Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 31. oktober 2019

Sist oppdatert 31. oktober 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Hårfagre-parken på kongsgarden Husabø i Leikanger



Liten park til minne om stor konge – Harald Hårfagre som samla Noreg til eitt rike. Hårfagre-parken har adresse Strandavegen; eit kort stykke frå kaien på Leikanger. Systrond sogelag opna parken og avduka minnestein hausten 2015. På steinen står skrive: HARALD HÅRFAGRE norsk konge med røter i Sogn TIL MINNE.

Hårfagre-parken på kongsgarden Husabø i Leikanger. Parken vart opna hausten 2015.

Hårfagre-parken på kongsgarden Husabø i Leikanger. Parken vart opna hausten 2015.

Datering: 2019

Fotograf: Hermund Kleppa

Ein stad å stogga

Hårfagre-parken er ein stad å gå til, ein stad å koma. Her er velstelt gras og grusgang, frukttre, ein avlang mosegrodd stein på marka, eit par benker, og, det sentrale elementet i parken, den vel to meter høge Hårfagre-steinen med innskrift, og informasjon like ved. Ein stad å stogga ei stund, - sjå, lesa og læra, undra seg, trekkja liner langt attende i tida. Hårfagre-parken på kongsgarden Husabø i Leikanger.

Om Harald Hårfagre og Hårfagre-parken

«Harald Hårfagre Konge i Noreg» - står som overskrift på informasjon skriven på storfoto som viser kvar Hårfagre-parken er å finna; i Strandavegen, ikkje langt frå gardstunet på Husabø rett oppom riksvegen. Informasjonen, også på engelsk, spansk og tysk, fortel noko om kongen og parken:

Harald Hårfagre, om lag år 850 – 900, voks opp her i Husabø hjå morfaren Harald Gullskjegg som var konge over Sogn. Harald arva dette riket etter morfaren. Med utgangspunkt i Sogn starta Harald Hårfagre samlinga av Noreg til eitt rike. Etter slaget i Hafrsfjord år 872 vart Harald Hårfagre einekonge. I meir enn 400 år rådde kongar av Hårfagreætta i Noreg.

Minnesteinen er reist på den gamle kongsgarden Husabø. Her står framleis også Baldersteinen, ca 8 meter høg, Noregs høgste bautastein frå jarnalderen. Den bautasteinen som ligg her i parken vart funnen ved utgravingar av gravminne frå jarnalderen i Husabø. I Husabø er det registrert rike gravminne frå jarnalderen. Fleire av gravminna har vore markerte med bautasteinar. Dette syner at det alt tidleg i jarnalderen har vore samla stor politisk og økonomisk makt på garden I området der parken ligg har Husabøgardanee båtstøa og nausta i lang tid tilbake.

Opning og avduking 2015

Hårfagre-parken vart opna og minnesteinen avduka, søndag, 4. oktober 2015. Ordføraren i Leikanger, Olav Lunden, heldt tale og stod føre avdukinga. I talen sin orienterte han om korleis parken og minnesteinen hadde blitt røyndom. Det var eit resultat av at mange hadde vore med i ein stor dugnad. Sogebladet Systrendingen hadde utførleg omtale. Siste delen av avdukingstalen står ordrett attgjeven:

Initiativet til å få markert Harald Hårfagre her på Leikanger vart teke av Steinar Velle. Han har hatt stor interesse for mellomalderhistoria her i Sogn i lengre tid. Interessegruppa i starten var Steinar Velle, Erling Eggum og Jan Erik Lie, med utgangspunkt i at Erling Eggum ville stille ei tomt i Strandavegen til disposisjon for parkføremål.

Då det viste seg at det var tilgjengeleg tomt til eit Harald Hårfagre-minne på Husabø, bad Steinar Velle om at Systrond sogelag tok over prosjektet og vidareførte dette fram til ferdig park. Sogelaget har vore ansvarleg for prosjektplanen. Det vart sett ned ei prosjektgruppe sett saman av Kjell Arne Valvik og Knut Henning Grepstad frå sogelaget, Per Holen frå kommunen og landskapsarkitekt Hilde Ruud. I samarbeid med sogelaget og kommunen har Hilde på dugnad utarbeidd planskisse for Hårfagreparken. Ho har også hatt ansvar for utforming og oppfølgjing i byggeperioden.

