Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Minnestein over falne på Borlaug



Den 30. april 1940 sette ein tysk styrke seg fast ved Borlaug bru etter at ein norsk vaktstyrke hadde trekt seg tilbake tidlegare på dagen. Utan å vita dette kom ein lastebil med norske soldatar frå Valdres køyrande ned frå Filefjellet. Ei tysk mitraljøse opna eld og fire soldatar miste livet. 17. mai 1986 vart det avduka ein minnestein over dei.

17. mai 1986 - avdukinga av minnesteinen over dei falne på Borlaug. Frå venstre Anders Lunden, ordførar Knut Hegg og major Anders Kruhaug.

17. mai 1986 - avdukinga av minnesteinen over dei falne på Borlaug. Frå venstre Anders Lunden, ordførar Knut Hegg og major Anders Kruhaug.

Eigar: Sigrid Svartefoss.

Datering: 17.05.1986.

Fotograf: Avisa Sogn og Fjordane.

Hendinga

Den 28. april 1940 gjekk ein norsk vaktstyrke på 50 mann i stilling ved Borlaug bru for å sikra brua og vegkrysset. Det var komen melding om at tyske soldatar var på veg oppover Hemsedalen. Styrken vart kort etter forsterka med to mitraljøsetroppar frå 4. Birgade i Valdres. Om kvelden 30. april fekk vaktstyrken ordre om å trekkja seg attende til Lærdal og innskipa seg for transport til Kaupanger.
Då kaptein Valen og styrken hans hadde trekt seg attende, hærsette tyskarane området ved Borlaug bru. Utan å vita dette, kom ein lastebil med soldatar frå 4. Brigade i Valdres køyrande på Filefjellsvegen mot Lærdal for å dra seg unna brigaden si overgjeving til tyskarane. To tyske mitraljøser som var plasserte ved sida av vegen, opna eld. Fire av soldatane vart drepne og fleire såra.

Dei fire som fall

Dei fire falne var frå Austlandet, og tre av dei er omtala i bokverket Våre Falne som kom ut i 1948.

KULLERUD, KRISTIAN JOHANSEN, gårdsarbeider, Røyken. Født 10. desember 1911 i Nes, Romerike, s. av Johan Martinsen Kullerud, f. 1872 i Nes, d. 1918 s. st., og Karen Bolette f. Torgrimsen, f. 1877 i Aurskog. Var med i krigen i Norge 1940 og falt 30. april 1940 ved Borlaug bru i Borgund. Gravlagt i Borgund.

STENBERG, JENS, skogsarbeider, Søndre Land. Født 29. juli 1918 i Søndre Land, s. av Ole Hansen Stenberg, f. 1878 s. st., og Sofie Steffensen, f. 1881. Var med i kampene i Norge 1940, og var i et arbeidskompani som skulle utbedre veien over Filefjell. Ble overrasket av en tysk avdeling under tilbaketrekning, og falt 30. april da han forsøkte å komme seg unna. Gravlagt i Søndre Land. Omtalt i Krig og okkupasjon (Gjøvik 1946).

HANSEN, HARRY, fabrikkarbeider, Asker. Født 20. januar 1913 i Asker, s. av Hans Hansen, f. i Asker, og Thora Marie f. Olavsen, f. 1889 i Berge i Østfold. Gift 1933 i Asker med Gerda Marie Evensen, f. 1914 i Ø. Eiker. 2 barn. Falt 30. april 1940 i Lærdal. Var på vei for å sprenge Borlaug bru, falt i tysk bakhold og ble skutt. Gravlagt i Asker.

VESTGÅRD, KÅRE, Nord-Odal, fødd 2. april 1916.

Minnesteinen

Minnesmerketpå Borlaug står oppå ein haug like ved vegkrysset E 16/Rv 52. Det går ein sti opp. På ei støypt metallplate, festa til ein nær 2 meter høg naturleg forma stein, står øvst om hendinga, deretter namna på dei falne og kvifor det vart reist ein minnestein over dei. På eiga metallplate under står at minnesmerket vart reist av Lærdal kommune 8. mai 1985.

Arbeidsnemnd

Det hadde lenge vore snakka om at det burde vore reist ein stein til minne om dei som fall i krigshandlingane ved Borlaug bru i 1940. Anders Lunden var særleg oppteken av saka og gjekk på leit etter ein høveleg stein som han fann på Fjellstad like ovanfor Borgund kraftverk. Det vart no oppretta ei arbeidsnemnd av Anders Lunden, ordførar Knut Hegg og major Anders Kruhaug, alle frå Borgund. Dei laga ein plan for arbeidet som formannskapet slutta seg til. Minnesmerket vart reist til fredsdagen, 8. mai 1985, men ikkje høgtidleg avduka før året etter. Grunnen var at arbeidsnemnda kom i tidsnaud med å få skipa til avdukingsprogram.

Avdukinga

I 1986 stod avduking av minnesmerke over dei som fall ved Borgund bru på 17. mai-programmet. Anders Lunden heldt avdukingstalen, og ordførar Knut Hegg gav ei orientering om arbeidet med å få steinen reist. Elles la major Anders Kruhaug ned krans, og det var musikk av Lærdal Musikklag.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Avisa Sogn og Fjordane. 28.05.1986.
Våre Falne. Oslo 1948.
Bragstad, Jakob: Fjordane Infanteriregiment nr. 10 i gamal og ny tid. Oslo 1996.
Opplysningar frå:
Kåre Hovland, Lærdal.

Sjå også:

PERMANENT IDENTIFIKATOR