Johannes Haarklou
Johannes Haarklou, fødd 13. mai 1847, var son til gardbrukar Ole Nilsson Hårklau, fødd 1815 i Dvergsdal i Jølster og Orlaug Andersdotter, fødd 1808 på Hårklau. Han gjekk lærarskulen i Balestrand og på Stord. Hausten 1868 vart han lærar i Nedre Eiker og byrja i musikklære hjå organist Christian Cappelen. Seinare studerte han musikk ved musikkonservatoriet i Leipzig og i Berlin.
I åra 1880-1920 var Haarklou organist i Kristiania, frå 1882 i Gamle Aker kyrkje. Han komponerte fem operaer, kantatar, fire symfoniar, orksterverk, fleire stykke for klaver og fiolin, ei mengd romansar, og framfor alt ei mengd stykke for mannskor. Dessutan skipa Haarklou til og dirigerte rimelege "folkekonsertar" med statsstøtte både i Bergen og Kristiania, og var ein flittig musikkskribent i dagspressa og fleire tidsskrift.
Haarklou døydde 26. november 1925.
Steinen
Haarklou-steinen står like ved vegen på garden Hårklau som ligg på vestsida av Haukedalsvatnet snaue 2,5 km frå vegdelet på RV 5 Viksdalen - Moskog. Han står på dyrka mark med grasbakke heilt inn til rota. Framsida vender mot vegen og vatnet.
Det er ein vaksen stein i ein lys bergart, om lag 340 cm høg og 70 x 30 cm sider nede. Han smalnar noko oppover mot toppen som endar i ein spiss. Somme stader er det jamna ut med sementblanding.
Ansiktsrelieff og innskrift
På framsida er innskrifta plassert over og under eit portrett i støypt bronse. Relieffet er ovalforma med aksar på 44 og 35 cm. Langs kanten i nedste delen av relieffet er innskrive:
GAAVA FRAA SUNNFJORDLAGET I OSLO OG TAASEN BARNEKOR VESTRE AKER. Og med mindre skrift under denne teksten har kunstnaren signert med: MAJA REFSUM 1927.
På steinen står: TONEDIKtAREN (over relieffet, og ) JOHS. HAARKLOU (teikn for fødd og) 13 - 5 - 1847 (teikn for død og) 26-11-1925
På baksida står: HAUKEDØLARNE * REIStE StEINEN * 31-7-1927
Minnestein etter to år
Det gjekk mindre enn to år frå Haarklou døydde, 26. november 1925, til det vart avduka minnestein over han i fødebygda 31. juli 1927. Lærar Gustav Gjerland frå Haukedalen, busett i Oslo, gjorde opptaket til å få reist steinen, og var formann i arbeidsnemnda. Mange ytte sin skjerv til minnesmerket både i Haukedalen og i hovudstaden. Sunnfjordlaget i Oslo og Tåsen barnekor på Vestre Aker gav relieffet, medan haukedølene ordna med steinen.
Avdukinga
Minnesteinen vart avduka søndag 31. juli 1927. Festdagen tok til med gudsteneste i Haukedalen kapell der prost Hope tala og enkefru Haarklou og sonen, Andreas underheldt med song og musikk.
Om ettermiddagen strøymde så folk i flokk og følgje til indre Hårklau. Over 1000 menneske var til stades. Dåverande sokneprest Ragnvald Indrebø, seinare biskop i Bjørgvin, heldt avdukingstalen.
Lærar Gustav Gjerland gav deretter minnesteinen over til Haukedalen Ungdomslag. Det var elles mange talar og helsingar frå fjern og nær.