Leiinga for sjølve opparbeidinga av parken er utført på dugnad av Svein Helge Frækaland og Lars Håkon Seim. Teknisk etat i kommune har også gjort ein stor innsats. Leikanger kommune har i tillegg gjeve eit tilskot på kr. 50.000 til opparbeidinga. Sogelaget har også søkt om støtte frå Sparebankstiftinga i Sogn og Fjordane.

Sjølve minnesteinen, som kjem frå Sunnfjord, er plukka ut hos Håvard Ølmheim. Teksten på minneplata er utforma av Steinar Velle, medan teksten til informasjonsskiltet er utforma av Steinar Velle, Knut Henning Grepstad, Kjell Arne Valvik og Per Holen. Tor Fotland har gjort jobben med det fototekniske på skiltet.

Som de forstår er arbeidet med parken nok eit døme på at det med stor dugnadsinnsats mogeleg å realisera nye og spanande prosjekt til glede og nytte både for lokalmiljøet og for tilreisande. Eg rettar ei stor takk til alle som har medverka.

Når Hårfagreparken er ferdigstilt [2016], vil den bli gitt som gåve til Leikanger kommune, som vil ta over ansvaret for parken. Eg erklærer med dette Hårfagreparken for opna.

Meir om Harald Hårfagre

Harald Hårfagre, fødd kring år 850, død kring 933, er først og fremst kjend som kongen som samla Noreg til eitt rike. Faren hans var austlands-kongen Halvdan Svarte. Mora var Ragnhild, dotter til sognekongen Harald Gullskjegg, som var sonelaus. Harald Hårfagre arva riket i Sogn 10 år gammal. Få år etter døydde Halvdan Svarte. Farsfrendane henta då guten over til Austlandet. Med støtte frå farsslekta starta så kampen for samling av Noreg, kring år 865.

Første framstøyt var mot Trøndelag. Det vart inngått forlik med ladejarlen, den mektigaste herskaren Nordafjells Med støtte frå ladejarlen kjempa Harald Hårfagre seg vidare nedover kysten. Frå før hadde han støtte i Sogn og Sunnfjord. Etter siger i slaget i Hafrsfjord år 872 (omstridd), rådde Harald Hårfagre over alt land til og med Rogaland. Han hadde berre avgrensa rådvelde over land lenger aust.

Harald Hårfagre budde på ulike kongsgardar i Rogaland og Hordaland, men lengste tida på Avaldsnes ved Karmsundet. Kontroll med skipsleia var avgjerande for ein rikskonge. Han vart gravlagd ved Haugesund.

Harald Hårfagre hadde mange søner og døtrer frå fleire ekteskap. Favorittsonen var Eirik. Mor hans var den jyske kongsdottera Ragnhild. Harald Hårfagre gav frå seg kongemakta i 80-års alderen. Han var konge i meir enn 60 år. Eirik skullle vere overkonge over brørne, men det kom snart til full strid mellom dei. Eirik var einekonge nokre år. Han fekk tilnamnet Blodøks.

Harald Hårfagre voks opp hjå morfaren, Harald Gullskjegg i Sogn. Syrstrond (no Leikanger) er det einaste kongssetet i Sogn nemnt i gamle kjelder. Garden Husabø er seinare nemnd som kongeleg veitslegard. Det er grunn til å tru at Harald Gullskjegg budde her. Her står den høgste bautasteinen i landet frå gammal tid; Baldersteinen, ca. 8 meter høg.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Rivedal, Henning: Hårfagre-parken. I Systrendingen 2/2015.


Kleppa, Hermund: Haraldstøtta – med 29 fylkesteinar

PERMANENT IDENTIFIKATOR