Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 06. oktober 2005

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Skulptur av Pål Bårdsson - prest i Undredal og erkebiskop



Mange kyrkjer har portrett av eigne prestar for fleire hundre år sidan. Ingen kjem opp mot kyrkja i Undredal. Undredølene kan skryta av å ha "bilete" av ein av prestane sine på 1300-talet, i form av ein skulptur i Nidarosdomen. Pål Bårdsson var ikkje prest i vanleg forstand. Han var ei tid tillagt inntektene av kyrkja.

15. juli 1953 gav Postverket ut eit minnefrimerke i høve 800-årsjubileet for norsk bispesete i Nidaros. Skulpturen av Pål Bårdsson pryder frimerket.

15. juli 1953 gav Postverket ut eit minnefrimerke i høve 800-årsjubileet for norsk bispesete i Nidaros. Skulpturen av Pål Bårdsson pryder frimerket.

Erkebiskop i stein

Skulpturen av erkebiskop i Nidaros, Pål Bårdsson, står 2, 5 m over golvet i oktogonen på Nidarosdomen på skrankeveggen som skil omgangen frå det indre rommet med høgaltaret. Skulpturen er i naturleg storleik, og er laga i samband med oppattbygginga av denne delen av oktogonen etter den store brannen i 1328, truleg før Svartedauden i 1349. Det finst ingen opplysingar om kven som har laga skulpturen, men det er ein av bilethoggarane som var tilknytta domkyrkja sin verkstad i denne perioden. Skulpturen står på sin opphavlege plass. Under skulpturen hadde erkebiskopen sin plass når han tok del i store seremoniar ved høgaltaret og Olavsskrinet.

Stavkyrkja i Undredal

Kyrkja slik ho står fram i dag, er frå 1700-talet. Frå den eldste kyrkja er berre ein del av skipet att, - dei fire hjørnestavane, nord- og sørveggen og takkonstruksjonane.

Pål Bårdsson

Pål Bårdsson var erkebiskop i Nidaros frå 1333 til han døydde 1346. Vi veit ikkje noko om slekta hans eller kvar han kom frå i landet. Han er fyrst nemnd i skriftlege kjelder frå 1309 og utover som korsbror ved domkyrkja i Bergen. I åra fram til 1326 tok han utdanning ved fleire universitet i Europa. Han tok doktorgrad både i romersk og kanonisk rett og fekk tittelen docor utrisque juris.

Det var i studietida han vart prest i Undredal ved at biskop Audfinn i Bergen let han få inntektene av St. Nicolaus kapell i Undredal. Dokumentet på dette finst ikkje lenger i original, men ei avskrift ligg i Det kongelege bibliotek i København. Brevet er ikkje datert, men i dokumentsamlinga Diplomatarium Norvegicum er det tidfesta til 1321, i anna kjeldesamling til 1326. Han kom heim til Noreg i 1326 og vart då kanslar hjå kong Magnus 5. Eriksson og prost ved Mariakyrkja i Oslo. Inntektene av kapellet i "Undradal" hadde han til han vart erkebiskop i 1333.

Ikkje prest i vanleg forstand

Pål Bårdsson var ikkje prest i vanleg forstand, og det kan vera misvisande å omtala han somprest i Underdal, slik det førekjem i lokalhistoriske bøker. For det fyrste veit ikkje om han i det heile teke nokon gong sette sine føter i Aurland. Det som er sikkert, er at han fekk tillagt inntektene av kyrkja i Underdal i 1321 eller 1326. I dokumentet har han tittelensirasom ofte vart brukt om prestar i middelalderen, men som i røynda er ein herre-tittel. For det andre vart Pål Bårdsson ikkje vigsla til prest før i 1333 og då fordi han elles ikkje kunne ta imot den høgare vigslinga til erkebiskop.

- Korkje Pål Bårdsson eller føregjengaren hans, erkebiskop Eiliv, kan ha kjent seg kalla til å vera prest og sjelesyrgjar, skriv Olav Marthinsen i Den katolske kyrkja i Noreg si informasjonsteneste. Dei må begge ha visst at evnene deira gjekk meir i administrativ retning.
Prest eller ikkje prest, Pål Bårdsson høyrer i alle høve med i omtale av prestane i Undredal.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Djupedal, Torkjell: Undredal. Kyrkja og bygda. Selja forlag 1997.


Ohnstad, Anders: Aurland bygdebok. Fram til om lag 1920. Aurland Sogelag 1962.

 


Norsk Biografisk Leksikon. Bind X. 1949.


Informasjon frå: Øystein Ekroll, Nidaros domkirkes restaureringsarbeider.

PERMANENT IDENTIFIKATOR