Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 19. januar 2004

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Minnestein i utmarka over lærar Sigurd Huus



Sommaren 2003 gjekk ei turgruppe i Naustdal til Reiakvamsstølen og Horstadstølen. På vegen stogga dei ved ein stein oppsett til minne om ein mykje avhalden lærar i bygda. Lærar Sigurd Huus døydde her 2. april 1967 på veg heim etter ein skitur.

Turfølgjet som sommaren 2003 stogga ved minnesteinen over lærar Sigurd Huus som står ved stien utover mot Horstadstølen.

Turfølgjet som sommaren 2003 stogga ved minnesteinen over lærar Sigurd Huus som står ved stien utover mot Horstadstølen.

Eigar: I Firda.

Datering: 2003.

Fotograf: Ukjend.

Stor leiteaksjon

Søndag 2. april 1967 la Sigurd Huus i veg på skitur vestover mot Horstadstølane. Då han ikkje var komen heim til avtala tid om ettermiddagen, vart det sett i gang leiting. Folk leita heile natta utan resultat og i tidleg måndag morgon var 56 mann med. I 11-tida kom det melding om at den sakna var funnen. Det såg ikkje ut som han hadde vore utsett for noko uhell, men at det var hjarte som hadde svikta.

Avhalden lærar i Horstad krins

Sigurd Huus frå Hus i Jølster var fødd 28. oktober 1900. Han gjekk ut av Volda lærarskule i 1921, og var lærar i Volda og heime i Jølster, før han kom til Horstad skule i Naustdal hausten 1930. Her vart han verande resten av sitt yrkesaktive liv.

Sigurd Huus er omtala som ein dugande og mykje avhalden lærar. Han hadde mange interesser utanom læraryrket og var aktivt med i lagsarbeid i bygda, - i kristeleg arbeid i og utanfor krinsen og i fråhaldsrørsla.

''Kan læraren dokka gå på ski?''

Sigurd Huus var naturmenneske av dei sjeldne, og ferdast mykje i skog og mark til alle årsens tider. I eit stykke i ''Firda'' i høve 50 års-dagen står følgjande fortalt:
''Kan læraren dokka gå på ski?'' spurde eit skulebarn frå ei anna bygd ein gong dei møttest på Ramsdalsheia. ''Om han kan gå på ski? Han fyk som fuglen, gutt. Sjå der kjem han utfor bakken!'' Dei voks der dei stod, småkarane, Dei var byrge av læraren sin.''

Minnetale i skulestyret

Avisa Firda fortel om at det vart halde minnetale over lærar Sigurd Huus i fyrste skulestyremøtet etter at han døydde:

''.. skulestyreformannen Johannes Thingnes [..] sa m.a. at både skulestyret og lærarar kjende det som eit stort tap og eit sakn ved hans brå bortgang. Alle var lærar Huus stor takk skuldig for hans arbeid i skulen og bygda.''

 

Minnestein der han døydde

Odd Horstad og sonen Einride sette opp minnestein same året som Huus døydde. Dei snakka om at dersom ingen gjorde noko med å markera staden, ville hendinga gå i gløymeboka. Dei fann ei høveleg helle heime, la ho på hesteryggen og gjekk og støda på kvar si side. Etter at steinen var komen på plass, fekk Horstad kunstnaren Johan Indrekvam til å hogga inn inskripsjonen.

kjelder:

Avisa Firda. 04.04, 08.04.1967 og juli 2003.

PERMANENT IDENTIFIKATOR