Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 17. oktober 2013

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Veghistorisk kulturminne ved Aurlandsfjorden



På veg inn Aurlandsfjorden informerer ekspressbåten Bergen-Flåm passasjerane om fossefall, høgdegarden Stigen og, om bygda Undredal, kjend for geitostproduksjon og den minste stavkyrkja i landet. Båten legg av og til kursen tett oppunder land ved Undredal og saktar på farten. Men turistane får ikkje opplyst noko om ein godt synleg vegstubb langs fjorden her, ein veg som endar «i lause lufta».

Vegstubbe utan tilkomst ved Aurlandsfjorden rett innom Undredal, bygd i 1950-åra.

Vegstubbe utan tilkomst ved Aurlandsfjorden rett innom Undredal, bygd i 1950-åra.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2014

Fotograf: Jan Brakstad

Veg utan vegutløysing

Raudberg heiter fjellet som går loddrett i fjorden rett innom Undredal. Langs sjøen frå Raudberg skrånar terrenget eit stykke frå foten av stupbratte fjell. Her ligg det ein veg. Han ser ut til å koma frå påhogget til ein tunnell, men det er inga opning å sjå. Stykkevis er vegen bygd på svære murar. Lengst inne kryssar vegen eit bekkefar, utan bru, for så å koma til vegs ende, midt i lia. Det ligg nær å spørja seg sjølv, kva er no dette for slags veganlegg? Ein vegstubb det korkje er råd å koma til eller frå, utan ved hjelp av båt.

Påtenkt veg til Flåm

Det er eit veganlegg frå 1950-talet. Planen var å byggja veg frå Undredal til Flåm. Arbeidet ved Raudberg byrja i 1954 som sysselsetjingstiltak og heldt fram til 1957. Det vart utført arbeid på ny bru over elva i Undredal og bygd veg fram til Raudberg der det var prosjektert tunnel. (I 2013 er det frå fjorden vanskeleg å få auga på denne delen av anlegget.) Frå andre sida av Raudberg vart det bygd om lag ein halv kilometer veg. Fleire stader måtte vegen byggjast på mur, og dei transporterte stein frå tunnelpåhogget. Anleggsarbeidet slutta i 1957. Ei av årsakene skal ha vore at det hende ei arbeidsulukke. Ein vegarbeidar fekk ein stein i over seg og miste livet. Den viktigaste årsaka var venteleg at det mangla løyvingar som monna.

Truffen av stein

Arbeidsulukka skjedde om føremiddagen, tysdag 30. april 1957. Ottar Frondal vart råka av ein stein. Han fekk steinblokka over seg i ryggen og vart slegen i svime. Ein time seinare døydde han på lækjarkontoret i Aurland utan å ha kome til medvit. Ottar Frondal var 24 år gamal. Han var ugift og budde hjå foreldra sine i Undredal.

Gode grunnar

Vegprosjektet Undredal – Flåm langs fjorden var eit nøye gjennomtenkt og velgrunna då vegarbeidet tok til i 1956: 1) vegen var med i vegplanen 1940, 2) det var viktig for Undredal å få vegutløysing til Flåm med jernbanestasjon og kommunesenteret på Aurlandsvangen, 3) anlegget ville sikra sysselsetjing, 4) vegen ville fungera som transportveg til og frå jernbanestasjonen i Flåm vinterstid når fjorden var islagt, og, ikkje minst, 4) ein ville få bygt ein strekning av den påtenkte stamvegen Oslo – Bergen, som då var planlagt langs fjorden.
Vegsjefen var positiv då Aurland kommune i 1954 søkte om å få gå i gang med forskotsarbeid og løyvde 100 000 kroner. I ei utgreiing står det:

«Vegen er en parsell av framtidig veg mellom Lærdal og Gudvangen i Stamvegen fra Østlandet til Bergen, og søkes nå bygget av hensyn til Flåmsbanens forbindelse med isfri havn. Samtidig vil vegen bli av den største betydning for Aurland herred, idet den vil binde Undredal sogn sammen med Flåm sogn og hovedsognet»

Veghistorisk kulturminne

Det vart med den eine kilometeren veg i 1950 åra. Dei store løyvingane let venta på seg. Åra gjekk og då Undredal fekk vegutløysing i 1988, var det opp dalføret til ein stamveg Oslo – Bergen gjennom tunnellar som var uhøyrde rundt 1950. År 2013 er vegstubben ved fjorden eit godt synleg veghistorisk kulturminne som mannskapet på turistbåtar kan informera om:
«På styrbord side (eller babord, alt etter fartsretninga), kan vi nå sjå ein veg som blei påbegynt på 1950-talet men aldri avslutta. Planen var å byggja veg frå Undredal langs fjorden inn til Flåm. Den vesle vegstubben går frå påhogget til ein tunnell innover langs fjorden om lag ein kilometer. Som vi kan sjå går vegen fleire stader på oppmurte fundament, som på den tida møysommeleg vart utført ved handemakt. Bygda Undredal fekk seinare vegsamband sørover til to svære tunnelar tvers gjennom fjellet mellom Flåm og Gudvangen.»

kjelder:

Ese, Kristin: På god veg. Veghistorie i Sogn og Fjordane. Selja forlag, 2007.
Avisa Sogningen: 03.05.1957
Avisa Sogn og Fjordane: 03.05.1957

PERMANENT IDENTIFIKATOR