Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 03. desember 2000

Sist oppdatert 30. juni 2021

Kategori

Kommune

Rå-data

Minnestein over Peter Andreas Blix



Arkitekt og ingeniør Peter Andreas Blix (1831-1901) berga i 1880-åra Hove steinkyrkje og Hopperstad stavkyrkje frå å bli nedrivne. Blix var ein av pionerane i det norske kulturminnevernet. I 1981 blei det reist ein minnestein over han ved Hopstock Hotell i Vik.

<p>Blix-steinen st&aring;r like ved Hopstock Hotell der Blix budde n&aring;r han var i Vik. Bronserelieffet er laga av kunstnaren Trygve Skjellbred fr&aring; Stokke i Vestfold. Sj&oslash;lve steinen er festa i eit to-lags granitt-fundament. Framfor minnesmerket er eit blomefelt der ordf&oslash;rar Sjur Hopperstad planta den fyrste blomen under avdukingsh&oslash;gtida.</p>

Blix-steinen står like ved Hopstock Hotell der Blix budde når han var i Vik. Bronserelieffet er laga av kunstnaren Trygve Skjellbred frå Stokke i Vestfold. Sjølve steinen er festa i eit to-lags granitt-fundament. Framfor minnesmerket er eit blomefelt der ordførar Sjur Hopperstad planta den fyrste blomen under avdukingshøgtida.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2015

Fotograf: Hermund Kleppa

Minnesteinen

Minnesteinen i norsk granitt står ved Hopstock Hotell. På framsida er eit bronserelieff, laga av kunstnaren Trygve Skjellbred frå Stokke i Vestfold, og denne innskrifta: ARKITEKT * PETER ANDREAS BLIX * 11-4 1831 - 31-1 1901 * MINNESTEINEN ER REIST I 1981 * AV TAKKSAME BYGDEFOLK * FORDI HAN REDDA HOVE * OG HOPPERSTAD KYRKJER.

Avdukingshøgtida

Bilete av Utenriksminister Knut Frydenlund som avduka minnesteinen til Peter Andreas Blix 1981.

Avdukingshøgtida var søndag 26. august 1981. Dåverande utanriksminister Knut Frydenlund heldt tale og avduka steinen. Han sette Blix sin innsats i Vik med å berga to middelalderkyrkjer inn i eit vidare perspektiv:

"Det arbeidet Blix gjorde var ikkje berre av største verdi for Vik, men for heile det norske folket. Når ein ser på verda i dag, er det ikkje lett å vera eit lite land. Samstundes ser me det er viktig å vera medlem av småsamfunn. Med det presset ein får utanfrå, er det viktig å ha røter i vår tid, og viktig å ha kjennskap og forståing for vår fortid."

Livet til endes var Blix aktiv på mange område fleire stader i landet. Det kom tydeleg fram gjennom talar av representantar frå m.a. Vik kommune, Norske Arkitekters Landsforbund, Historielaget for Sogn, Norske Svilingeniørers Forbund og Fortidsminnesforeningen.

Ordførar Sjur Hopperstad takka for minnesteinen og heldt fram at dei to kyrkjene Blix berga i Vik står som adelsmerke i bygda.

Kortbiografi

Peter Andreas Blix vart fødd i Stavern 4.11.1831 og var son til auditør (militærjurist) John Gill Blix og Anna Dobbertine Randulff. Mora tilhøyrde ein kunstnarfamile.
Blix studerte ingeniørfag og arkitektur i Tyskland i åra 1850-1855.

Attende i Noreg arbeidde han frå 1855 til 1863 i det statlege kanalvesenet. Så drog han til Bergen, der han først arbeidde ved stadsingeniørkontoret (byingeniørkontoret) frå 1863 til 1868, og dreiv deretter eigen ingeniør- og arkitektpraksis til 1873 då han vart tilsett i jernbanen. Han arbeidde fram til 1878 som arkitekt ved jernbaneanlegga, og teikna m.a. stasjonsbygningar og prosjekterte jernbanetraseear.

Han dreiv så nokre år som privatpraktiserande i Oslo, før han på ny reiste til Bergen. Der bygde han kaiar, våningshus, restaurerte Børsen, og teikna fleire av sveitsarstil-hotella på Vestlandet, m.a. Fleischers Hotell på Voss og Mundal Hotell i Fjærland. Hausten 1879 overtok Blix leiinga av restaureringa av Haakonshallen og Domkirken i Bergen.

I 1880 kjøpte Blix den saneringstruga Hove steinkyrkje i Vik, og ei tid etter Hopperstad stavkyrkje same stad. Han sytte og for restaurering av kyrkjene, eit arbeid som knytte han til Vik i mange år. Blix levde den siste tida si i Vik, og døydde på Hopstock Hotell 31. januar 1901. Han ligg gravlagd under golvet i si eiga kyrkje, Hove steinkyrkje.

Bilete av Blix ved inngangsportalen til ei stavkyrkje.

Andre Blix-minne i Vik

Peter Andreas Blix er "godt synleg" i Vik. Utanom kyrkjene han berga, dei to "adelsmerka" og minnesteinen, er det også andre Blix-spor. På Hopstock Hotell heng eit portrettmåleri av han, og det står ein arbeidspult han brukte då han i mange periodar budde på hotellet. Ein av hotellsalane har fått namnet Blix-salen, og ei ny idrettshall ved Flatbygdi skule heiter Blixhalli.

Bilete av idrettshallen i Vik kommune.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Førsund, Finn B: Sivilingeniørar i Sogn og Fjordane. 1999.
Norsk biografisk leksikon.1925
Holstad, Guttorm: Blix og Vik
Avisa Sogn og Fjordane. 26.08.1981.
Vik lokalhistoriske arkiv:
Formannskapet, møtebok og korrespondanse/saksdokument, 1880-1890.

PERMANENT IDENTIFIKATOR