Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 08. desember 2005

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Minnestein om kvinnegraver på Skaim



På nordsida av kyrkja på Aurlandsvangen står ein stein knytta til eit førhistorisk gravfunn på garden Skaim. Steinen er oppsett i seinare tid, men det har ikkje lukkast å få fatt i fullgode opplysningar om når steinen vart reist eller kvifor det vart gjort, heller ikkje kven som gjorde det.

Minnesteinen på kyrkjegarden ved Vangen kyrkje om gravfunn på Skaim.

Minnesteinen på kyrkjegarden ved Vangen kyrkje om gravfunn på Skaim.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2002.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Innskrifta
Steinen er ein rein naturstein med innskrift på begge sider. På framsida står:
DENNE * STEINEN * ER * OR KVINNEGRAVER * PÅ SKAIM ÅR 500 - 600
På baksida står:
FRÅ AURLAND MUSIKKLAG

Helle frå Skaim
I 1964 vart det gjort ei arkeologisk utgraving i ei rydningsrøys på Skaim. Det synte seg at under røysa låg det to graver. Begge var kvinnegraver. Den eldste, som var frå folkevandringstida, ca. 400-550 e.Kr., var dekka av nokre store heller og inneheldt ei kvinnegrav. Den eine hella (steinen) vart teken vare på og sett opp på kyrkjegarden. Innskrifta på baksida av steinen tyder på at det var Aurland Musikklag som kosta transport og inskripsjon.

Les om kvinnegravene og andre førhistoriske funn på Skaim i eigen artikkel (sjå nedanfor).

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Opplysningar frå:
Svein Indrelid, Bergen.

PERMANENT IDENTIFIKATOR