Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 11. oktober 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Minnestein om nødsår i Solvorn



I Solvorn står det ein uvanleg minnestein. Han er på skap som ein beinknok. Det er innhogge eit årstal på steinen og ein figur som minner om eit bumerke, eller - kan det vera bokstavane - SL?

Steinen med namnet Kjøtbogen står tett attmed hjørnet av eit hus der vegen kjem ned til husa langs stranda i Solvorn.

Steinen med namnet Kjøtbogen står tett attmed hjørnet av eit hus der vegen kjem ned til husa langs stranda i Solvorn.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2007.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Tett i husvegg

Steinen går under namnet Kjøtbogen. Han står heilt nede i Solvorn, tett attmed ein husvegg der vegen svingar bort til hotellet og ferjekaia. I februar 2007 var overflata overgrodd av mikroplanter. Det var berre så vidt råd å skimta figuren, medan årstalet og eventuelle bokstavar var heilt overgrodd. Det går eit skrøpeleg gjerde av plank og netting langs vegen ned til hjørna av huset. På ein telefonstolpe snaue 10 m frå steinen er det oppsett informasjon om steinen. Det står:

Kjøtbogen

"På garden Sjøthun står denne steinen, oppsett i 1693. Han blir kalla "Kjøtbogen" etter den forma han har, og skal vera reist av Lars Sørensen Rødberg til minne om eit svært vondt uår. Dei måtte mellom anna slakta kyrne til mat for familien, fordi ein ikkje kunne berga livet på nokon annan måte." (Bog på slaktedyr er namnet på øvste delen av framlem, arm, t.d. bog av lam.)

Om Kjøtbogen i den eldste bygdeboka

Informasjonen er henta frå bygdebokaHafslo. Bygd og ætterav Jon Laberg, 1926. Laberg nemner steinen to stader, i innleiinga og under garden Sjøtun. Det står:

I innleiinga: "Paa garden Sjøthun i Solvorn staar ein stein, uppsett i 1693. Han vert kalla "Kjøtbogen" etter den skapnad han har, og skal vera uppsett av Lars Sørensen Rødberg til minne um eit overlag vondt uaar, daa dei maatte ha kyrne av fjøset og slakta dei til føda for huslyden, daa ein ikkje kunde berga livet på annan maate."

Under garden Sjøtun: "Søren [Røberg] kom til Sjøtun i ei vond tid. I 1690-åri var der ofte uaar, og dei raaka Søren og. Segni veit og aa segja at det var til minne um eit uaar at han sette upp ein stein tett attmed fjøsen sin, laga som ein kjøtbog, for aa segja at dei hadde lote slakta beisti for aa berga livet, daa all avling hadde slege feil. Paa steinen staar Søren sine namnebokstavar: S.L. og aarstalet 1693. Steinen vert som rimelegt er kalla "Kjøtbogen".

I boka er det eit bilete av steinen der årstalet 1693 og ein figur over årstalet er teikna opp med kvit farge. Figuren liknar på eit bumerke, eller er det bokstavane SL som er skrivne over kvarandre?

Innskrifta

Laberg fortel at at steinen skal vera reist til minne om uår i "1690-aari". Kjelda hans er munnleg tradisjon, ei segn. Han opplyser i omtalen under Sjøtun at årstalet 1693 er innhogge på steinen og bokstavane "S.L.". Bokstavane står forSørenLauritsen, han som reiste steinen. I innleiinga står det derimot at det var "Lars Sørensen Rødberg" som sette opp steinen.

Uår

Me veit at det i 1661 var uår og vanskeleg for folk og skaffa seg mat. I ei melding til sentrale styresmakter står det at "der haver været saa stor Elendighed udi Bergenhus Lehn formedelst mangel paa Korn og Livsophold, at mange, besynderlig [spesielt] udi Indre Sogn, Hardanger og Sønhordlehn, haver maatte opholde sig af [ernæra seg av] Bark paa Træerne og af Rødder, som de haver opgravet af Jorden og brugt i Stedet for Brød, hvorover mange af Sult dette Aar beklageligen ere hendøde.

På slutten av 1600-talet kom det nye uår. Store deler av Bergenhus stift (Hordaland og Sogn og Fjordane) vart heimsøkte av hungersnaud. Hausten slo heilt feil i 1693 og 1694, og våren 1695, var så sein at dei mange stader ikkje kunne byrja med vårvinna før langt ut i mai. Sjukdom og død fylgde med mange stader.

"Lars Sørensen Rødberg"

Laberg fortel i bygdeboka at Nils Bahr på garden Sjøtun i 1692 hadde selt ein part til Søren Lauritsen Røberg. Han var ein utanbygds mann og det er uvisst kvar han kom frå. Søren var fødd om lag 1653 og kona hans heitte Gunhild. Dei hadde to born, Lars som overtok gardparten i Sjøtun, og Karen.

Lars Sørenson Røberg var fødd om lag 1696. Han fekk skøyte på gardparten sin i 1724. I 1728 kjøpte han resten av garden og åtte då heile Sjøtun.

Av dette går det fram at Lars Sørensen Røberg ikkje kan ha reist steinen, dersom steinen vart reist i 1693. Det rette må vera at det var Søren Lauritsen Røberg som gjorde det. Elles må det leggjast til at det ikkje er noko bevis på at steinen vart reist i 1693 det at årstalet står innhogge på steinen. Minnesteinar vert oftast reiste kortare eller lenger tid etter person eller hending dei står til minne om.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Laberg, Jon:Hafslo. Bygd og ætter. 1926.
Helland, Amund: Topografisk beskrivelse over Nordre Bergenhus Amt. Første del, Kristiania 1901.

PERMANENT IDENTIFIKATOR