Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 04. august 2010

Sist oppdatert 13. desember 2018

Kategori

Minne om omkomne på Stadhavet



Sommaren 2010 fekk fjellet Kjeringa ytst på Statlandet (Vestkapp) eit nytt landemerke: - ein vêrradar forma som ei kule plassert på eit oppmurt fundament/hus. Ved sida av inngangsdøra finn vi eit metallskilt med diktet Stadhavet. Det er sett til minne om omkomne på Stadhavet.

<p>V&ecirc;rradaren p&aring; Kjeringa, ogs&aring; kalla Vestkapp. Samla h&oslash;gd p&aring; anlegget er om lag 15 meter. Kula eller radomen har ei h&oslash;gd p&aring; 5,57 meter og ein st&oslash;rste diameter p&aring; 6,7m. Minneplata er festa ved sida av d&oslash;ra, og det er montert ein lampe over. &nbsp;</p>

Vêrradaren på Kjeringa, også kalla Vestkapp. Samla høgd på anlegget er om lag 15 meter. Kula eller radomen har ei høgd på 5,57 meter og ein største diameter på 6,7m. Minneplata er festa ved sida av døra, og det er montert ein lampe over.  

Eigar: Odd Drabløs/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2009

Fotograf: Odd Drabløs

"Havet seg reiser .."

Minnediktet Stadhavet er skrive av Rolf J. Stave. Til diktet er laga ein illustrasjon som viser mann i havsnaud signert DB 2010 (Dagfred Berstad).

Stilt som i draum
låg det mang ein gong.
Sulla i linnver sin
sumarsong.
Femner som kjærteikn
kring holmar og nes,
austavind leikande
pustar og bles.

Årstida skifter til
hardare kår.
Stormande vindar
I vinternatt rår.
Havet seg reiser med
kvitkruna krans,
kastar seg inn i den
villaste dans.

Her siglde folket
i krig og i fred.
Mange det var som
i havet gjekk ned.
Fiskaren hausta
den rikdom det gav,
dette forunderleg
kravstore hav.

Slik har det alltid,
sett sin pris.
Røynt gjennom ætter
på mange vis.
Saknet og armoda
mot dei grein,
sorga gjesta så
mang ein heim.

Minnet skal leve
om alt dei gav.
Som fann si grav
i det djupe hav.
Vekkjast dei skal,
frå den siste natt.
Oppreist frå havet
her ut for Stad.

Innspel frå bygdefolk

Det var bygdefolket i Årvik, næraste nabobyga til fjellpartiet Kjeringa, som kom med innspel til Selje kommune om å setja opp ei minneplate på radarbygget. Dei tenkte seg eit oversyn over båtar som har kome bort og menneskeliv som har gått tapt på Stadhavet opp gjennom tidene. Kommunestyret slutta seg til tanken, og ordførar Gunn R.V. Helgesen tok saka vidare.

Uråd å laga oversyn

Å laga eit oversyn over bortkomne båtar og menneske viste seg snøgt å vera ei umogeleg oppgåve. Kvar går grensene for Stadhavet? Kvar kan/må ein leita? Kva med eit representativt utval? Ein valde å la diktet Stadhavet omfatta alle, - båtar og menneskeliv.

Oversyn i bygdebok

Bygdeboka Selje og Vågsøy (1957) har eit oversyn over omkomne på sjøen i prestegjelda Selje, Sør Vågsøy og Nord Vågsøy. Det var bygdebokforfattar Jakob Aaland som laga oversynet med kyrkjebøkene som kjelde. Oversynet omfattar tida 1669-1931.

"Livsfarleg yrke"

Dei fleste var fiskarar. Første avsnittet i innleiinga til oversynet lyder slik:

"Før i tida [1800-talet] var dei fleste velføre karane i Selje og Vågsøy fødde til å driva fiske. Vêret kunne skifta sterkt og brått utan vêrvarslingar dagen før slik som no, båtane var små og opne. Det var færingar og oppover til femkeipingar. Landingsplassane var mange stader livsfarlege, og havet fullt av fall og fluer. 

Få var det og som kunne symje om det røynde på. Ja, folk heldt det beintfram for gale å læra å symje, for med det kunne dei koma til å plaga seg utan nytte og såleis lengja lidinga.

Så sa mange eldre folk i 1880-åra til ungdom som lærde seg å symja. Det var då ikkje så underleg at mange liv gjekk tapt på sjøen gjennom tidene. Dei rekna verkeleg fisket for eit livsfarleg yrke, med eit tunt båtbord mellom seg og dauden, einast med sjøen til ”eit laust fotspenne".

To store forlis

Stadhavet har fleire døme på tap av menneskeliv ved forlis av båtar med mange menneske om bord. Eitt døme er "St. Svithun"-forliset i 1943, hurtigruteskipet som vart bomba i senk av allierte fly ved Ervika 30. september 1943. Meir enn 50 menneske omkom. Eit anna døme er Brenning-forliset, 1. mars 1956, sildesnurparen ”Brenning” som gjekk rundt på Stadhavet. 19 av mannskapet på 20 miste livet.
 

kjelder:

 Aaland, Jakob/Os, Edvard: Selje og Vågsøy. Bygdene og bygdesamfunnet. 1943/1957.

Informasjon frå: Selje kommune.