Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 26. november 2001

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Minnesmerke om Blia-forliset



Under krigen 1940-1945 var det heile tida illegal trafikk mellom Norge og England. Ikkje alle kom fram. I november 1941 forliste motorskøyta <i>Blia</i> i ein voldsom orkan. Alle 43 om bord omkom. To var frå Sogn og Fjordane. Femti år etter reiste Bømlo kommune ei minnestøtte om det verste forliset i Englandsfarten.

"Blia"-forliset i november 1941. Fotografi av målarstykke laga av Ants Lepson på grunnlag av innsamla data om båten av Trond Strandenes, nevø av ein av dei omkomne.

"Blia"-forliset i november 1941. Fotografi av målarstykke laga av Ants Lepson på grunnlag av innsamla data om båten av Trond Strandenes, nevø av ein av dei omkomne.

Eigar: Gunnar Strandenes.

Datering: 1995 (maleri).

Fotograf: Ukjend.

Minnestøtta

Øvst på minnestøtta står: TIL MINNE OM * M/S "BLIA" * SOM FORLOT ØKLANDSVÅGEN * PÅ VEG TIL SHETLAND * MED 43 NORSKE * MOTSTANDSFOLK OMBORD
Så fylgjer namna i alfabetisk rekkefølgje. Nede står: FALL FOR NORGE I KRIGEN * 1940 - 1945 * REIST AV BØMLO KOMMUNE

Hendinga

Då krigen braut ut i 1940, vart det straks behov for båtar til Englandsfarten. Med løyve frå eigarane vart Blia "stolen" og kom til Shetland 15. mars 1941 med 20 mann om bord. Båten hadde tre turar til Norge før han 9. november same året gjekk til Bremnes for å henta motstandsmannen Bernhard Håvardsholm.
På denne tida hadde Gestpo rulla opp fleire motstandsgrupper i bergens-området, og på Bømlo hadde det samla seg mange flyktningar som venta på transport, fleire enn båten kunne ta med. Blia gjekk ut frå Øklandsvågen om kvelden 11. november.
Båten kom ut for ein frykteleg storm som varde i fleire døgn. På Shetland vart det mælt vindstyrke på over 160 km i timen, og folk på norskekysten meinte det var den verste orkanen på 40 år.
Blia kom aldri til Shetland og ingen veit kva som skjedde, men truleg vart båten broten ned ikkje langt frå norskekysten.

To frå Sogn og Fjordane

To av dei 43 omkomne var frå Sogn og Fjordane, Birger Bjørnsen frå noverande Flora kommune og Billy Forthun frå Fjaler, under krigen busett i Bergen. Begge har namna sine på minnesteinar i høvesvis Florø og Dale. I bokverket Våre Falne står desse biografiane:

"BJØRNSEN, BIRGER ODDMUND, sjømann og fisker, Kinn. Født 25. juli 1920 i Kinn, s. av Albert Tommasen Bjørnsen, f. 1889 i Kinn, og Amanda f. Andersen, f. 1896 s. st. Tjenestgjorde under krigen som dekksmann i Den norske marine, og gikk ned med m/k Blia etter utførelse av spesiell tjeneste den 15. november 1941."

"FORTHUN, BILLY INGVALD, maskinistlærling, Bergen. Født 17. september 1919 i Ulvik, s. av Bjarne Forthun, f. 1896 i Fjaler, og hustru Ingeborg, f. 1901, d. 1928 i Fjaler. Hadde forbindelse med Stein-organisasjonen, lærte kodetelegrafi for sending fra Norge. Omkom høsten 1941 med m/k Blia under forsøk på å komme til England."

Avdukinga

Minnestøtta vart avduka 10. november 1991, 50 år etter at Blia gjekk ut frå Øklandsvågen. Høgtida tok til i kyrkja der krigsveteranar stod æresvakt saman med speidarar og militært personell. Før preika las Annbjørg Legland diktet "Falne frende", og etter preika kveikte Gunnar Strandenes minnelys over dei omkomne.
Etterpå samlast folket ved minnestøtta. Kring 600 pårørande, slektningar, vener og krigsveteranar stod ring om minnesmerket då ordførar Annemor Jensen i Bømlo kommune avduka steinen.
Det vart lagt ned krans frå Bømlo kommune, Forsvaret, Bergens Forsvarsforening, Krigsinvalideforbundet, Bømlo Krigsinvalideforening, Stord og Fitjar Krigsinvalideforening, Marinens Krigsseilere, Veteranrådet 1940-45, Royal Airforce Association, Shetland-Norge Foreningen, Kompani Linge, Shetlandsgjengen, Sjøheimevernet og etterkomarar av eigarane av Blia.

kjelder:

Strandenes, Gunnar: "Blia"s forlis. Englandsfartens største tap. I L-avisen. Julenr. 2001.
L-avisen. Julenr. 1991.
Våre falne. Oslo 1948.
Munnleg informasjon frå:
Gunnar Strandenes, Bergen.

PERMANENT IDENTIFIKATOR