Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 11. oktober 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Minnestein ved Stedje kyrkje - Nils Loftesnes



I ufredsåra 1807-1814 var soldatar frå Vestlandet fleire gonger austover på grensevakt. Nils Loftesnes var ein av dei. Han var også utsending til Eidsvollforsamlinga 1814, vald av regimentet sitt, "2det bergenhusiske infanteriregiment." I 1914 reiste Sogndal kommune ein minnestein over eidsvollsmannen Nils Loftesnes.

Festkledde folk samla ved minnesteinen over Nils J. Loftesnes. Biletet skal vera teke under avdukinga 17. mai 1914. Dei to småjentene som står midt i venstre rekkje er frå venstre Ingebjørg P. Reppen og Kristina f. Hagen.

Festkledde folk samla ved minnesteinen over Nils J. Loftesnes. Biletet skal vera teke under avdukinga 17. mai 1914. Dei to småjentene som står midt i venstre rekkje er frå venstre Ingebjørg P. Reppen og Kristina f. Hagen.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 1914

Fotograf: Ukjend

Ved kyrkja

Minnesteinen over Nils Loftesnes står framfor Stedje kyrkje, eit kort stykke til høgre for hovudinngangen. Fram til 1992 stod det to veldige bjørker frå same rota tett attmed steinen. Dei prektige trea måtte fellast fordi det var fåre for at dei kunne blesa overende i storm og skada kyrkja. Me veit ikkje kvifor steinen vart reist påkyrkjegarden. Det ligg nærast å tenkja seg at dei som sette steinen hadde eit ynskje om at minnesteinen skulle stå på grava til Loftesnes, og at dei valde kyrkjegarden, sjølv om det i 1914 var uråd å påvisa grava hans.

Steinen og innskrifta

Loftesnes-steinen er ein naturleg forma stein av ein mørk, skifrig bergart, kring 2,5 meter høg, 40 - 50 cm brei og kring 20 cm tjukk. Dei fann steinen oppom Leite og køyrde han fram på kyrkjegarden i februar 1914.

På steinen står:
Eidsvollsmannen * NILS J. LOFTESNES * Heradet * sette * steinen * 17. mai 1914

"Gløymsla må bort"

I 1914 var nasjonaldagen heilt spesiell i Sogndal. På programmet stod avduking av minnestein to gonger, fyrst i samband med gudstenesta kl 16 og deretter på folkehøgskulen klokka 18.30. Dessutan heldt dei på med ein tredje minnestein, steinen som no står på Lægreidplassen.

17. mai-programmet starta klokka 16.30 med folketog frå kommunehuset i Fjøra til kyrkja. Etter gudstenesta var det song av songkoret før avdukingshøgtida. Redaktør Jens Kvaale heldt avdukingstalen og stod føre avdukinga. Kvaale sa mellom anna:

- Alt for lite har me visst om våre gjeve fedrar i tidene kring 1814. Nils Johannesson Loftesnes hadde mellom bygdefolk ei særstilling, og heradet har ved sitt styre sett denne minnesteinen over han; men også omh a nhar me visst lite - helst at han vart sur og lei og fattig på sine gamle dagar. Og likevel er det så at ingen sogning som me har fråsegn om, har hatt ei tyngre oppgåva og eit meir ærefullt mandat enn den 25 år gamle soldaten Loftesnes, då han var med i avgjerdene på Eidsvoll med fullmakt frå soldatane og underoffiserane i det vidgjetne Bergenhusiske regiment i Bergens bispedømme."

- Gløymsla må no bort frå minnet kring 1814. Og duken skal falla av denne steinen. (Duken fell). Eidsvollsmannen Nils J. Loftesnes skal lysa mot alle sogndøler som kjem inn kyrkjegardsporten. Og namnet og minnet skal vera ei sterk maning til dei unge at dei skal vera vakne og vaksne, om fedrelandselsk, offervilje og samhald. Med tru på Gud og tru på landets evne, skal dei unge sjå vårt kjære fedreland fritt og frelst også gjennom mørke skyer i tunge tider; for trua er den makt som overvinn verda. Liksom soldatane i 1814 stod vakt om "landets kårne" og om fedrelandet, so må vår ungdom og våre soldatar vera den sterke vakt i framtida.

Personopplysningar

Nils Johannesson Loftesnes var fødd på Loftesnes i Sogndal 1789. Han var son til Johannes Nilsson Loftesnes og Marta Espensdotter. I 1813 fekk han skøyte på garden Loftesnes av Ola Larsen Qvam. Han selde garden til Peder Eriksson i 1820, og flytte til Stenahjem, der han hadde kjøpt gard 1818. Han var gift med Berta Olsdotter, og let garden frå seg 1840 til dotter si, Marta. Nils Loftesnes døydde 1848, 59 år gamal.

Nils Loftesnes var musketér (feltsoldat oppsett med muskett, ein børsetype) i det Sogndalske kompani i Det Bergenhusiske regiment. I 1813 var han ein av alle bergenhusingane som same år marsjerte til Austlandet. Styrken var oppsett av to marsjerande bataljonar og ein skarpskyttarbataljon. Bataljonane reiste frå Bergen i dagane 26. mai - 8. juni 1813. Ferda gjekk inn Sognefjorden, over Filefjell, til Hadeland og Smålena (no Østfold). Loftesnes var i ein av dei marsjerande bataljonane.

Våren 1814 skulle regimenta velja utsendingar til Eidsvoll. Det Bergenhusiske regiment valde 31. mars kaptein Ole Elias Holck frå Ytre Sogn som utsending for offiserane, og musketer Nils Loftesnes for underoffiserane og soldatane.

I Henrik Wergelands konstitusjonshistorie står Nils Loftesnes omtala som: "En rask, vakker kar, fuld af sogningens næsten sydlandske livlighed."

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sogns Tidende. 00.02, 15.05, 26.05.1914.
Heimbygdi vár. Sogndal. Årbok 7. 1938.
Lindstøl, Tallak: Stortinget og statsraadet 1814-1914. 1915.
Lindstøl, Tallak: Stortinget og statsraadet 1814-1914. Biografier.

PERMANENT IDENTIFIKATOR