Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Minnestein om vegbygging i Henjadalen



På ei lita flate knapt 10 meter frå vegen inne i Henjadalen, står det ein uvanleg minnestein. Det var Norsk Arbeidstjeneste (AT) som reiste han i 1944, til minne om sitt eige arbeid med å byggja den om lag 5 km lange vegen opp til stølen Flyane.

Oppstillingar, pussvisitasjonar og eksersis høyrde med i arbeidstenesteleirane på same måten som i militæravdelingar. Dette biletet syner oppstilling i Lundene.

Oppstillingar, pussvisitasjonar og eksersis høyrde med i arbeidstenesteleirane på same måten som i militæravdelingar. Dette biletet syner oppstilling i Lundene.

Eigar: Fylkesarkivet, SFFf-97149.0004.

Datering: 1943.

Fotograf: Ukjend.

Steinen

Minnesteinen i Henjadalen er ein firkanta (prismeforma), utsprengd granittstein. Han er vel 1 meter høg, kring 45 cm brei og 35 cm tjukk. På framsida er innhogge Arbeidstenesta sitt merke - ein sirkel med spade og bokstavane AT -, og årstala 1943 - 44. Dette kulturminnet er uvanleg ved at det truleg er den einaste minnesteinen i fylket etter Arbeidstenesta i krigsåra 1940-1945.

Arbeidstenesta

Opphavet til Arbeidstenesta finn me i Tyskland tidleg på 1900-talet. Den ideologiske tanken bak tenesta var at byungdom gjennom eit fast organisert leirliv skulle få høve til å vera med i landbruksarbeid, - rydda og planta skog, bryta stein, grava grøfter, byggja jordbruksvegar, o.l. I Noreg var det NS-organisasjonen Nasjonal Ungdomsfylking som var fyrst ute med å skipa praktisk arbeidsteneste, ein leir utanfor Trondheim i 1934. Praktisk arbeidsteneste blei sett på som ei samfunnsnyttig ordning av folk langt ut over NS (Nasjonal Samling) sine rekkjer. Straks etter krigsutbrotet 9.4.1940 fremja Administrasjonsrådet arbeidsteneste som eit heilt upolitisk føretak for å tilføra jord- og skogbruket arbeidskraft.

Militært preg

Ved nazi-nyordninga og Quislingministeriet frå 25.9.1940, vart Arbeidstenesta førd vidare, først på frivilleg basis, men seinare ved tvungen utskriving. Dei aller fleste menige mannskapa hadde inga tilknytning til NS-rørsla. Heile ordninga fekk eit militært preg i organisasjon, utskriving av mannskap og øvingsopplegg, men likevel med den skilnaden at dei utskrivne mannskapa nytta spade i staden for gevær og dreiv med vegbygging, skogshogst o.l. i staden for krigsøvingar. Det var og ei arbeidsteneste-ordning for kvinner. Den hadde eit kornaks i symbolet sitt i staden for spade.

AT i Sogn og Fjordane

Organisatorisk låg Sogn og Fjordane under 4. distrikt saman med Bergen og Hordaland. Leiinga hadde sete i Bergen. Arbeidstenesta blei aldri stor i Sogn og Fjordane. Ho kom seint i gang og berre få stader. Utanom Leikanger, var det AT-leirar i Vik, Eid, Bremanger og Aurland.

AT i Leikanger

Arbeidstenesta heldt to arbeidsleirar i Leikanger, den eine i 1943 frå 28.05 til 14.11, den andre i 1944 frå 19.05 til 14.11. Begge leirane skulle ha ein styrke på 90 mann. Styrken vart innkvartert i ungdomshuset Leikvang på Hermansverk og i fleire hus på Henjum. Mannskap frå bygda måtte bu i lag med dei andre. Befalet budde for seg. Ved ungdomshuset vart det halde vakt døgnet rundt. Vakta stod i skilderhus, "væpna med" blankpussa ekserserspade.

Vegbygging hovudoppgåve

Hovudoppgåva til begge leirane i Leikanger var å byggja veg i Henjadalen, frå Røysum til Flya-stølen. Grunngjevinga for å byggja nett denne vegen var dei store mengdene fyringsved ein kunne ta fram. Heile prosjektet blei finansiert gjennom fleire stønadsordningar over statsbudsjettet. Utanom vegarbeidet i Henjadalen hadde AT-mannskap på Leikanger nokre andre gjeremål. Dei planta gran i Grindsdalen, tok fram ved, og rydda opp etter eit snøskred på Bakka i Nærøyfjorden.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Yttri, Gunnar: Ein veteran frå Arbeidstenesta fortel. I Kjelda, 4/1997.
Skjånes, Knut: Arbeidstenesta i Leikanger. I Systrendingen, 1/1996.
Kleppa, Hermund: Om Arbeidstenesta i Vik sommaren og hausten 1944. I Pridlao, 1/1995.
Norsk Arbeidstjeneste sine årbøker.
Norsk Arbeidstjeneste sitt meldingsblad Kunngjøring til Norges Arbeidstjeneste.

PERMANENT IDENTIFIKATOR