Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Tolleiv-grava i Grønlid



Tolleiv i Grønlid var ein einebuar og rudningsmann. Han grov grav til seg sjølv på Fresvikåsen. Seinare er det sett opp minnestein over han der.

Steinen ved 'grava' til Tolleiv i Grønlid, einebuaren, fantasten og rudningsmannen på Fresvikåsen. Steinen vart sett opp i 1988 for å markera 200-års minnet for bureisaren i Grønlid. Soga om Tolleiv er ei gripande soga om eit lite menneske sin kamp for å klara seg.

Steinen ved 'grava' til Tolleiv i Grønlid, einebuaren, fantasten og rudningsmannen på Fresvikåsen. Steinen vart sett opp i 1988 for å markera 200-års minnet for bureisaren i Grønlid. Soga om Tolleiv er ei gripande soga om eit lite menneske sin kamp for å klara seg.

Eigar: Vik Lokalhistoriske Arkiv.

Datering: 1999.

Fotograf: Anne Marie Bøtun.

Ville ha grav på Fresvikåsen

Ved den gamle vegen mellom Skard og Grønlid på Fresvikåsen er der ei hola i vegkanten. Ved denne hola vart det sett opp ein stein i 1988 der det er inngravert "Tolleiv E. Bøtun. Bureisar i Grønlid. 1788." Denne hola vert kalla 'Tolleiv-gravi'. Ein mann som heitte Tolleiv budde i Grønlid, han budde aleine og var litt rar av seg. Då han vart gamal, grov han opp denne hola til grav for seg sjølv. Når han kjende seg sjuk og nedfor, gjekk han til grava si og la seg nedi. Men Tolleiv fekk ikkje ynskjet sitt oppfylt. Då han døydde, vart han som andre gravlagd på kyrkjegarden og grava hans oppe på Fresvikåsen vart liggjande urørd. Gradvis seig grava i hop til det vart att berre ei lita hole.

Om Tolleiv

Foreldra til Tolleiv var Anna Sjursdotter Hove frå Feios og Endre Tolleivson Bøthun. Endre vart sinnssjuk og var brutal mot kona og andre, og han kom på straff. Til slutt måtte det offentlege ta seg av han.
Litt om Tolleiv er det og å finna i tingbøkene. Han saksøkte Nils Bendikson Bøthun i 1786 fordi han ikkje hadde fått tenarløn. I 1800 var Tolleiv komen til Fresvikåsen. Han vart det året saksøkt for ærekrenking, og i 1803 for tjuveri. Seinare rauk han på gardsstyraren på Fresvikgodset og skamslo han så han vart helselaus etterpå. Han vart sett på straff for dette.

Fantast

Til lensmennene og andre fantaserte han om at han skulle ha heile Fresvikgodset og at han hadde snakka med prinsen i Kristiania. Ei tid flakka han rundt, visstnok var han både i Kristiania og København. Han vende seg til styresmaktene med bøn om hjelp til å få seg eit hus i alderdomen. Han kom attende til Fresvik, og kom bort i nye saker. Retten kom til at Tolleiv mangla "Forstandens Brug", og truleg slapp han straff pga. sinnssjukdom.

Einebuar

Til sist flytta Tolleiv oppatt på Fresvikåsen og levde som einebuar der. Soga om Tolleiv er ein historie om ei fredlaus, omflakkande sjel, om ein som vart spotta og halde moro med, og til slutt følte han seg sviken av alle. Oppe på Fresvikåsen kunne han drøyma om prinsen i Kristiania og kongen i København.
Den fyrste rudningsmannen på Fresvikåsen er ikkje gløymd, der er eit varig minne om han.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Bøthun, Per H: Tolleiv i Grønlid som ville eigna til seg heile Fresvikgodset. I Pridlao, nr. 2, 1999, s. 80-82. Vik Lokalhistoriske Arkiv. Vik i Sogn.
Statsarkivet i Bergen:
Tingbøker 1786, 1800, 1803.

PERMANENT IDENTIFIKATOR