Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 03. februar 2003

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Minnestein over skulestyrar Elias Ryssdal



Firda vidaregåande skule på Sandane byrja som Firda gymnas i 1922. Den fyrste styraren var Elias Ryssdal. Ved 25-årshøgtida reiste elevar ein minnestein på grava hans. I 1997 vart steinen flytta til Firda vidaregåande skule.

Minnesteinen over Elias Ryssdal ved Firda vidaregåande skule. Steinen stod tidlegare på grava hans på Fredly kyrkjegard. 23. august 1997 vart minnesteinen avduka etter flyttinga til Firda vgs. Her er dotter til Elias Ryssdal, Hallgjerd Ryssdal Søndenå, og rektor Ragnar Eimhjellen ved minnesteinen på avdukingsdagen.

Minnesteinen over Elias Ryssdal ved Firda vidaregåande skule. Steinen stod tidlegare på grava hans på Fredly kyrkjegard. 23. august 1997 vart minnesteinen avduka etter flyttinga til Firda vgs. Her er dotter til Elias Ryssdal, Hallgjerd Ryssdal Søndenå, og rektor Ragnar Eimhjellen ved minnesteinen på avdukingsdagen.

Eigar: Meir enn ein skule.

Datering: 2003.

Fotograf: Inger Halldis Aske Lothe, Firda Tidend.

Firda gymnas - Firda vidaregåande skule

Firda gymnas på Sandane tok til hausten 1922 etter opptak frå Firda Mållag og Firda Ungdomslag. Skulen vart seinare statleg landsgymnas og supplert med realskule under namnet Firda gymnas og realskule. Realskulen fall bort då ni-årig grunnskule vart innført i 1960-åra. I 1985 vart namnet endra til Firda vidaregåande skule.

Biografi

Den fyrste styraren var Elias Ryssdal. I avisa Firda Tidend, 29.08.1947, står følgjande omtale:

Elias Ryssdal var fødd i Gloppen 24. okt. 1888. I åra 1910-14 var han lærar ved Volda lærarskule. I fire år studerte han så realfag og vart lærar ved ved Hornnes landsgymnas. Der var han frå 1918 til 1922 då han kom til Firda og overtok styrarstillinga, som han sa frå seg i 1927. Naturvitskapleg embetseksamen tok han i 1928 og var lektor til han døydde i 1937.

Minnesteinen

Elias Ryssdal døydde 17. april 1937 og vart gravlagd på Fredly kyrkjegard på Sandane. I samband med 25-årshøgtida på skulen i 1947, vart det reist ein minnestein i hoggen granitt med portrettrelieff i bronse på grava hans. Steinen ber følgjande innskrift: ELIAS RYSSDAL * 14/10 1888 * 17/4 1937 * Reist av takksame elevar * og vener.

Avdukingshøgtida

Minnesteinen vart avduka søndag 31. august 1947. Lærar Ola Sande heldt avdukingstalen. Han gjorde greie for kva Ryssdal hadde hatt å seia for skulen i oppstartingsåra, som formann i byggjenemnda, som styrar og som lærar. Men Ryssdal var ikkje berre ein dugande skulemann, sa talaren, han femnde også om andre yrke.

- Han var særs kunnskapsrik og fylgde levande med i alle spørsmål og tankar som var oppe i tida. Difor gløymer nok ikkje elevane timane under hans lærestol. Ja, kan henda dei best vil minnast når han gjekk utanom lekse og pensum. Då kom hans store personlege gjevnad og gode hjartelag fram. Og han var umåteleg vyrk for elevane og ville alltid deira beste både for skulen og utanom, sa Sande mellom anna i talen sin.

Etter talen bar lektor Holmås fra ei særskild takk frå alle som hadde hatt Ryssdal som lærar. Til slutt takka fru Ryssdal på vegner av familen og lova å vyrdsla vel om minnesteinen.

kjelder:

Firda Tidend. 29.08 og 02.09.1947. Sandane.
Opplysningar frå Firda vidaregåande skule.

PERMANENT IDENTIFIKATOR