Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 09. juli 2008

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Steintreet - monument til minne om Martin Luther Storm



"Di meir han hadde studert Storm, di meir hadde han sett det vonlause i å avbilde han berre i som ein byste. I staden måtte minnesteinen også tale om alt han hadde utført og stått for. Og steinen er verkeleg eit studium verd!" Det var avisa Firda som i 1978 skreiv dette etter avdukinga av monumentet Steintreet på Mo jordbruksskule.

Steintreet, minnesmerket over landbruksskulestyrar Martin Luther Storm, i tunet på Mo og Jølster vidaregåande skule, tidlegare Mo jordbruksskule.

Steintreet, minnesmerket over landbruksskulestyrar Martin Luther Storm, i tunet på Mo og Jølster vidaregåande skule, tidlegare Mo jordbruksskule.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2008

Fotograf: Hermund Kleppa

I gardstunet

Steintreet er sett saman av to deler, ein stamme (fotstykke med gammal bork-mønster) og ei krone (blokk med innskrift og symbolske figurar, alt bunde saman med greiner og bladverk). Både stammen og krona er prismeforma. Sideflatene har høvesvis desse måla: 75 x 100 cm, og 165 x 100 cm. Steinblokkene kom frå Samuelsdalen i Iddefjorden, og bergarten er ein fin, lysgrå granitt, den velkjende Iddefjord-granitten. Krona veg ca 8 tonn, stammen 1,5 tonn.

Første sida

"..eit studium verd", skreiv Firda. Sida som vender utover har ansiktsportrett i bronse og innskrift i gull. Skriftteikna er forma i steinskrift eller stolpeskrift og kunstnaren har berre brukt store bokstavar (versal). Skiljeteikna kjem ikkje tydleg fram. For å gjera innskrifta lettare å lesa har me i attgjevinga her brukt store og små boktstavar med unntak av namnet.

MARTIN
LUTHER
STORM
fødd 6. nov 1836.Vaks opp
i Trondheim. Etter jord-
bruksutdanning og praksis
pakta han den nedlagde
Nordre Bergenhus Amts
landbrukskole Mo 1873
og dreiv skulen privat
i vanskelege år til 1908
då fylket overtok ein
vel innarbeidd skule.
M.L. Storm døde i Førde
23. nov 1916. Han var
var ein venesæl mann og
framsynt skogreisar.

Andre sida

På den neste sida, side to, møter me materialen tre. Innskrift og figurar formidlar mann og hest, reiskapar og døme på bruk. Ord om - tre - står innhogde i eit felt forma som sagblad. Bruk av materialet - tre - kjem fram i endestykket av to lafta tømmerstokkar og samansetjing av trestykke ved sinking. Reiskapar kjem til syne i figurane mann med øks og tømmerstokk, navar og fleire andre. Hjelparen i skogen, fjordhesten, er med i form av ein medaljong eller eit segl. Innskrifta består av fleire nøkkelord som er skrivne fleire stader: VELENDEBANDET, TRØNGS, ????, NAVAR, LÅS MED KILE, MED [-] DRAG, SINKENOV, (LAGGENOV??), og av eit lite vers om treet:

TRE
GAV BONDEN
HUS OG HEIM,
LIVD [for] FOLK
OG DYR,
NØRDE
ELD
[på] GRUE

Tredje sida

Den tredje sida har grøde som hovudbodskap, her også uttrykt i innskrift og figurar; - reiskapar, kvinne med råstoff og reiskap , kornaks og kvern, treplog og symbol for prinsipp (løftearm).

I bladverket står på tre blad:
KVAR VÅR
I TUSEN ÅR
DEI SÅDDE

Ved kvinnefiguren står STRÅKSKEI

I kornaks- og kvernfiguren med tydelege kvernsteinar og kvernkall, står desse orda (namn på deler i vasskverna)
AUE, SIGLE, SPEIDEL, GROPROM, TEINA, SKOEN, LURÅSANE, GRUNNSLONA
Ved reiskapfiguren står AR (treplogen ard), og ved figuren for eit grunnleggjande prinsipp, står LYFTEARM

Fjerde sida

På den siste sida er eit vers dominerande. Under verset står namnetrekket M.L. Storm. Bodskapen er tydeleg: Der det ikkje kan dyrkast og der det ikkje er råd å slå gras, men likevel er noko jordsmonn, der bør det plantast skog.

HVOR
PLOGEN
EI KAN GAA
OG LJAAEN
EI KAN SLAA
DER BØR ET TRE
AT STAA

Kunstnaren - Nils Bruland

Kven var han, kunstnaren som laga Steintreet? Nils Bruland, fødd 27. september 1922 i Eivindvik i Gulen, var son til Arne Bruland og Helga Brosvik. Han tok utdanning ved Kunstfackskolan i Stockholm, og underviste også der i mange år. Frå 1974 budde han i Gjesdal i Jølster. Utanom monumentet Steintreet på Mo har Sogn og Fjordane desse kunstverka av Nils Bruland: a) Minnestein over vegbyggjaren Per Sægrov i Jølster, b) Skulptur ved det tidlegare HV10-senteret i Jølster, c) skulptur ved Førdehuset og d) minnestein på grava til mora i Gulen. Nils Bruland døydde 23. januar 2000 og vart gravlagd på kyrkjegarden i Utvik ved sida av kona Inga (1918-1898).

