Balestrand.

PERMANENT IDENTIFIKATOR