Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 10. april 2013

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Minnesmerke på Sunnmøre om rasulukker i Hornindal



Vinteren 1964 miste sju menneske livet i snøras i Hornindalsfjella. Dei var med på anleggsarbeid for Tussa Kraft. Fire andre miste livet i andre ulukker under Tussa-utbygginga i åra 1958-1964. Ved Tussa Kraft sitt 50-årsjubuileum i 1999 vart det sett opp ein minnestein. Tre omkomne var frå Sogn og Fjordane.

Minnesteinen over omkomne i Tussa-utbygginga vart avduka 12. september 1999. Minnesteinen står attmed inngangen til kraftstasjonen på Bjørke.

Minnesteinen over omkomne i Tussa-utbygginga vart avduka 12. september 1999. Minnesteinen står attmed inngangen til kraftstasjonen på Bjørke.

Eigar: Fjordingen

Datering: 1999

Fotograf: Erik Bergmann

 Minneplate med 11 namn

Minnesmerket står ved inngangen til Tussa kraftstasjon på Bjørke inst i Storfjorden i Ørsta kommune. Det er ei minneplate festa på ein låg naturstein henta frå anleggsområdet i Hornindal. Minnesmerket blei avduka 12. september 1999 av Oddmund Breiteig, styreleiar i Tussa Kraft. På minneplata står det namna på dei 11 som omkom:

Anleggsulykker – Bjørke og Tussavatn

Sverre Hoggen 35 år Volda
Olav Krumsvik 53 år Volda
Sigurd Mork 37 år Volda
Pål Aakre 56 år Bjørke

Snøskredulykke i Lisjedalen 24. januar 1964

Olav R. Brendefur 54 år Hornindal
Arnold A. Dyrendal 45 år Rissa
Magnus Solheim 34 år Florø

Snøskredulykke i Hjortedalen 7. februar 1964

Kåre Bjørke 28 år Bjørke
Dagfinn Bjørlo 43 år Nordfjordeid
Arne Høiås 57 år Stjørdal
Ole Saure 29 år Bjørke

Anleggsarbeidet på Hornindalssida av fylkesgrensa

Tussevatnet er hovudmagasinet til Tussa kraftstasjon. Ved utbygginga vart det overført vatn frå Hornindalssida ved såkalla takrenneprosjekt. Det vart sprengt ut eit 15 kilometer langt tunnellsystem. Entreprenørfirmaet Jernbeton hadde ein «rigg» i Hjortedalen og ein i Lisjedalen. I jubileumsboka til Tussa Kraft (1999) står det om dei to rasulukkene:

Fredag 24. januar 1964

«Lisjedalen fredag ettermiddag 24. januar. Fire mann hadde nettopp kome ut av tunnelen etter å ha fyrt av ei dynamittsalve i tunnelen som går frå Lisjedalen til Skipedalsvatn. Dei sat og drakk kaffi i ei kvilebu då snøskredet var over dei før dei rakk å reagere. Knut Eide kom seg omsider fram av snøen og ned til anleggsbrakka ved eiga hjelp og fekk slått alarm, men Olav Brendefur, Hornindal, Arnold Dyrendal, Rissa i Sør-Trøndelag og Magne Solheim, Nordalsfjorden, vart seinare funne omkomne under snømassane.»

7. februar 1964

[Etter ulukka vart anleggsleirane i Lisjedalen og Hjortedalen evakuerte, men etter synfaring 27. januar vart anleggsarbeidet i Hjortedalen starta opp att].

«Hjortedalen fredag 7. februar. Store snømengder gjorde at dei ville evakuere Hjortedalen på ny. Det meste av arbeidet var innstilt. Men arbeidarane hadde ikkje rukke å kome seg derifrå då Langeskredfonna frå Aksla ved 14.30-tida smadra to av Jernbeton [entreprenørfirmaet] sine bygningar. Fire mann mista livet: Kåre Bjørke, Stranda, Ole Saure, Bjørke på Sunnmøre, Arne Høiås, Stjørdal og Dagfinn Bjørlo, Nordfjordeid.»

«veldige krefter»

 I fylgje Fjordabladet (Nordfjordeid) sitt oppslag om den første ulukka, var skredet 60-70 meter breitt. Kvilebrakka med dei fire arbeidarane vart slegen til pinneved, førd utfor skråninga og eit par hundre meter nedover i dalbotnen. «At det var veldige krefter som var i arbeid viser det at eit lokomotivsett på sju vogner, kvar på 4,5 tonn, vart kasta utfor skråninga». Ein av arbeidarane kom frå hendinga med livet:

«Knut Eide [frå Olden] kom frå den nifse hendinga uskadd. Han er ein kraftig kar og har hatt hellet med seg, for såvidt som den eine veggen i brakka vart riven ut av skredet. Ved denne veggen sat Knut Eide, og han vart dermed ført nedover av skredet. Dei som omkom har fått den øvste veggen i brakka over seg og har vorte liggjande fasklemd, og med 3 meters høgt
snølag over seg. Dei har ikkje hatt den minste sjanse til å grava seg ut på grunn av brakkeveggen som har klemt dei fast.»

Knut Eide tok seg fram til hovudleiren som låg ein kilometer frå ulukksstaden, og fekk varsla om ulukka. Folka der hadde ikkje merka noko til raset. Mannskap frå Stryn hjelpekorps kom til staden med sjukebil, hjelpeutstyr og 25 mann. Dei fann dei omkomne tre meter under snøen.

kjelder:

Fjordingen. 07.02.1994, julenummer 1999
Fjordabladet. 28.01.1964, 04.09.1999

PERMANENT IDENTIFIKATOR