Kunstnaren i samtale med Firda

Då Bruland i 1978 var ferdig med minnesteinen og Steintreet var reist på Mo, hadde avisa Firda fyldig omtale. Kunstnaren var sjølv tilstades og fortalde om arbeidet sitt. I det følgjande tek me med det som handlar om kunstnaren og kunstverket hans:

"[Det hadde] vore ein eineståande inspirasjon og ei glede for han å utforma eit minnesmerke over Storm. Denne mannen som hadde så mykje å seie for si samtid, og som har hatt stor verdi også for vår generasjon."

Mangfaldet i den gamle bondekulturen
"- For å komme fram til resultatet har eg brukt den motivverda som fanst i bondekulturen - og det er naudsynt at eg og andre kunstnarar tek opp den tradisjonen, for bonden av i dag har ikkje tid å føre den vidare. Det er ikkje lenger snakk om til dømes å tinde ei rive sjølv, nei då er det snauare å gå på butikken og kjøpe ei plastrive. Difor ser eg som kunstnar det som ei oppgåve å føre vidare det mangfald denne kulturen bar i seg, og ein del har eg fått fram i dette minnet om Martin Luther Storm."

Kunstnaren sitt uttrykk
"Bruland arbeider i stein, tre, bronse, jarn, o.a. og har alltid nøra hug for ting som [er] tufta på den gamle bondekulturen. Musea framstiller dette på sin måte, seier han, ved å stille ut dei gamle tinga slik dei var, og ein kunstnar må uttrykkje det på sitt vis."

"ein skogens mann"
"(..) Der plogen ei kan gaa og ljaaen ei kan slaa, der bør et tre at staa, avslutta Storm mange av talane sine, for han var ein skogens mann. Han innsåg kva verdiar den hadde som åtte skog. Det skulle tømmer til for å reise hus, til innreiinga av desse, til kjørel, til reiskap, ja, praktisk talt til alle ting. Det var bjørk og gran som var best eigna til dette. Storm tala varmt for at folk måtte plante skog, og ikkje berre satse på kyr, sauer, korn og poteter. Skogen kunne dei selje til andre, slik at dei fekk pengar til andre ting, Og det som var planta, la grunnlaget for store verdiar i neste generasjon. Så det var denne visjonen Storm hadde om skogen og verdien av den, som gav Bruland ideen til minnesmerket som er kalla Steintreet."

"ein bonde og jorda sin mann"
"Det var ikkje det første utkastet eg laga, medgjev Bruland, men dei andre vart liksom framande frå denne mannen som først og fremst var ein bonde og jorda sin mann. Han var presteson, fødd i Arendal, og han ville frå først av verte kunstmålar. Han har skrive ein del poesi, har teikna, m.a. svært fine og nøyaktige fugleteikningar, og han har skrive fine brev. Som eit resultat av den diktariske åra han bar i seg, har han forma dei mange "parolane" som enno er kjende."

Generasjon etter generasjon
"Med dette steintreet har Bruland fått fram bondelivet frå 1850-60-70-åra. Oppgangssaga er med, likeeins ei god gammaldags kvern, den geniale oppfinninga trenavaren, fjordhesten, treplogen og mange andre detaljar. - Eg vil at dei elevane som går på Mo i dag, og i framtida, skal kjenne at dei går "i lag med" generasjonane, - seier Bruland." (Så langt om kunstnaren og kunstverket i Firda

Agronomlaget stod bak

Det var agronomlaget ved skulen som reiste minnesteinen. Tanken kom opp i 1962 og laget byrja å samla inn pengar. Bruland tok fatt på arbeidet i 1976 og arbeidde med det i to år.

Avdukinga

Minnesteinen vart avduka under det årlege stemnet til agronomlaget, søndag 20. august 1978. Rektor Feste heldt tale om Martin Luther Storm og sa til slutt i talen sin: "Skulen her på Mo bør stå som eit symbol på landbrukets framgang, kraft og utvikling. Merket over Storm vil stå som eit ideal for dei som arbeider og får si opplæring her. Steintreet, minnesmerket vil dagleg minne oss alle om Storm sine høge ideal, - ideal som vi alle bør strekkja oss etter."

Fylkesmann Nikolai Schei føretok avdukinga. I talen sin heldt fylkesmannen Storm fram som ein av dei verkeleg store utbyggjarane i næringslivet, og "ein vernar av folkelivet i bygdene."

Det var kunstnarlege innslag av skodespelar Per Chr. Ellefsen frå Sogn og Fjordane teater, mannskoret Samklang, Indre Sunnfjord Spelemannslag og musikaren Sigmund Eikås.

kjelder:

Firda 17.08, 22.08.1978, 27.01.2000
Brev, datert 13.09.1980, frå Berit Fidjestøl og Elsa Eikås Bjerck til Sogn og fjordane fylkeskommune

PERMANENT IDENTIFIKATOR