Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 28. mars 2006

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

Nordsjøfarten - Minnesmerke i Scalloway



Byen Scalloway på Shetland var i åra 1942 -1945 base i Nordsjøfarten (på Shetland kjend som The Shetland Bus), - den organiserte trafikken over Nordsjøen med agentar, utstyr, våpen og flyktningar. Det finst ei rekkje minnesmerke om denne farten, både i Noreg og på Shetland. I Scalloway er det fleire Shetland Bus-minnesmerke.

The Shetland Bus-mission, den organiserte trafikken mellom Shetland og Noreg under andre verdskrigen, har stor plass hjå shetlendarane. Desse utstillingsplansjane i hovudgata i Scalloway er laga av grunnskulen i byen. Her studerer Elisabeth Kleppa ei av dei.

The Shetland Bus-mission, den organiserte trafikken mellom Shetland og Noreg under andre verdskrigen, har stor plass hjå shetlendarane. Desse utstillingsplansjane i hovudgata i Scalloway er laga av grunnskulen i byen. Her studerer Elisabeth Kleppa ei av dei.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2005

Fotograf: Hermund Kleppa

Under britisk/norsk leiing

Den organiserte fraktfarten mellom Shetland og Noreg med base på Shetland byrja under britisk leiing hausten 1940. Sommaren 1941 vart operasjonane trappa opp og basen flytta frå Lerwick til Lunna, kring 40 km lenger nord. I 1942 vart verksemda underlagt norsk leiing som Norwegian Naval Independent Unit. Same året vart operasjonsbasen flytta frå Lunna til Scalloway.

Norsk mannskap

Den fyrste tida vart berre norske fiskebåtar brukte i The Shetland Bus-operasjonane, men hausten 1943 vart dei erstatta av tre amerikanske ubåtjagarar omdøypte til "Hessa", "Vigra" og "Hitra". Mannskapa var heile tida norske, men mange shetlendarar og andre britar var med i hjelpeapparatet på land. Engelskmannen David Howarth var operasjonssjef. Dei norske sjøfolka vart innrullerte i Den norske marine og vart etter krigen omtala som Shetlandsgjengen.

Nordsjøfarten og Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane har ein stor plass i Nordsjøfarten. Mange av ungdommane frå fylket som rømde landet for å vera med i motstandskampen, vart valde ut til mannskap i Nordsjøfarten og ikkje få fiskefarty frå fylket kom med som "shetlandsbåtar". Fleire stader på kysten i Sogn og Fjordane eigna seg godt for lossing av våpen og anna utstyr til motstandsrørsla og for ilandstjing og henting av folk.

Shetland Bus Memorial

I 2001 gjorde Scalloway Community Council vedtak om å reisa eit sams minnesmerke om The Shetland Bus. På eit stort folkemøte vart interesselaget Shetland Bus Friendship Society starta. Ein komite fekk som oppgåve å få reist minnesmerket.

The Shetland Bus Memorial i Scalloway har ei avkorta kjegleform med innfelte tekstplater i bronse og ein modell av ein fiskekuttar på toppen. Steinane er frå stader både på Shetland og i Noreg som hadde tilknytning til The Shetland Bus-operasjonane. Sogn og Fjordane er representert med steinar frå kommunane Gulen, Solund, Askvoll, Flora og Bremanger.

Minnesmerket vart avduka 21. juni 2003. På ei av bronseplatene står:
"We remember with deep respect and * gratitude all who contributed to the * work of the Shetland Bus in Shetland and in * Norway and on the stormy seas between. * They gave their all for freedom." På dei andre platene står namna på dei falne.

Falne i Shetlandsgjengen frå Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane måtte også ta sin del av tapa. Shetlandsgjengen mista 44 mann. 11 var frå Sogn og Fjordane, alle frå kystkommunane; - 5 frå Solund, 2 frå Flora, 2 frå Bremanger, 1 frå Askvoll og 1 frå Gulen.

Ove Ålen, Askvoll
Bård O. Grotle, Bremanger
Ola Grotle, Bremanger
Birger O. Bjørnsen, Flora
Olav L. Kinn, Flora
Arthur Byrknes, Gulen
Andreas Geiterøy, Solund
Harald Notøy, Solund
Sverre Kverhellen, Solund
Magnus I. Kvalvik, Solund
Sjur O. Trovåg, Solund


 

Minneplate om kronprinsbesøk

Hausten 1942 fekk basen besøk av kronprins Olav. David Howarth fortel om besøket i boka si The Shetland Bus, og oppsummerer med fylgjande:

"His visit raised everyones morale to new heights. We had alwas felt ourselves that we were doing something worth while; and his interest and approval was an offical confirmation of our private belief."

Kronprinsen gav seinare løyve til å gje slippen i Scalloway namn etter han, og det vart sett opp ein plakett med denne ordlyden:

"Prince Olav Slipway * Visited by Olav * Crown prince of Norway * 14th October 1942"

I 1998 vart plaketten supplert med ein annan plakett til minne om den best kjende skipperen i Shetlandsgjengen, Leif Andreas Larsen, betre kjend som Shetlands-Larsen. På denne står:

"In memory of * Leif Andreas Larsen "Shetlands" Larsen * and all concerned with the * Shetland Bus * Unveiled by his daughter Astrid * 3. August 1991"

Minneplate i Scalloway Hall

I storsalen i Scalloway Hall finst eit innramma minnesmerke samansett av eit signalflagg i kopar med inngravert tekst. Det er ei takkehelsing frå Shetlandsgjengen til folket i Scalloway:

"To the people of Scalloway. Thank you for the  time we had during the second world war  and all the meetings later. We wish you well  for the future. Best wishes from the Norwegians The Shetland gang. 5th June 1988."

 

kjelder:

Howarth, David: The Shetland Bus. 1951. New edition 1998. The Shetland Times Ltd.
Norsk Krigsleksikon 1940-1945. Oslo 1995.
Heggheim, Trygve: Nordsjøtrafikken. I Krigsår. Liv og lagnader i Sogn og Fjordane 1940-1945. Selja Forlag 2005.
Shetland Bus Memorial. Souvenir Booklet. (2003).