Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 14. oktober 2005

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Nordsjøfarten - Minnesmerke i Troms



Seint om ettermiddagen, fredag 2. april 1943 blei åtte motstandsmenn avretta av tyskarane på skytebana på Grønnåsen nord på Tromsøya. Alle var motstandsmenn frå m/k Brattholm I som blei påteken i Toftefjord 30. mars. Jan Baalsrud var den einaste som greidde å koma seg unna. Det er reist to minnesmerke om Brattholm-tragedien, - i Tromsø og Toftefjord.

Minnesmerket om Brattholm-tragedien i Tromsø står på staden der fangane vart avretta 2. april 1943. Det skjedde på skytebana på Grønnåsen eit stykke nord for byen. Ein del av kulefangarmuren høyrer med til minnelunden.

Minnesmerket om Brattholm-tragedien i Tromsø står på staden der fangane vart avretta 2. april 1943. Det skjedde på skytebana på Grønnåsen eit stykke nord for byen. Ein del av kulefangarmuren høyrer med til minnelunden.

Eigar: Fylkesarkivet

Datering: 2005

Fotograf: Ingvild Sørbø Kleppa

Hendinga

Den vesle skøyta Brattholm I gjekk ut frå Shetland 24. mars 1943 på spesialoppdrag til Nord-Noreg med 12 mann om bord. Skipperen og to av mannskapet var frå Solund: Sverre Kverhellen, Magnus Kvalvik og Sjur Trovåg. Dei hadde kome seg over Nordsjøen for å delta i kampen for eit fritt Noreg.

Båten kom fram til Troms og gjekk om ettermiddagen den 29. mars inn i den vesle Toftefjorden på Rebbenesøy nord for Ringvassøy. Dagen etter vart skøyta påteken av eit tysk marinefartøy. I trefninga vart ein mann drepen og to hardt såra. Berre ein slapp unna, og soga om korleis Jan Baalsrud greidde å koma seg over til Sverige, er kan henda den best kjende av alle personsogene frå krigen i Noreg.

I Tromsø vart fangane straks utsette for harde avhøyr. Den 1. april kom det ordre frå Oslo om at avhøyra måtte avsluttast innan 48 timar. I følgje ein førarordre utferda av Hitler 18. oktober 1942 skulle alle kommandosoldatar, sabotørar og agentar avrettast innan 48 timar etter at dei var pågripne. Denne ordren var klårt i strid med Haagkonvensjonen om handsaming av krigsfangar.

Ein av dei såra døydde 1. april. Tidleg om morgonen 2. april blei åtte av fangane førde til skytebana nord på Tromsøya og avretta på kanten av ei fellesgrav. Den niande var ikkje i stand til å stå oppreist framfor ein ekskusjonspoletong. Han døydde dagen etter på St. Elisabeth Hospital av skotsår og torturen han hadde vorte utsett for.

Dei falne

Linge-soldatane:
Sigurd Eskeland, fødd 10. januar 1902. Leiar. Døydde på St. Elisabeth Hospital.
Per Blindheim. fødd 24. juli 1917. Fall Toftefjord.
Erik Reichelt, fødd 29. oktober 1917. Såra og døydde på St. Elisabeth Hospital.
Gabriel Salvesen, Farsund, fødd 26. januar 1919.

Mannskapet:
Sverre Odd Kverhellen, fødd 25. april 1906. Solund kommune. Skipper.
Sjur Ludvigsen Trovåg, fødd 26. februar 1906. Solund kommune.
Magnus Johan Kvalvik, fødd 7. mars 1914. Solund kommune.
Harald Peter Ratvik, fødd 3. desember 1917. Borgund kommune, Møre og Romsdal.
Bjørn Norman Bolstad, fødd 27. februar 1922. Askim kommune.
Alfred A. Vik, fødd 28. februar 1920. Kvam kommune.
Frithjof M. Haugland, fødd 14. april 1916. Trondheim.

Minnesmerke i Toftefjord

Den 25. juli 1990 blei det avduka eit minnesmerke i Toftefjord. Minnesmerket vart reist til minne om dei som ofra livet for fedrelandet der og i Tromsø våren 1943. Forsvarskommando Nord-Noreg og Tromsø Sjøfartsdistrikt deltok aktivt under avdukinga. Elles deltok 130 gjester, mellom dei fylkesmannen i Troms, ordførarane frå dei fire kommunane, representantar for Kompani Linge, representantar for Norsk Forsvarsforening og kring 40 nære slektningar til dei falne.

Minnelund i Tromsø

I 1991 vart det opna ein minnelund med ein minnestein ved Universitetet i Tromsø. HM Kong Harald V avduka minnesteinen den 15. oktober. Etterletne med slekt og vener, gjenlevande av Jan Baalsrud sine hjelparar og fleire hundre menneske elles var tilstades. Elleve rullesteinar frå Toftefjord, ein stein for kvar av dei falne, omkransar minnesteinen som er reist ved kulefangarmuren der fangane frå "Brattholm" blei stilt opp og avretta 2. april 1943.
Minnelunden var eit samarbeidsprosjekt mellom Universitetet, Tromsø kommune og Stiftinga Jan Baalsrud.

Stiftinga Jan Baalsrud - oppretting og mål

Stiftinga Jan Baalsrud blei konstituert 19. juni 1989 som ei privat stifting. Fylkesmannen i Troms ga stiftinga offentleg stadfesting den 11. oktober 1990.

Stiftinga skal ivareta, verna og halda levande den historiske verdien som Jan Baalsrud si flukt frå okkupasjonsmakta har for folket i dei fire kommunane Kåfjord, Storfjord, Karlsøy og Lyngen. Den store fridoms- og motstandsviljen folket synte gjennom den heltemodige innsatsen for å hjelpa Jan Baalsrud, skal vera framståande i dette arbeidet. Stiftinga skal verna om synlege spor langs fluktruta.

Vidare skal stiftinga hegna om minnet om dei som fall i Toftefjord og som blei henretta i Tromsø etter Brattholm-tragedien.

Kompani Linge

Kompani Linge er namnet på ei norsk militæravdeling sett opp i Storbritannia 1941 med tanke på spesialoppgåver i Noreg. Namnet var eigentleg Norwegian Independent Company No 1 (Nor. I. C.1), men vart kalla Kompani Linge etter fyrste sjefen, Martin Linge, som fall i Måløyraidet 27.12.1941. Kompani Linge-folk var med i dei fleste landgangane på norskekysten i krigstida. I alt gjorde 530 nordmenn teneste i Kompani Linge. Kompaniet hadde hadde 57 falne.

kjelder:

Eithun, Grethe, m.fl.: Krigsår. Liv og lagnader i Sogn og Fjordane 1940-1945. 2005.
Haug, Tore og Scott, Astrid Karlsen: Jan Baalsrud og de som reddet ham. 2001. Norsk Allkunnebok. Bind 7. 1956.
Informasjon frå: Soknepresten i Solund.

PERMANENT IDENTIFIKATOR