Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 11. oktober 2000

Sist oppdatert 13. desember 2018

Kategori

Kommune

Minnestein om vegen til Myklebustdalen i Breim



Laurdag 3. september 1994 var det høgtidleg opning av vegen til Myklebustdalen, nøyaktig 100 år etter at vegen var ferdig. Samstundes vart det avduka ein minnestein med metallplate der det står: DALAVEGEN 1894-1994 FOR FRAMGANG OG UTVIKLING GJENNOM 100 ÅR

Myklebustdalen sett frå ein stad inst inne i dalen. Den snorbeine vegen nordover mot gardstuna går forbi Sandalsvatnet og gardane ved nordenden av vatnet. Her svingar vegen vestover og går eit stykke gjennom eit forvitneleg urdlandskap ned mot Byrkjelo.

Myklebustdalen sett frå ein stad inst inne i dalen. Den snorbeine vegen nordover mot gardstuna går forbi Sandalsvatnet og gardane ved nordenden av vatnet. Her svingar vegen vestover og går eit stykke gjennom eit forvitneleg urdlandskap ned mot Byrkjelo.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2000.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Minnestein

Myklebustvegen (fylkesveg 693) tek av austover frå riksveg 60 ein snau kilometer etter Byrkjelo sentrum. På retningsskiltet i krysset står 9 km. Frå gardane Fløtre går vegen gjennom ei svær ur av kolossale steinar. Minnesteinen bygdefolket sette opp i 1994 står på det høgaste punktet, i Urdasvingen, der utsynet mot Sandalsvatnet opnar seg.

For framgang og utvikling

Det var arbeidet med å byggja køyreveg etter ein ny trase til Myklebustdalen, og kva vegen seinare har hatt å seia for "framgang og utvikling" i Myklebustdalen, bygdefolket ynskte å markera ved å laga ei høgtidleg "vegopning" og ved å setja opp ein minnestein.
Ordføraren i Gloppen, Nils R. Sandal, uttrykte seg omtrent slik i helsingstalen sin:
"For at ei bygd kan utvikla seg, er det viktig med gode kommunikasjonar. Framsynte personar skjøna dette tidleg, og gjorde sitt til at dalen har fått utvikla seg til ein triveleg plass å bu i. I dag er vi samlast for å minnast dei menn som gjorde dette mogeleg."

Vegjubileum med mange programpostar

100-årsmarkeringa i 1994 vart ei storhending for dalarane. Vegjubileet tok til fredag 2. september med bygdefest i grendahuset i Sandal. Her var det laga til ei veghistorisk utstilling og Per Birger Lomheim helsa frå Vegvesenet med å overlevera ein innramma kopi av eit dokument om statsløyving til vegen.
Laurdag 3. september var det høgtideleg og original vegopning og avduking av minnestein. Alle dei kring 100 frammøtte var i bokstaveleg tyding med på vegopninga ved at dei på klarsignal frå ordførar Nils R. Sandal drog i tauet som opna knuten i bandet som var strekt over vegen. Jakob J. Myklebust, oldebarn til mannen som "bygde" vegen, Jakob Jakobsen Myklebust, hadde deretter det ærefulle oppdraget å avduka minnesteinen.

Ny veg til Myklebustdalen

"Nyvegen" til Myklebustdalen var ferdig i 1894. Tidlegare hadde folk nytta ein gamal ferdselsveg som gjekk høgare oppe til Moldestad der han kom innpå Den Trondhjemske Postveg. Arbeidet kom i gang i 189. Dei starta samstundes i urda utanfor Sandalen og i stranda mellom Fossheim og Myklebust. Heile vegen kom på 22.000 kroner, som vart dekka av oppsitjarane, kommunen, fylket og staten. Eit statsbidrag på 5000 kroner til ein bygdeveg vitnar om godt arbeid av stortingsmann Jakob Myklebust i hovudstaden.

Jakob Jakobson Myklebust

Jakob Jakobson Myklebust, son til bonde Jakob Jakobsen Myklebust og Anne Steffensdotter Byrkjelo, var fødd på Breim 9. november 1851. Han gjekk Jakob Hjelmeset sin folkehøgskule for bondegutar på Bjørnereim og overtok farsgarden i 1875. Jakob Myklebuset var med i Gloppen kommunestyre frå 1875, ordførar i Gloppen 1884 og ordførar i Breim kommune etter at Breim vart skilt ut frå Gloppen som eigen kommune i 1886. Myklebust var dessutan stortingsrepresentant i periodane 1886-1888 og 1889-1891. På folkemunne vart han ofte omtala som Stortings-Jakob.
Jakob Myklebust var gift med Dorte Kobberstad. Han døydde 28. april 1922.

Myklebust Meieri 1876

Eit av dei fyrste meieria i fylket kom i gang på garden Myklebust inst inne i Myklebustdalen, før køyrevegen kom og før svensken de Laval laga den fyrste verkeleg brukbare separatoren. Det var Jakob J. Myklebust som stod bak. Han var ein drivande gardbrukar med sterk interesse for nye driftsformer. Meieriet på Myklebust dreiv berre om sommaren og tok imot både ku- og geitemjølk. Meieriet vart nedlagt i 1879, men kom i drift att i 1897. Jakob Myklebust var også mannen som gjekk i brodden for det nye, større aksjemeiriet på Byrkjelo ved "Birkelobroen" som stod ferdig i 1898 etter to år i leigd lokale.

kjelder:

Sandsmark, Kristian: Meieribruket i Sogn og Fjordane 1874-1974.Førde 1974.
Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim, bd II, s.348fg. Oslo 1979.
Bladet Firda. Førde. 5.9.1994.
Bladet Firda Tidend. Sandane 5.9.1994.
Bedriftsbladet Vegstubben. Nr. 5. Leikanger 1994.