Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Omtalt

Publisert: 13. mars 2018

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Tre kunstverk av Skule Waksvik i Aurland



Sogn og Fjordane har minst sju arbeid av bilethoggaren Skule Waksvik. Tre av dei er å sjå i Aurland kommune; tre dyreskulpturar; eit reinsdyr, ein bjørnunge og ei geit. Dei har fått sin plass på Aurlandsvangen, i Flåm og i Undredal, til kveik både for fastbuande og tilreisande.

Reinsbukk, skulptur på Aurlandsvangen, signert bilethoggaren, Skule Waksvik (1927-2018). Kunstverket var jubileumsgåve frå Aurland Sparebank, år 1983, i høve banken sitt hundreårs-jubileum.

Reinsbukk, skulptur på Aurlandsvangen, signert bilethoggaren, Skule Waksvik (1927-2018). Kunstverket var jubileumsgåve frå Aurland Sparebank, år 1983, i høve banken sitt hundreårs-jubileum.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2018

Fotograf: Hermund Kleppa

Skule Waksvik,

fødd i Strinda (nå Trondheim) 22. desember 1927, død 8. februar 2018, er først og fremst kjend for sine framstillingar av dyr og fuglar. Ingen bilethoggar har laga fleire dyr og fuglar enn Waksvik, og ingen så mange ulike slag. Dei tre dyrefigurane i Aurland er alle signerte med SKULE og W (plassert under førenamnet), dessutan har eitt av dei datering, gjort på denne måten: 19 W 81.

Reinsdyr - Aurlandsvangen

Waksvik sitt reinsdyr, ein bukk med stort gevir, står i Bankparken på Aurlandsvangen. Parkanlegget vart opparbeidd til Aurland Sparebank sitt 100 årsjubileum i 1983. Reinsdyret har fått plass på eit stykke «høgfjell», laga av store hellesteinar henta ned frå reinen sitt rette rike, høgfjellet. Om sommaren renn friskt vatn ned frå «høgda» reinen står. I kanten av «høgfjells-landskapet» er sett opp låge, ståande steinar, eit bogastille. Eit bogastille var ei oppmuring, ei slags fangstinnretning, nytta av reinsdyrjegrar frå uminnelege tider. Det finst spor av fleire bogastille rundt om i Aurlandsheiane. Torstein A. Tokvam hadde ideen til reinsdyr-landskapet og stod for arbeidet.

Bjørnunge – Flåm

Det andre arbeidet av Skule Waksvik i Aurland har plassen sin i Flåm. Skulpturen bjørnunge er og resultat av eit sparebank-tiltak. Aurland Sparebank opna filial i Flåm i 1981, og samarbeidde nokre år seinare med Flåm utvikling om å anleggja ein liten park. Bjørnumgen fekk plass på ein av fleire store steinar i parken. Ikkje minst småungar set pris på skulpturen, og tek seg gjerne ein liten ridetur på bjørneryggen. Øyrene er blankslipte. I Flåm var det og Torstein A. Tokvam som hadde eit ord med i laget då parken blei planlagd og opparbeidd.

Geit – Undredal

Bygda Undredal har og sin spesielle park, - ein liten ein, nesten heilt nede ved fjorden. Som dei to andre parkane, er Undredal-parken og av nyare dato. Ei informasjonstavle er knytt til Geirangerfjorden og Nærøyfjorden med omliggande trakter som Verdsarvområde, - ein stein med tekstplate står til minne om folkemusikaren frå bygda, meisterspelemannen Peder Pedersen Underdal (1802-1870), - og, Skule Waksvik-skulpturen, ei geit i full storleik, som knyter an til Undredal som geitost-bygd. Skulpturen er datert 1981. På fotstykket er festa ei plate der det står LANGHUSLIN (namnet på ei spesiell geit?) og: «Gåve frå Undredal husmorlag. 27. juli 2002.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Opplysningar frå Milly Loftesnes og Terje Tokvam

PERMANENT IDENTIFIKATOR