Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 06. juni 2001

Sist oppdatert 08. juli 2021

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Statuen over brødrene Sars



Ved Florø by sitt 100-årsjubileum 16. mai 1960 vart det avduka ei dobbeltbyste av brødrene Johan Ernst og Georg Ossian Sars. Den står på ein steinsokkel i byparken, og er utført av bilethoggaren Eilif Mikkelsen.

Frå avdukinga 16. mai 1960. Rekkja framme frå venstre: Magnus Thingnæs, Borghild Ulriksen, Dagny Batalden, Lars Nordal og Lucie Ellingsen Høyvik. Rekkja bak frå venstre: Trygve Saxeide, Odd Helmers, Karen Braarvig, Eilif Mikkelsen (bilethoggar) og Knut Mykland (professor, heldt avdukingstalen).

Frå avdukinga 16. mai 1960. Rekkja framme frå venstre: Magnus Thingnæs, Borghild Ulriksen, Dagny Batalden, Lars Nordal og Lucie Ellingsen Høyvik. Rekkja bak frå venstre: Trygve Saxeide, Odd Helmers, Karen Braarvig, Eilif Mikkelsen (bilethoggar) og Knut Mykland (professor, heldt avdukingstalen).

Eigar: Ukjend.

Datering: 1961.

Fotograf: Firdaposten/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Kunstneriske evner

Dei to brørne vart fødde i Florø midt på 1830-talet, medan faren, Michael Sars, var sokneprest i Kinn. Mora, Maren Kathrine, var søster av Johan Sebastian Welhaven, og hadde rike, kunstneriske evner. Dei genene synest å ha gått vidare til barna, særleg dottera, Eva Sars som vart ei kjend songarinne. Ho vart gift med Fridtjof Nansen. Sars-brødrene var ivrige friluftsfolk, særleg Georg Ossian som gjekk lange turar i Jotunheimen med den gode venen Aasmund Olavson Vinje, og andre friluftspionerar i norsk natur og fjellheim.

Bilete av dobbeltbysta av brødrene Sars.

Historikaren

Portrettbilete av Johan Ernst Welhaven.

Johan Ernst (1835-1917) er den eldste, og vart professor i historie i 1874. Han er mest kjend for det store verket "Udsigt over den norske historie", der han søker å vise utviklinga i folket si soge. Synet hans hadde mykje å seie for Venstre sin politikk, og Sars vart difor ein politisk omstridd mann. Men tankane hans vann fram, og Johan Ernst Sars fekk gleda av å oppleve unionsoppløysinga i 1905.

Bilete av framsida til ein av dei fire binda til historieverket "Udsigt over den norske Historie."

Professor Jacob Worm-Müller seier i ei av bøkene sine: "Ingen nordmenn fortjener mere å minnes i dag, enn disse to: Bjørnson som løste unionen i våre sinn - Sars som med sitt mektige verk "Udsigt over den norske historie", blev det åndelige opphav til 7de juni".

På sine eldre dagar søkte Johan Ernst Sars attende til sin barndoms by, og Ole Johan Vassbotten skreiv i ein artikkel at "Om sommeren var Ernst som eldre mann å se spaserende omkring i Florø". Han vart 82 år gamal.

Havforskaren

Portrettbilete av Georg Ossian Sars.

Georg Ossian (1837-1927) starta alt som gutunge å drive zoologiske studiar under rettleiing av far sin, Michael, og han vart ein banebrytar i havforskinga. Per Solemdal skreiv i ein artikkel i "Fiskaren" at Sars var ein av samtidas store zoologar, og vert nemnd saman med Charles Darwin som ein av grunnleggarane av moderne zoologi. Også G. O. Sars vart professor i 1874. Han hadde den sjeldne evna å kombinere nøyaktige og systematiske observasjonar med kunsteriske evner, både i teikning, musikk og skrivedugleik, og "Indberetninger til Departementet" for 1879 er ei særs velforma blanding av grunnleggande observasjonar, praktiske råd og skildring av naturfenomen med ein kunstnars penn og opplevingsevne.

G. O. Sars vart 90 år gamal. Det kjende havforskingsfartøyet "G. O. Sars" vart kalla opp etter han.

Tillegg: Om avdukinga i Firdaposten 2002

"Det var utflytte Florøfolk som tok initiativet til å få reist monumentet som på jubileumsdagen [Florø by 100 år] vart overlevert av den utflytte Florø-patrioten Magnus Thingnæs. Ordførar Ludv. Botnen tok mot den vakre og svært så synlege gåva. Det var professor Knut Mykland som heldt avdukingstalen. Nokre tusen menneske var møtte fram til sjølve jubileumsmarkeringa i parken aust for Victoria Hotel, på begge sider av Markegata som var sperra for trafikk.

Seinare var det festmiddag i gymsalen på Florø folkeskole for ei rekke innbedde frå Regjeringa, Stortinget, Sogn og Fjordane fylke, ordførarar m.fl. På Høgskuleheimen var det festmiddag for eldre inviterte.

Om kvelden var det stor folkefest på Festplassen, og ved midnatt vart dagen avslutta med festfyrverkeri."

Bilete av eit frimerke med Georg Sars illustrert.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Stavang, Harald J.: Flora - kulturhistorisk vegvisar. s. 131. Førde 1999.
Firdaposten. 16.05.2002
Thingnes, Magnus: Florø - Norges vestligste by 100 år 1860-1860. Oslo 1960.
Ræder, T.: Ernst J. Sars. Oslo 1935.
Nordgaard, O.: Michael og Georg Ossian Sars. Oslo 1918.

PERMANENT IDENTIFIKATOR