Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 24. februar 2003

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Minnestein over kaptein Edvard Munch



KAPTEIN EDVARD MUNCH. Namnet står på det fyrste gravminnet til venstre når ein går inn på kyrkjegarden ved Eid kyrkje frå sør. På baksida står at minnesteinen vart reist i 1883 av "befal og menige ved Fjordenes Bataljon." Steinen vart reist som minne over ein avhalden kompanisjef.

<p>Minnesteinen over kaptein Edvard Munch st&aring;r p&aring; grava hans p&aring; kyrkjegarden ved Eid kyrkje. Steinen er laga i slipt marmor og vart avduka 27. juli 1883.</p>

Minnesteinen over kaptein Edvard Munch står på grava hans på kyrkjegarden ved Eid kyrkje. Steinen er laga i slipt marmor og vart avduka 27. juli 1883.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2013

Fotograf: Hermund Kleppa

Kaptein Edvard Munch

Edvard Munch, fødd 21. november 1837, var son til historikaren P. A. Munch, farbror til kunstmålaren Edvard Munch. Han vart kompanisjef ved Fjordenes Bataljon. På denne tida kunne ein offiser følgje eit kompani gjennom fleire år og på den måten verta godt kjend med soldatane. Kaptein Munch døydde brått, berre 45 år gammal. Han fall om etter ein utmarsj ein varm sommardag 10. august 1882.

Minnestein på grava

Året etter vart det avduka ein minnestein på grava hans. Steinen var kosta av befal og menige ved bataljonen, med størstedelen frå 3. kp, kaptein Munch sitt kompani.
Fjordenes Blad skreiv om avdukinga og om militærmannen og mennesket Munch. Han var ein av dei få som lever for ein ide, skreiv bladet, - han var ein militærmann tvers igjennom, men samstundes fylt med fedrelandskjærleik. Han hadde eit livskall. Dette gjorde at han var elska og avhalden, og at minnet hans vil leva, medan andre vert gløymde.

".. nedslaaende Udslag .."

Alt var likevel ikkje vel og bra ved avdukinga av denne minnesteinen. Avisstykket avslører ei stygg hending. Kaptein Blehr, som leia avdukinga, nekta ein eldre soldat å halda tale, ein som skulle tala på vegner av dei som hadde stått under kaptein Munch sin kommando. Det vart ikkje gjeve grunn for nektinga, men bladskrivaren har sine tankar i så måte:

".. det ligger nær at slutte, at midt i Smaaligheden bør man hverken tænke paa, tale om eller begeistres for det virkelig store; da Modsætningen mellom Kjærlighed og Ligegyldighed, Lyst og Kjedsomhed, vilde træde altfor skarpt frem i lyset."

Nordfjordeid ekserserplass

På Nordfjordeid var det ekserserplass i fleire hundre år før han vart nedlagd i 1967 og området overteke av Eid kommune i 1972. Ein veit ikkje nøyaktig når han vart teken i bruk. Den eldste skriftlege kjelda frå 1680 eller 1682 nemner at "paa Eydet er det Bataillionsmunderingsplads."

Ved kongeleg ordinans av 28. januar 1628 vart den norske hærmakta nyordna. Organisasjonen bygde på det legdssystemet i den gamle leidangsordninga, ei legd (geografisk område) skulle mønstra soldatar alt etter storleiken. Opplæring og øving av utskrivne soldatar gjekk lenge føre seg ved kyrkjene etter gudstenesta. Etter ei forordning av 28. februar 1705 skulle tre kompani samlast til 14 dagar bataljonsøving på Eid i juni månad kvart år. I 1828 fall rekruttøvingane ved kyrkjene bort, og no auka verksemda på Plassen.

I 1867 vart Fjordenes Bataljon i Bergenske infanteribrigade oppretta, og etter hærordninga av 1887 vart også to sunnmørske kompani trekte over til Nordfjordeid. Under rekruttøvingane kunne det vera 300 soldatar på ein gong, medan det under bataljonsøvingane kunne vera opp mot 1500.

Åra fram mot århundreskiftet 1800/1900 vert rekna som ekserserplassen si velmaktstid. Under samlingane var det full aktivitet med marsjøvingar, stridsøvingar og skyteøvingar.

Frå 1930 vart bataljonen innlemma i Infanteriregiment 10 og mykje av aktiviteten lagt til Voss. Etter 1945 var også ein del øvingar på den gamle ekserserplassen før avviklinga kom i 1967.

Oppstilling om søndagen

Kaptein Edvard Os (1885-1970) har fortalt om eksersis-tida på Nordfjordeid, mellom anna har han skildra oppstilling søndag morgon:

"Kvar sundag kl. 9 var det bataljonsmønstring på plassen med oppstilling i kompanifirkantar. Bygdefolket kom ofte langvegs for å sjå skodespelet. Obersten på den langbeinte hesten sin reid langs linene, såg vel over kvar einaste mann frå kusken til kompanisjefane om dei hadde alt sitt på stell, og framom alt reglementert, banna så det ljoma på husveggene når han fann noko åfått, og smelte ridepiska mot støvleskaftet så det gnall i øyro."

Så var det kommando til bøn med salmesong av alle og fadervår av eldste fanejunkeren. Parade med snorbeine pelotongar i linemars framom obersten var slutten og toppen i dette glansfulle teaterstykket.

kjelder:

Bragstad, Jakob: Fjordane infanteriregiment nr. 10 i gamal og ny tid. Oslo 1996.
Oos, Peder P.: Nordfjordeid eksersisplass. I Sogeskrift for Eid. 1994.
Fjordenes Blad. 31.07.1883. Nordfjordeid.
Amdahl: (Om eksersisplassen på Nordfjordeid) I Norsk militært tidsskrift. Kring 1934.
Kiil, Alf: Arkivkunnskap. Statsarkiva. Universitetsforlaget 1969.

PERMANENT IDENTIFIKATOR