Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 21. mars 2011

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

To minnesteinar om harde kår i dansketida



Ein av bilvegane mellom Nordfjord og Sunnmøre går frå Heggjabygda i Eid til Austefjord og Volda. Osdal er fyrste garden over fylkesgrensa. I gardstunet står det ein minnestein om harde kår i dansketida på 1700-talet. På Rustøy i Oldedalen i Stryn står det ein liknande minnestein

<p>Minnesteinen over Ottar Rasmusson Osdal st&aring;r i gardstunet p&aring; garden Osdal i Osdalen.</p>

Minnesteinen over Ottar Rasmusson Osdal står i gardstunet på garden Osdal i Osdalen.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2012

Fotograf: Hermund Kleppa

Osdalen

Minnesteinen i Osdalen er eit vakkert hoggen stein, om lag 2 m høg, og fundamentert i betong. På ei metallplate står:

Ottar Rasmusson Osdal
1705-1764
Til minne om din innsats og offer-
vilje for bonden si sak i ei mørk tid.
Reist i takksemd av bønder i
Volda og Ørsta 1970.
 

Oldedalen

På minnesteinen i Oldedalen står namnet Hugleik Tungøen og dødsåret 1706 innhogge øvst på steinen. På ei bronseplate står det noko om kven han var:

” I strid for eit bondesamfunn som var utarma av naturulukker, uår og store ytingar til jorddrott, var Hugleik Tungøen, saman med sambygdingen Johannes Qvamme, bøndene sin sendemann til kongen i København og til hans ombodsmenn i Kristiania og Bergen. Under ei av desse ferdene sette han livet til i Sværeskardet 8 dagar føre jul året 1706.”
 

Hjelpte bøndene

Ottar Rasmussen og Hugleik Tungøen hjelpte bønder i ei vanskeleg tid. Begge hadde kvar sin gode medhjelpar. Begge sette livet til, på ulik måte. Tungøen og Qvamme reiste med bøneskriv til Kongen i København eller kongen sine ombudsmenn i Noreg. Osdal og hjelpesmannen hans hjelpte yrkesbrør med å setja opp klagebrev over ombudsmenn som skreiv ut urimeleg skattar og dreiv skattane inn med hard hand. For dette vart han saman med Lars Larson Tryggestad frå Synnylven fengsla og sett i lekkjer på Bergenhus festning. Begge lei mykje vondt. Ottar fekk så stor helseskade ay han døydde tre år seinare, i 1764.

Bønder reiste minnesteinane

Austefjord bondelag stod føre reisinga av minnesteinen i Osdal. Dei andre bondelaga i Volda og Ørsta støtta økonomisk. Dessutan kom det inn pengar ved ei kronerulling. Minnesteinen vart reist i tunet på garden til Steinar Osdal, same garden Ottar Osdal kom frå. Modellsnikkar Rolf Rønning i Volda laga koparplata, og Elias Mårstøl i Åmelfot forma og leverte steinen. Minnesteinen vart avduka søndag 8. august 1970. Forfattaren av Voldasoga, Per Årviknes, heldt avdukingstalen. Dessutan deltok Olav Årflot og Ivar Eldheim i programmet. Austefjord hornnusikk stod føre musikkinnslaga.

Olden bondelag reiste minnesteinen på Rustøy i Oldedalen over Hugleik Tungøren. Avdukingshøgtida vart halden søndag 18. september 1966. Leif Arne Loen las ein innhaldsrik prolog og Fredrik Kvame heldt avdukingstalen. Nils Sværen, ein av 10 særskilt inviterte frå Sogn, las sitt eige hyllingskvad til den store bondeføraren. I Sogn hadde dei fem år tidlegare reist ein minnestein over Hugleik Tungøen i Sværeskardet.
 

kjelder:

Fjordabladet. 07.08.1970.

PERMANENT IDENTIFIKATOR