Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 03. desember 2000

Sist oppdatert 30. juni 2021

Kategori

Kommune

Rå-data

Minnestein over oberst Rasmus Hatledal



Den 5. oktober 1991 vart det avduka ein minnestein over oberst Rasmus Hatledal ved ungdomshuset i Markane. Hatledal var generalstabssjef ved krigsutbrotet 9. april 1940. På steinen er også namna på soldatar som fall i krigane 1807-1814 og 1940-1945.

Minnesteinen over oberst Rasmus Hatledal står ved ungdomshuset Skogstjerna like ved riksvegen i Markane. Heimbygda, vener og kommunane i Nordfjord reiste minnesmerket i 1991.

Minnesteinen over oberst Rasmus Hatledal står ved ungdomshuset Skogstjerna like ved riksvegen i Markane. Heimbygda, vener og kommunane i Nordfjord reiste minnesmerket i 1991.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2000.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Rasmus Hatledal

Portrettbilete av Rasmus Hatledal.

Oberst Rasmus Hatledal, fødd på garden Hatledal i Stryn 1.2.1885, var son til bonde Lars Rasmussen Dale og Johanne Berte Knudsdotter Hatledal. Etter den obligatoriske allmugeskulen i omgangsskule, gjekk han eit vinterskulekurs hjå kaptein J. Myklebust på Nordfjordeid. Vidare tok han mellomskuleeksamen, gjekk eit 2 års kurs på Ragna Nielsens skule i Oslo og tok studenteksamen.

Hatledal slo deretter inn på ein militær utdannings- og yrkesveg. Han tok krigsskule-eksamen i 1907, militær høgskuleeksamen 1909 og generalstab-eksamen i 1922. Frå 1909 var han adjutant ved Hardanger bataljon. I 1911 gjekk han inn i Generalstaben og gjekk gradene der. Han vart oberst og sjef for Generalstaben 12. september 1938.

Arbeidde for politisk forståing for sterkare forsvar

Som generalstabssjef arbeidde Rasmus Hatledal hardt for å styrkja det norske forsvaret og nøytralitetsvernet. Våren 1940 ottast han kva som kunne koma, og i veka før 9. april gjekk han sterkt inn for å få i stand mobilisering, men utan å få politisk tilslutning. Då mobiliseringsordren vart gjeven morgonen 9. april for 24 000 mann, tøygde han ordren til å omfatta 14 000 mann i tillegg. Dessutan vart mobiliseringsdagen sett til den 11. april som etter reglane skulle vore den 13. (Mange stader møtte dei fyrste av mannskapa på mobiliseringstadene same dagen som ordren vart gjeven).

På invasjonsdagen greidde kongen, regjeringa og generalstaben å koma ut frå hovudstaden. Tyskarane sette etter, men snudde etter ei trefning ved ei vegsperring på Midtskogen. I ettertid har denne vegsperringa fått hovudæra for at tyskarane ikkje greidde å ta kongen og regjeringa. Sperringa vart sett opp etter ordre frå generalstabssjefen, oberst Hatledal. Kort tid etter, midt under felttoget i Sør-Noreg, måtte Hatledal sjukemeldast grunna overarbeid gjennom lang tid.

Straks han kjende seg arbeidsfør att, melde han frå til dei norske styresmaktene i London at han var klar for innsats. Fluktrute til Sverige var ordna. Då den norske regjeringa i London ikkje synte interesse, valde Hatledal å gå i tysk krigsfangenskap, fyrst på Grini, seinare i Tyskland.

Full støtte frå granskingskommisjonen

Etter krigen vart det nedsett ein granskingskommisjon til å klårleggja styresmaktene si handling ved okkupasjonen. Generalstabsjefen sine "ekstratiltak" ved mobiliseringa vart òg granska. Kommisjonen levnar korkje utanriksminister Koth, forsvarsminister Ljungberg eller kommanderande general Laake særleg ære. Om oberst Hatledal står det derimot:

" - I seg selv er det naturligvis en betenkelig sak å handle i strid med direktiver fra overordnet myndighet. Kommisjonen finner til tross herfor å måtte uttale sin anerkjennelse overfor oberst Hatledal for hans tiltak.- "

Om reaksjonen frå Hatledal på ordren frå forsvarsministeren om stille mobilisering, uttalar kommisjonen:

