Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 30. juni 2021

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Wergeland-støtta på Verkland



"Glem ei, du er støv! Glem ei, du er mere enn støv!" Med desse orda frå Henrik Wergeland let Dagne Groven Myhren duken falla av minnesmerket over diktaren på ættegarden Verkland. Ein vakker og velforma naturstein kom til syne for dei om lag 200 frammøtte. Dagen var laurdag 12. juli 1975.

Wergeland-støtta i gamletunet på Verkland, tett attmed riksvegen. Brekke Ungdomslag stod føre arbeidet med å få reist minnesteinen, og formannen i laget, Endre Brekke, laga denne teikninga.

Wergeland-støtta i gamletunet på Verkland, tett attmed riksvegen. Brekke Ungdomslag stod føre arbeidet med å få reist minnesteinen, og formannen i laget, Endre Brekke, laga denne teikninga.

Eigar: Haldis Brekke / Fylkesarkivet (kopi).

Datering: 1975.

Fotograf: Teikning: Endre Brekke.

Staden

Garden Verkland ligg øvst i ein fjelldal som som strekkjer seg nordaustleg retning frå fylkesgrensa mot Hordaland i nedre enden av Yndesdalsvatnet. Den om lag 14 km lange vegen nordover til bygdesenteret Brekke når opp i vel 400 m o.h. mellom Olsfjellet på vestsida og Høgefjellet på austsida. I år 2001 var det fire gardsbruk på matrikkelgarden Verkland. Minnestøtta står like ved vegen eit kort stykke frå tunet på bruksnummer 1.

Bilete av ein dal nærme Yndesdalen.

Namnet

Alle gamle gardsnamn har gjennom hundreåra hatt mange ulike skrivemåtar. Såleis er det også med namnet Verkland. Etter Oluf Rygh, Norske Gaardnavne, førekjem Verckeland i 1603, Wirckeland i 1611, Wircheland i 1667 og Wirchland i 1723. Niels Olsen Wergeland (1717-1792), bror til oldefaren til Henrik Wergeland, var offiser og tok til å skriva etternamnet sitt Wergeland under opphald i Danmark i åra 1737-1752. Då Niels i 1752 søkte om kongeleg løyve til å driva handel i Bergen, underteikna han med Wergeland. I år 2001 brukar ingen Verkland som etternamn, alle skriv seg Wergeland.

Bilete av eit minnemerke i høve 100-årsdagen for Wergeland.

Tyding

Etter Oluf Rygh kan namnet etter fyrste leddetverktyda "landet der det har vorte lagt ned mykje arbeid". Hans Wergeland nemnde i si utgreiing under avdukinga at dersom ein ser namnet saman med to andre stadnamn på garden, Smedsdalen og Ulsterhaugen (ulster-blåster-trekk) kan fyrsteleddetverkha noko å gjera med utvinning av jern, at her vart drive ut jern før jernet vart ei rimeleg og vanleg handelsvare.

Ætteline frå Verkland

 Oldefar : Lasse Olson Wirchland (1725-1761), son til Jon Olson Wirchland. Han reiste ut frå Verkland og busette seg i Lindås der han vart gift i 1747 med Brita Halvorsdotter Fjellsende, dotter til lensmann Halvor Tollaksen og Brita Mikkelsdotter Fjellsende. 

Bestefar:  Halvor Lassesen (1755-), gift 14. januar 1777 med Antonette Jonsdotter Spjeldnes. Han vart klokkar i Hosanger på Osterøy i 1775. I 1784 søkte han avskil og flytte til Bergen der han dreiv handel. Seinare fór han til sjøs og forsvann sporlaust.

 Far: Niels (seinare Nicolai)  Wergeland (1780-1848) var fødd på garden Mjøs i Hosanger og kom til Bergen 4 år gamal då foreldra flytte dit i 1784. Han skal ha fått namnet sitt etter ein farbror til faren, kaptein Niels Wergeland som var mykje i Danmark og der fekk namnet sitt skrive Wergeland. Eidsvollsmann.

Henrik Wergeland gjennom Sogn

Henrik Wergeland reiste gjennom Sogn sommaren 1832. Han kom over Sognefjellet og reiste vidare ut Sognefjorden. Det var etter denne ferda Wergeland skreiv diktet "Eivindvig", eit heiderskvad til presten Dahl. Best kjende er kan henda orda om kva denne vidgjetne presten kunne få ut av enkle folk i eit karrig kystlandskap:

"Aand af Strile, Brød af Steene
Dahl i Evindvigen tvang."

Tanken om å reisa minnestøtte og arbeidet

Henrik Wergeland var den fyrste norske diktaren av verdsformat. Johs. A. Dahle skreiv kring 1960: "Wergeland var eit geni, fylt av høgspana syner, men på same tid røyndomsnær, svingande mellom inspirasjonsrus og praktisk omtanke. Dei fleste reknar han for den største diktaren Noreg har fostra, og tankane hans er enno ei levande kraft."

Bilete av tre menn som lager klart minnesmerket.

Skisse på korleis steinen blei fundamentert.

Så er det då også reist minnesmerke over han fleire stader; i fødebyen Kristiansand, i hovudstaden og i det norske Amerika. I bygda Brekke gjekk dei i mange år og tenkte på å reisa han eit minnesmerke på ættargarden Verkland, og på 1970-talet gjekk dei i gang: Samla inn pengar, fann fram til høveleg stad og passande stein, sette opp steinen og ordna med innskrift. Sommaren 1975 var arbeidet gjort.

Avdukinga

På avdukingshøgtida, laurdag 12. juli 1975, var om lag 200 menneske til stades. Bjarne Dåe gjorde greie for ættegreina som knyter Henrik Wergeland til garden Verkland. Hans Wergeland fortalde om garden og sa noko om tydinga av namnet. Songarinna Dagne Groven Myhren tok forsamlinga med på ei vandring i Wergelands diktarverd. På ein meisterleg måte framførde ho både kjende og ukjende Wergeland-songar, mange til tonar av Eivind Groven. Dagne Groven Myhren hadde òg det ærefulle oppdraget å avduka støtta.

Bilete av kunngjeringa for avduking i Bergens Tidende.

Ordførar Takle takka i si helsing Brekke Ungdomslag for vel utført arbeid, og han la ned blomar ved bautasteinen. Formannen i Brekke Ungdomslag, Endre Brekke, gjorde greie for arbeidet, og takka for all hjelp, ikkje minst av folket på fjellgardane.

" - Steinen skal ikkje berre minna om ein stor diktar," sa Brekke, "han skal òg minna oss om at det frå små kår kan veksa fram menneske som i åndeleg styrke ikkje treng stå att for dei som kjem frå større stader. Ved foten av bautasteinen har vi sett opp ein krans av mindre steinar. Dei skal fortelja at sjølv ein stor mann ikkje står isolert, men har mange å stø seg til", sa Brekke.

Bilete av kunngjering om markering av Wergeland-støtta i 2008.

 

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Årseth, Arvid: Wergelandsslekta og Nordhordland. I Gula Tidend 21.01.1982. Bergen.
Engesæter, Ludvig: Brekke herred. Bind II. Bergen 1944.
Rygh, Oluf: Norske Gaardnavne. Nordre Bergenhus Amt. Faksimileutgåve. 1980.
Norsk Allkunnebok Oslo 1964.
Privatarkiv:
Endre Brekke, dokumentomslag, kopisett i Fylkesarkivet.
Wergeland, Anna: Manus til artikkel i meldingsblad for Sogn og Fjordane folkeakademi. Udatert.

PERMANENT IDENTIFIKATOR