Biografi i bokverket Våre falne
"Jahn Iver Kornbrekke, politikonstabel, Evje. Født 23. februar 1919 i Brooklyn, sønn av Johannes Johannesen Kornbrekke, født 1886 i Vestre Moland, død 1920 i Brooklyn, og Emma født Odde, født 1884 i Evje. Ungdomsskole, skoleskipskurs. Var til sjøs før krigen. Tjenestgjorde i Marinen da krigen brøt ut i Norge. Senere kom han inn i polititjenesten, og ble arrestert 16. august 1943 under aksjonen mot politiet. Satt først fengslet i Bergen, kom 21. november 1943 til Grini, ble sendt derfra 9. desember s.å. til Stutthof, hvor han døde 14. mai 1944. Gravlagt i Stutthof.
Barndommen
Ragnhild Vesland, søskenbarn til Jahn, har fortalt om barndomen til Jahn.
"Jan var berre eitt år då mora kom heim med han frå Amerika. Dei busette seg i Jokelid [i Evje] der far til (..) Emma [mor til Jahn] då budde. Soleis fekk Jan nokre fine barneår med både mamma og bestefar til å ta vare på seg. Då verksomheten ved Flåt gruve kom i gang att, i 1927 var det vel, fekk tante Emma arbeid der, "på reima" som me sa. Då var bestefar borte, så Jan fekk mange dagar han måtte vere åleine heime. Eg minnes godt at han titt kom til oss på Odde - me var så mange sysken - og såg med glede på at det kom fleire med i leiken."
Hardt for Emma
Ragnhild Vesland har også fortalt om Emma og kor hardt det var for henne, først å mista mannen, og så å mista den einaste sonen.
"Tante Emma er eit av dei mest varmhjarta og oppofrande menneske eg har kjent. Sjølvsagt vart det sonen Jan som ho ofra seg mest for - alt gjorde ho med glede. Ikkje godt å forstå at just ho skulle rammast så hardt på sine gamle dagar. Fyrst arrestasjonen av Jan, så dødsbodskapen om at Jan var død. Eg var heime på Odde den dagen presten Kvamsdal ringde og bad oss bringa Emma bodskapen om at Jan var død. - Var det for tung bodskap for han å bringa, har eg ofte undrast på.. Men mamma fekk han med seg. Sorga tante Emma fekk å bere på resten av livet er ubeskrivelig."
Omtale i skrift om falne politimenn
Norsk politihistorisk selskap har gjeve ut eit skrift om politifangane som sette livet til under krigen. Kornbrekke sin medfange, Anders Eckhoff, seinare politimeister i Kristiansand, skreiv mellom anna dette om Jahn Kornbrekke:
"Jeg lærte Jahn Kornbrekke å kjenne da han tjenestegjorde i Kristiansand [ei kort tid før han kom til Øvre Årdal], og i Stutthof ble kjennskapet utdypet. Han var en tjenestvillig og dyktig politimann og en usedvanleig grei kollega å samarbeide med.
I Stutthof var han en av dem som aldri klaget og som aldri stakk seg fram. Han var beskjeden og stille i all sin ferd. Da han ble syk og skjønte hvor det bar hen, tror jeg han tenkte mer på sin mor og hvorledes hun skulle greie seg, enn på seg selv og sin egen skjebne. Han døde stille på leirens sykehus 14. mai 1944. Det lykkes oss ikke å få tak i hans urne og det er tvilsomt om den finnes noe sted.
På minnemonument
På heimstaden til Jahn Kornbrekke, Evje i Setesdal, reiste dei hausten 1946 eit minnemonument over sju evjedøler som fall i fridomskampen. Øvst på namnesteinen står innhogge: DESSE SETTE LIVET * TIL FOR FEDRELANDET * I KRIGEN 1940-1945. Under dei sju namna står: GUD SIGNE VÅRT DYRE FEDRELAND
Minnesmerket står ved Evje kyrkje.
Minnebilete
Kort tid før politikammera i Sogn og Fjordane i 2002 vart slegne saman til Sogn og Fjordane politidistrikt, sende Erik Dahlin (sjå nedanfor) eit oversyn over dei opplysningane han hadde om Jahn Kornbrekke til Sogn politikammer. Tanken var at Sogn politikammer kunne laga eit bilete av Kornbrekke og ramma det inn saman med opplysningane. Me kjenner ikkje til om det vart gjort.
Om aksjonen mot politiet
Tidleg om morgonen 16. august 1943 arresterte det tyske statspolitiet (Gestapo) 470 norsk politifolk rundt om i heile landet. Dei vart etterkvart samla på i fangeleirane Grini ved Oslo og Falstad i Trøndelag. 8. desember 1943 vart 271 stuva om bord i fangeskipet Donau og transporterte til Stettin i Tyskland, derifrå gjekk vegen vidare austover til Stutthof.
Stutthof er ein landsby ved Danzig-bukta der tyskarane bygde ein konsentrasjonsleir kort tid etter okkupasjonen av Polen i 1939. Leiren var heile tida under utbygging og dekka dei siste krigsåra eit stort område med mange einingar. Dei 271 norske politifangane kom til Stutthof i desember 1943.
Då dei sovjetiske styrkane braut gjennom dei tyske forsvarsverka aust i Polen vinteren 1944/1945, vart fangane i Stutthof frå 26. januar 1945 drivne på marsj, - først vestover, seinare attende til leiren og på ny vestover. Mange miste livet i det som vart reine dødsmarsjane. For dei som ikkje makta å fylgja med, var det ingen nåde. Mesteparten av dei norske politifangane vart i slutten av april stua om bord i lektarar som sette kursen vestover. Dei kom fram til Neustad ved Lubeck og fekk fridomen 3. mai 1945.
Frå Sogn og Fjordane
I Sogn og Fjordane arresterte Gestapo ti politimenn. Politimeister ved Sogn politikammer, Finn Dahlin, var ein av dei. Han skreiv dagbok i fangetida. Sonen Erik Dahlin redigerte dagbøkene for boka De trodde på EN NY DAG - om politi, krig, fangenskap og befrielse som kom ut i 2002.
Fangeregisteret i boka viser at ti av tysklandsfangane var i teneste i Sogn og Fjordane, og at to av dei miste livet i fangenskapet, Jahn Kornbrekke og Jostein Knapstad. Registeret har følgjande opplysningar: løpenummer, sonderlagernummer, Grini/Falstad-nummer, etternamn, førenamn, fødselsdato og år, død, stilling i 1943, arbeidsstad i 1943, befridd i 1945. Nedanfor fylgjer politifangane frå Sogn og Fjordane i alfabetisk rekkefølgje. I tillegg til namnet er teke med: stilling i 1943 og arbeidsstad.
Jahn Kornbrekke, politikonstabel, Øvre Årdal, døydde i fangenskap, 14. mai 1944.
Jostein Knapstad, politikonstabel, Florø, døydde i fangenskap, 17. mars 1944.
Finn Dahlin, politimeister i Sogn.
Arne Domben, politikonstabel, Florø.
Arne Reinhardt Hægeland, politikonstabel, Øvre Årdal.
Robert Wilhelm Moe, politikonstabel, Sogn og Fjordane fylkeskommune.
Per Nordahl, politikonstabel, Sogn.
Olav Skjerven, politikonstabel, Sogn og Fjordane fylkeskommune.
Kristoffer Sæbø, politikonstabel, Sogn.
Trygve Thomasgaard, politikonstabel, Måløy.