Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 22. juni 2009

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Minnestøtte på Bringelandsåsen over allierte flygarar



Fredag 9. februar 1945 gjekk ein alliert flystyrke til åtak på tyske skip i Førdefjorden. Mange allierte fly blei skotne ned og 14 av dei allierte flymannskapa miste livet. Førti år etter blei det reist ein minnestein over dei på flyplassen på Bringelandsåsen.

Minnestøtta på Førde lufthamn, Bringelandsåsen.

Minnestøtta på Førde lufthamn, Bringelandsåsen.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2009

Fotograf: Hermund Kleppa

Den svarte fredagen

Luftkampen over Førdefjorden i februar 1945 var ein av dei største og hardaste krigshandlingane over norsk jord i den andre verdskrigen. 44 allierte fly frå Dallachy Strike Wing i Skottland gjekk til åtak på den tyske jagaren Z33 ved Frammarsvik i Førdefjorden. 16 tyske jagarfly fly frå flyplassen på Herdla gjekk til motåtak. Tapa vart særleg store på den allierte sida med 14 falne og 10 fly. Fem kom i tysk krigsfangenskap. På den tyske sida var tapet 2 falne flygarar og åtte sjømenn. På alliert side vart hendinga seinare omtala som Black Friday - Den svarte fredagen..

"gav livet for vår fridom"

Minnestøtta på Bringelandsåsen vart reist i 1985 og avduka på fridomsdagen 8. mai. På støtta står innskrive:

J.O. Blackshaw Penhurst Aus [Australia]
D.E. Mutimer East Brunswick Aus
C.G. Berges Quebec Can [Canada]
W.E. Blunderfield Toronto Can
N.O. Cochrane Toronto Can
A.M. Duckworth St. John's Can
W.J. Jackson Ottawa Can
O.W. Knight Vancouver Can
H.C. Lynch Mallorytown Can
P.R. Myrick Tilsonburg Can
C. Smerneos Hamilton Can
H. Smook Senkin Can
C.C. Caesar Bristol GB [Great Britain]
J. Middleton Norwood Green GB
 

Under namnerekkja:

Dei gav livet for vår fridom
9-2. 1945
 

På metallplate:

Reist i takksemd 8.5.1985
av NROF Indre Sunnfjord
i samarbeid med folket i
bygdene rundt Førdefjorden


 

Om avdukinga

Kring 700 menneske var samla ved minnestøtta på avdukingsdagen, og ei rekkje norske og utanlandske gjester var tilstades. På flaggstengene vaia flagga frå dei fire representerte nasjonane: Noreg, Australia, Canada og Storbritannia. Generalløytnant Wilhelm Mohr stod føre avdukinga. Musikkorps og songkor deltok.

Hefte

Bokstavane NROF på metallplata står for Norske reserveoffiserers forening, og det var avdelinga "Indre Nordfjord" som stod føre reisinga av minnesmerket på Bringelandsåsen. Redaktør Per Nordeide (1925-1983) i Firda hadde oppmoda foreininga om å gjera dette. Nordeide hadde gjennom mange år samla dokumentasjon om luftkampen. Saman med anna tilfang var dette kjeldematerialet for heftet Den svarte fredagen. Luftslaget over Førdefjorden 9. februar 1945 som kom ut til avdukinga av minnestøtta.

Minnestund 1992

Briten Bernhard Nicholl var med i luftslaget. I august 1992 var han på besøk i Sogn og Fjordane. Han ville sjå området der han var med som flygar den dramatiske februardagen i 1945. I samband med besøket vart det skipa til ei minnestund ved minnestøtta på Bringelandsåsen. Helge Njøsen representerte Gaular kommune. Han sa mellom anna

"Dette er inga glorifisering av krigen, men det er viktig å minnast at det ikkje alltid har vore sjølvsagt å ha fred og fridom. Særleg for oss som ikkje opplevde redsla når krigen rasa utanfor dørene våre."
 

Museum og bok

Luftslaget over Indre Sunnfjord har fått sitt eige museum. Det er lokalisert på garden Frammarsvik i Naustdal og opna søndag 16. juli 2000. I 2003 kom boka Den svarte fredagen. Luftkampen over Sunnfjord 9. februar 1945, skriven av Kjell Ove Nordeide og Halvor Sperbund.
 

kjelder:

Eithun, Grethe [mfl.]: Krigsår. Førde: Selja forlag, 2005. 479 s. Sælensminde, Ole [mfl.]: Den svarte fredagen: luftslaget over Førdefjorden 9. februar 1945 [Førde]: Vestlandsgruppa av Norsk Flyhistorisk Foreining, [1985] 57 s. Fritt Folk, 12.02.1945.
Nordeide, Kjell Ove og Halvor Sperbund: Den svarte fredagen: luftkampen over Sunnfjord 9. februar 1945. Førde: Selja, Naustdal: Luftkampmuseet, 2003. 221 s.

PERMANENT IDENTIFIKATOR