Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 27. mai 2005

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Minnestein over falne i Vik sentrum



I Vik sentrum står ein minnestein over tre ungdommar som fall i 2. verdskrigen. Den eine var frå Arnafjord sokn, dei to andre frå Vik. Minnesteinen vart avduka 17. mai 1946.

Minnesteinen over falne i Vik sentrum.

Minnesteinen over falne i Vik sentrum.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2003

Fotograf: Hermund Kleppa

Minnesteinen
Den prismeforma steinen i lys granitt er 3,5 m høg, og det står innhogge:
KORPORAL * OSKAR DALE * [fødd] 1911 * FALL FOR FEDRELANDET * I NORD-NOREG * 31-1 1945

HELGE SKJERVEN * [fødd] 1919 * OMKOM VED * MINESPRENGING * 13-5 1945

CHRISTIAN FREDRIK * FASTING AALL * [fødd] 1914 * DØDSDØMD. SKOTEN * PÅ TRANDUM * 14.10.1943

DEI GAV ALT

Vart flytta
Steinen har ikkje alltid stått der han står no. Han vart fyrst reist eit kort stykke lenger nede i bygda på ein stad med namnet Rolsen. Der var han lenge omgjeven av eit stakitt laga av børsepiper. Symbolikken skulle vera at børsepipene var tagna, men stod vakt om freden. På den nye plassen laga dei innhegning av steinstøtter med kjettinglekkjer. Etter nokre år tok dei alt saman bort, og planta blomar i eit rundt felt ved foten.

Avdukinga
Det var ungdomslaga i kyrkjesokna Vik og Arnafjord som gjorde opptak til å reisa minnesteinar over falne frå dåverande Vik kommune, ein i Vik og ein i Arnafjord. Ei nemnd fekk ansvaret for arbeidet og ungdomslaga tok kostnaden.
Minnesteinen i Vik vart avduka 17. mai 1946. Formannen i samnemnda for ungdomslaga, Harald Otterskred, ynskte velkomen. Ei militæravdeling frå Voss stod æresvakt, og eit musikklag og eit songkor deltok. Sokneprest Halvard Søvde heldt avdukingstalen. Det vart lagt ned mange kransar, og til slutt overleverte formannen i nemnda minnesteinen til Vik kommune.

Kamp for fridomen på fleire frontar
Sokneprest Søvde tala om krigsåra og kampen for å vinna att fridomen. Folk kjempa på fleire frontar og på ulike måtar.
"På dei stille frontane, stille, men difor ikkje mindre viktige. I heimane, på arbeidsplassane. Av ei kone og ei mor som heldt ut med barneflokken. Tegjande, men sterk. Eller den stille, men sterke bønefronten som gjekk rundt landet.
Og dei meir utsette og fårlege frontar. Sjøfolki våre, der ute og her heime. Dei som drog over grensa, sette over hav. Ville få våpen i hand og kjempa mot fienden. Dei på røming for Gestapo. I fangecelle og konsentrasjonsleir. Framfor bøssemunningane til bødlane. Der stod kampen."

Biografiar i Våre falne
"DALE, OSKAR INGOLF, korporal, Vik i Sogn. Fødd 11. desember 1911 i Vik, s. til Ole Lee Dale, f. 1877, og Ingeborg Lee f. Åse, f. 1879, båe i Vik. 3 korrespondansekurs. Reiste til England 1941. Gjekk inn i Hæren og tenestegjorde i Bergkp. II, då det vart send til Finnmark 14. oktober 1944. Var sjef for ein oppklåringspatrulje på fire mann som kom i kamp med tyskarane på vestsida av Porsangerfjorden, og fall der 31. januar 1945. Gravlagd i Vik."

"AALL, CHRISTIAN FREDRIK FASTING, handelsagent, Fana. Født 21. mai 1914 i Vik i Sogn, s. av Nicoly Benjamin Aall, f. 1883, og Christine f. Aarseth, f. 1886. Handelsgymnas. Flyktet høsten 1941 fra Ålesund til England og gikk inn i Kompani Linge. Ble våren 1942 sendt til Norge i særoppdrag, og slo seg ned på en sæter i nærheten av Nøttveit i Hordaland. Ble omringet og tatt til fange av tyskerne 30. mai 1942 sammen med en kamerat. Satt i Bergens kretsfengsel, på Ulven og på Grini til han ble dømt til døden 13. oktober 1943 og skutt på Trandum dagen etter. Gravlagt i Vik."

"SKJERVEN, HELGE OLSEN, sjømann, gårds- og fabrikkarbeider, Vik i Ytre Sogn. Født 4. mai 1919 i Vik, s. av Olav H. Skjerven, f. 1884, og Gjertrud f. Bungum, f. 1892, begge i Vik. Omkom 13. mai 1945 da m/s Steiner støtte på en mine utenfor Rutletangane, på vei fra Sogn til Bergen."

 

kjelder:

Avisa Sogn og Fjordane. 15.05. og 23.05.1945.
Pridlao. 1-1995, Vik lokalhistoriske arkiv.
Våre falne. Oslo 1948-1951.
Pridlao. 2-1989, 2-1994.

PERMANENT IDENTIFIKATOR