Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 15. januar 2003

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Kopi av Loen-krossen i Amerika



Den 24. juni 1956 vart det avduka ein kopi av steinkrossen i Loen ved Augsburg Seminary i St. Paul, Minnesota. Krossen var ei gåve frå Firda Ungdomslag og folket i Nordfjord. Han vart laga på Nordmøre og avduka ved ei tilskiping på Austrheim i Gloppen 28. august 1955.

Steinkrossen frå Nordfjord står framfor Bockmann Hall på Luther Theological Seminary, St. Paul, Minnesota. Krossen vart avduka 24. juni 1956.

Steinkrossen frå Nordfjord står framfor Bockmann Hall på Luther Theological Seminary, St. Paul, Minnesota. Krossen vart avduka 24. juni 1956.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2002.

Fotograf: Ukjend.

Krossen

Loen-krossen i Amerika er 3 m høg, 1,30 m mellom armane, og veg om lag 800 kg. Tverrmålet i holet er 11 cm.
Emnet var ei stor steinhelle, funnen på garden til Kristen Austrheim i Gloppen. Ho vart frakta til Brødrene Sildnes Stenhuggeri, Eide på Nordmøre, som hogg ut krossen og meisla inn skriftteikna etter teikning og instruks frå oppdragsgjevaren, Firda Ungdomslag.

Innskrifta

Øvst står dei to greske bokstavane XP som er ei forkorting for ¿¿¿S¿¿S - Kristus. F er lik den greske bokstaven Phi, - den første bokstaven i ordet F¿¿S, - lys. Kristus er lys.
På høgre arm (til venstre sett framanfrå) står I A O - Iesus, Alfa, Omega. Jesus er den fyrste og siste, byrjinga og slutten. (Joh. Op. 1,8).
På nestre arm står: V D M A - Latin: Verbum, Deum, Manet, Alturnum. Herrens Ord varer til evig tid. (1. Pet. 1.2-5).
Holet eller sirkelen symboliserer det endelause, det evigvarande. Delsirklane i hjørna og holet vert og tolka som symbol for dei fem såra på Jesu lekam, naglemerka i hendene og føtene, og såret i bringa.

Etter initiativ frå Amerika

Det var den norsk-amerikanske presten Bernt M. Hofrenning (1883-1961), fødd i Loen, som gjorde opptaket til å få laga ein steinkross i Nordfjord for oppsetjing i Amerika. Han skreiv brev til Firda Ungdomslag, som fyrste gongen hadde saka føre i eit styremøte 7. juli 1951. Det skjedde lite før årsmøtet i 1954 rådde til å gå i gong med denne arbeidsoppgåva. Planen var å laga ein kopi av steinkrossen ved kyrkja i Loen, og etter ynskje frå Hofrenning skulle ein sjå etter ein høveleg stein ved klosterruinane på Selje. Det synte seg uråd å finna stor nok stein på Selja, ein måtte ta til takke med råstoff frå Gloppen.

Finansiering

Ingebrigt Beinnes gjorde ein stor innsats for å skaffa dei nødvendige midlene. Han reiste rundt i bygdene i Nordfjord og samla inn pengar. Dessutan ytte fleire bankar og kommunar tilskot, t.d. Landsbanken i Bergen ikkje mindre enn 500 kr. Fylkesbaatane frakta krossen fritt frå Sandane til Bergen og Fjell-linjen vidare til Amerika - gratis.

Avduking på Austreim, Gloppen

Steinkrossen vart avduka under eit festmøte ved skulen på Austrheim 28. august 1955. Krossen var sett opp på skuleplassen, bardunert og halden oppe med to plankar. Mykje folk var samla og ikkje så få norsk-amerikanarar. Formannen i Firda ungdomslag, Thorleif Iversen helsa velkomen og gav ei utgreiing om det førebuande arbeidet. Avdukingstalen vart halden ved sokneprest Jonny Bakke, som mellom anna sa:
"Denne steinen skal over havet og skal stå der som eit traust vitne om det som er vår fedrearv. [..] Måtte dette merke mana oss til å halda saman om det som var fedrene sitt merke. Dei som fór ut, tok det med seg. Det syner dei mange kyrkjer som er reist der ute.
Formannen gav så steinen over til pastor Hofrenning, som på vegner av The Evangelican Lutheran Church i Amerika, takka for gåva, og gav ei utgreiing om krossen som merke og symbol ned gjennom tidene.
Under høgtida var det elles song av Austrheim og Sandane mannskor og musikk av Sandane Hornmusikk.

Avduking i Amerika året etter

Krossen kom til Chicago i månadsskiftet oktober/november 1955 med Fjell-linjen sin båt m/s "Ravnefjell". Han vart frakta vidare med lastebil til Luther Theological Seminary i St. Paul, Minnesota. Der vart han seinare sett opp på i ein solid betongfot framfor bygningen Bockmann Hall.
Avdukinga fann stad 24. juni 1956, og Firda Ungdomslag sende helsing. Presidenten ved seminaret, Alvin N. Rogness, skreiv straks etter brev til Thorleif Iversen. I brevet står mellom anna:
"Over 1000 people were present for the occasion. It was a beautiful sunlit day and the service was very impressive. [..] Pastor B. M. Hofrenning gave the festival address of unveiling, after Dr. L. M. Stavig, President of Augustana College, had given the sermon. [..] Consul S. C. Eastvold, Vice President of the Evangelical Lutheran Church, read your cablegram greeting to the assembly."

kjelder:

Fjordabladet. 30.08.1955. Nordfjordeid.
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane:
Privatarkiv, SFF-96049 Firda Ungdomslag, omslagsmappe i serie 251: Gåve til Amerika - steinkross.
Minnesota State Historic Preservation Office, v/Dennis Gimmestad:
Diverse informasjon.

PERMANENT IDENTIFIKATOR