" - Det må ansees på det rene at generalstabsjefen har protestert mot ordren, og fremholdt at det ikke var tid til stille mobilisering, det måtte skje med allminnelig mobilisering og fremmøte straks. Ordren er imidlertid utført etter statsrådens bestemmelse, men utvidet så meget som mulig. - "

Høvde dårleg når handlingslamminga 9. april skulle gløymast

Redaktør Inge Fænn skreiv ein artikkel om generalstabssjef Rasmus Hatledal i Årsskrift for Stryn historielag 1994. Tittelen er: "Han tala regjeringa midt imot." Granskingskommisjonen ga Hatledal full oppreising for den kritikken som hadde falle tidlegare, og han vart i 1949 utnemnd til Kommandør av St. Olavs Orden, men samstundes, skriv Fænn, kvarv han ut av det forsvarspolititiske biletet. "Han høvde dårleg inn når den handlingslammande haldninga frå våren 1940 skulle gløymast".
I 1948 vart Hatledal kartredaktør i Norges Geografiske Oppmåling, og sekretær i Flykartnemnda.

Målmann og historieinteressert

Rasmus Hatledal var målmann og aktiv i målreisingsarbeidet. Han arbeidde for auka bruk av nynorsk i forsvaret, og har hovudæra for at det vart utarbeidd militære lærebøker på nynorsk. Hatledal var med i styret for Bondeungdomslaget i Oslo i åra 1913-1915 og frå 1932 i mange år revisor i Det Norske Samlaget.

Rasmus Hatledal var medarbeidar i Nordfjord Skyttarsamlag si 50 årssoge til jubileumsåret 1957. Eit kapitel handlar om nordfjordingar som soldatar i krig og fred. Frå hans eigen heimstad, grendene Svarstad, Faleide og Markane, var det ikkje mindre enn 8 som sette livet til i krigsåra 1807-1814. Han meinte det var ein historisk urett at bygda ikkje hadde heidra desse med eit minnesmerke.
Det vart retta på, men ikkje medan Hatledal levde.

Gravferda

Rasmus Hatledal døydde i juli 1963 og vart gravlagd i Oslo, der han budde. Ein av kransane var frå kong Olav V. På sløyfa stod: " Takk for alt - Kongen ".

På kransen frå kameratar av offisersårgangen 1907 stod: "I minnet vårt vil Rasmus Hatledal alltid vera det heilskorne mønsteret og handgripelege symbolet på godt menneskeleg kameratskap etter dei strenge krava som rår og bør rå mellom kadettar og offiserar."

Minnesmerke

Det er heimbygda, kommunane i Nordfjord og vener frå forsvaret som står bak minnesmerket ved ungdomshuset Skogstjerna like ved riksvegen i Markane. Tanken kom opp i 1985, hundre år etter Hatledal vart fødd. Sjefen i Infanteriregiment 10, Ola Litleskare, gav si tilslutning til planane, og det vart vald ei nemnd med Inge Fænn som formann og fylgjande medlemmer: Ivar Kyrkjeeide, Eivind Skjerven, Kåre Torheim, Kåre Grodås, og seinare Leiv Blakset. Lars Hatledal var heile tida med som familien sin representant.

Minnesmerket vart avduka laurdag 5. oktober 1991. På bautasteinen er eit ansiktsrelieff laga etter teikning av major Andreas Hauge. Han gjorde arbeidet "til minne om ein stor offiser". Minnesteinen over oberst Rasmus Hatledal er også eit æreminne for dei 8 soldatane som let livet i krigsteneste i åra 1807-1814 og for ein som miste livet i krigen 1940-1945. På denne måten vart ynskjet til Hatledal oppfylt om å reisa eit heidersminne for sambygdingar som hadde sett livet til for fridom og fedreland.

Bilete av minnesmerket til Rasmus Hatledal.

Bilete av ei bronseplate som står ved foten av minnesmerket.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Christensen, Chr. A. R.: Vårt folks historie. Bind IX. Oslo 1961.
Hatledal, Lars: Avduking av bauta og minnestein. I Fjordingen 28.09.1991.
Avisa Fjordingen 09.10.1991. Stryn.
Fænn, Inge: Generalstabsjef Rasmus Hatledal: Han tala regjeringa midt imot. I Stryn historielag. Årsskrift 1994. Stryn 1994.
Os, Edvard: Eit portrett av generalstabsjefen vår i 1940 oberst Rasmus Hatledal. I Årbok for Nordfjord 1967. Sandane 1967.

PERMANENT IDENTIFIKATOR