Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 11. oktober 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Singersteinen på Hildeneset i Innvik



Tysdag 23. juni 1936 var ein stor dag i indre Nordfjord med kongevitjing og opning av vegen Olden-Innvik. Vegen kunne opnast takka vere forskottering av den søkkrike amerikanaren William H. Singer. Dagen etter vart det avduka ein æresminnestein til ekteparet Singer frå vegarbeidarane.

Singersteinen vart avduka 24. juni, dagen etter vegopninga. Biletet er eit utsnitt av eit fotografi med kring 100 personar samla rundt steinen; ekteparet Singer (med hund) og eit hundretals oppkledde arbeidarar.

Singersteinen vart avduka 24. juni, dagen etter vegopninga. Biletet er eit utsnitt av eit fotografi med kring 100 personar samla rundt steinen; ekteparet Singer (med hund) og eit hundretals oppkledde arbeidarar.

Eigar: Thorsrud Lokalhistorisk Forlag

Datering: 1936.

Fotograf: Ukjend.

Veghistorisk stein på Hildeneset

Singersteinen står på ei utkøyrsle ved RV 60 på Hildeneset, kring 2,5 km innom Innvik sentrum. Opphavleg stod han nokre hundre meter lenger ute, men vart flytta i samband med utvidingsarbeid midt på 1980-talet. På framsida er innhogge:
MINNE * Mr. OG Mrs. SINGER * ARBEIDARANE * OLDEN.INNVIK * 1924.1936.
På baksida er festa ei metallplate med følgjande innskrift: DENNE STEINEN ER REIST AV * ARBEIDARANE TIL MINNE OM * MR. OG MRS. SINGER * DEI FORSKOTTERTE MIDLAR TIL * FULLFØRING AV VEGANLEGGET

Minnesteinen på Hildeneset er fyrst og fremst ein minnestein over ekteparet Singer, men òg om veganlegget Olden - Innvik i åra 1924-1936 og om dei som bygde vegen, dei mange vegarbeidarane.

Fjordingen 1986

I 1986 var det 50-årsmakering for hendingane i juni 1936. Redaktør Martin Lilleheim skreiv på leiarplass i "Fjordingen":
"Mr. Singer sine dollar gjorde at vegen kunne fullførast. Vi fekk ikkje berre veg, men viktig var det òg at mange kunne haldast i arbeid. Ei takk til denne smilande og smålåtne amerikanaren kan difor vere på sin plass, også frå denne generasjonen.
Men i dag er det andre heidersmenn vi skal takke like mykje. Nemleg alle dei som jobba på anlegget. Arbeidsdagen var lang og løna var lite å skryte av. Fagleg var dei på topp, og noko anna og like viktig er verd å understreke: Dei sette alltid si ære i å gjera førsteklasses arbeid."

Synte takksemd med minnestein

I "dei harde tretti-åra" var arbeid på anlegget Olden-Innvik kjærkome for mange. Og takksemda til Singer synte vegarbeidarane ved å reisa ein minnestein til vegopningsdagen. Dei fann steinen i fjæra ein stad og fekk ordna med ei vakker utført innskrift. Utgiftene med å reisa minnesmerket vart fordelte med fem kroner på kvar mann, ein sum som tilsvarar ei dagløn på den tida.

Vegopninga

Måndag 22. juni kom kongen, Haakon VII, landevegen over Strynefjellet til Nordfjord for å opna vegen Olden-Innvik. Kongefølgjet tok inn på Yris Hotell i Olden. Kl. 14.30 dagen etter køyrde kongsbilen i teten av ein kortesje på nærare 100 bilar den vel 2 mil lange vegstrekninga til Innvik der den høgdtilege opninga vart halden. Ved endepunktet var reist ein æresport dekorert med arbeidsreiskap, - hakker, spader, meislar og minebor. Kortesjen vart motteken med musikk og salutt frå Hildeåsen. To småjenter gav kongen blomar, og fylkesmann Seip ønskte velkommen. Etter kongesangen gav ordføraren i Innvik, Hallvard Sindre, eit kort resyme av veganlegget si soge. Kongen føretok så opninga og uttalte ønskje om at alle forventningane til denne denne vegen måtte verta oppfylte og erklærte vegen opna for allmenn ferdsle. Oppsynsmann Kobberstad fjerna silkesnora og ein ny salutt dundra frå Hildeåsen.

Fest i Olden

Om kvelden var det stor vegfest på Yris Hotell med omfattande program. Til festmiddagen hadde salmediktaren M. B. Landstad skrive bordsong. Fyrste verset lyder slik:

Vi hilser dig konge i Oldens favn
Med festglans og sommerlys dagning
Vi bygget en vei til det felles gavn,
Du selv gav den vigsel og fagning.
Det bruser frem fra vestlandsbondens sjel:
Gud signe Håkon konge, -- heil og sæl!

Eit høgdepunkt var då kongen overrekte St. Olavs kommandørkross til Mr. Singer og musikken spela den amerikanske nasjonalsangen.
Fylkesmann Seip heldt tale for dei som bygde vegen, og overingeniør Knudsen og Jens Hilde (representant for vegarbeidarane) sa etter dette: - Når vegen nå er opna tykkjer også me, vegarbeidarane, at me har vore med og lagt ein provins til landet.

Ekteparet Singer

Ekteparet William H. Singer (1868-1943) og kona Anna Spencer Brugh (1878-1962) frå USA oppheldt seg i Norge kvar sommar og fleire vintrar frå 1903. Dei arva fleire hundre millionar dollar som dei mellom anna brukte til å byggja "Singerheimen" på Dalheim i Olden. Dessutan tok dei mesteparten av kostnaden med sjukehuset på Eid, og dei forskotterte over halvparten av, kring 450 000 kroner, av kostnaden på veganlegget Olden-Innvik.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Fjordenes Tidende. 25.06. og 07.07.1936.
Møller, Arvid: Anna og William Singer. Herskap og tjenere i Tydal og Olden. Lillehammer 1999.

PERMANENT IDENTIFIKATOR