Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Omtalt

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

Kommune

Språk

Minnestein over diktarpresten Claus Frimann



Claus Frimann, fødd 1746, var prest i Davik i 42 år. Han er omtala som diktarpresten i Nordfjord, best kjend for boka Almuens sanger, og særleg visa Den norske fisker. I 1936 reiste kyrkjelyden i Davik ein minnestein over den vidgjetne diktarpresten sin.

<p>Furehaugen med Frimann-steinen 2011. Opphavleg var steinen omkransa av 11 furer, De elleve Disiple, planta av Claus Frimann. Han ville ikkje ha med den 12. apostelen, svikaren Judas Iskariot.</p>

Furehaugen med Frimann-steinen 2011. Opphavleg var steinen omkransa av 11 furer, De elleve Disiple, planta av Claus Frimann. Han ville ikkje ha med den 12. apostelen, svikaren Judas Iskariot.

Eigar: Hermund Kleppa / Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2011

Fotograf: Hermund Kleppa

Claus Frimann

Claus Frimann, fødd 15. mai i 1746 i Selje, død 11. oktober 1829 i Davik, var eldste son til presten P. Harboe Frimann og Sara Cold. Han tok teologisk embetseksamen ved universitetet i København i 1768, og var frå 1771 personell-kapellan hjå presten Hans Strøm i Volda. I 1780 vart vart utnemnd til sokneprest i Davik, og var der til han tok avskil i 1822. Siste leveåra sine budde han på eigedommen Frimannslund som han hadde rudd og bygt for seg og kona Anna Margrethe, fødd Meldahl (1746-1829) og det einaste barnet deira, Peder Harboe Frimann (1782-1845).

«hørte evigheten til»

Claus Frimann vart gravlagd på Davik kyrkjegard 20. oktober 1829. Presten som kom etter han, Wilhelm Christian Magelsen, held gravtalen. Han sa mellom anna:

«Norden lyttede til din stemme. Sørgende skal det modtage budskapet om, at den haand er kold, som saa lykkeligen og saa længe lokkede søde toner av den harpe, der hørte evigheten til. Denne harpe, skal vorde [være] norden dyrebar, den skal vorde bekranset, den skal opbevares av det folk som du tilhørte, som en helligdom i takknemmelighedens skjønne og grundstærke tempel.»

Minnesteinen år 2002

Frimann-steinen står like ved Davik kyrkje, på ein haug omgjeven av store furetre. På eitt av dei er det festa eit skilt med riksvåpenet og opplysninga "Fredet ved lov". Steinen er vel seks meter høg, kring 70 cm i kant nede og er nokolunde like brei heilt mot toppen.

På framsida, som vender nordover, mot sjøen, står innskrive:

 CLAUS
FRIMANN
1746 - 1829.

Over innskrifta er laga ein harpe-figur. På baksida er innhogge:

REIST
1936

Tre og stadnamn

Steinen står på eigedommen Frimannslund der Claus Frimann budde frå 1823 til han døydde sju år seinare. Han står midt i ein ring av store furutre som Frimann sjølv planta. Opphavleg stod her 11 tre. Tradisjonen vil ha det til at det skulle vera eitt tre for kvar apostel, men at Judas Iskariot, svikaren, vart halden utanfor. Furetrea vart etter dette nemnde som Dei elleve apostlane. Haugen har òg vore kalla Furehagen.

Frå kaien i Davik og fram til kyrkja stod det lenge ein prektig alle av aske- og bjørketre, Frimannsalleen, - den lengste i Nordfjord. Det var presten før Frimann, Jens Andreas Krogh, sokneprest i Davik 1769-1780, som planta dei fyrste trea, og Frimann heldt fram der forgjengaren slutta. Pr. 2002 er alle trea borte. Dei to siste vart fjerna kring 1970 for å gje plass til eit bustadhus.

Frå nordsida av fjorden

Emnet til minnesteinen fann dei våren 1936 på nordsida av fjorden, på garden Lund mellom Kjølsdalen og Stårheim. Ein seljeværing med namn Bortne, var bas for den mykje krevjande oppgåva å få kila den kring seks tonn tunge steinen ut or berget og få han frakta til dampskipskaia. Dei lasta han opp på lastebilen til Ingebrigt Naustdal som så på lågaste gir køyrde han utover til Kjølsdal. Mange fylgde spent med, og somme stader sette bilhjula djupe far i bygdevegen.

Transporten over fjorden tok ein Steindal seg av. Han kom med steinpram og slepebåt den 15. april, og i godt vêr, og med mange hjelpande hender, fekk han steinen om bord, trygt over fjorden og på land i Davik.

1000 menneske på avdukinga

Frimann-steinen vart avduka søndag 5. juli 1936 med kring 1000 menneske til stades. Det var skipa til ei stor stemna både i høve avdukinga og at Davik-kyrkja var 50 år. Avdukingshøgtida tok til om ettermiddagen med velkomsthelsing av ordførar Lefdal. Deretter framførde eit songkor to viser av Claus Frimann til gamle folketonar. Skriftsstyrar Olaf Hanssen heldt avdukingstalen og hadde æra av å avduka minnesteinen."

Etter avdukinga samlast lyden på kyrkjegarden der prost Nybø la ned krans på grava.

Claus Frimann i salmebøkene

Claus Frimann gav ut fleire salmesamlingar. Salmane hans har òg vore å finna i kyrkja sine salmebøker heilt fram til våre dagar. Evangelisk-christelig Psalmebog som kom ut i 1798 hadde ikkje mindre enn 61 Frimann-salmer. I Landstad-salmeboka kom det derimot berre med ei, medan Ingemann si danske salmebok på same tida hadde tjue Frimann-salmer. Nynorsk Salmebok (1925) hadde to, medan Landstads reviderte (1924) ikkje hadde nokon. I Norsk Salmebok (1984/1985) er det tre Frimann-salmer, nr. 615, 625 og 852.

kjelder:

O. H.: Claus Frimann, diktarpresten i Nordfjord. I Dagen/Fjordenes Tidende. 18.06.1936, Måløy. Fjordenes Tidende. 23.04, 25.06, 09.07.1936. Måløy.
Rynning, P. E.: Salmediktingi i Noreg. Bind I. Det norske samlaget 1954.
Norsk Biografisk leksikon. Bind IV. Oslo 1929.
Støylen, Kaare: Claus Frimann. Almuens sanger 1746-1829. Glimt fra et hundreårs kirke- og kulturhistorie. Bergen 1955.
Hanssen, Olaf: Claus Frimann. I Ung Noreg, juni-juli 1936
 

Avdukingstale av Olaf Hanssen. I Davik kyrkje. s. 60-64. 1986.
Folkemusikkgruppa "Frimann": Almuens Sanger. Diktarprsten Claus Frimann. CD med teksthefte. Lærdal Musikkproduksjon 1998.