Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 12. juli 2021

Kategori

Kommune

Rå-data

Minnestein over bondetalsmann på Gaularfjellet



Åtte dagar før jul 1706 var to menn på veg over Gaularfjellet. Dei skulle til Kristiania og klaga over hardt skatte- og avgiftspress. Ved Skarvatnet kom dei ut for ein voldsam snøstorm, og den eine, Hugleik Tungøen, sette livet til. Reisefelagen, Johannes Qvamme, berga livet. I 1961 vart det avduka ein minnestein om den tragiske hendinga.

Utsyn frå Sværeskaret nordover. Minnesteinen over Hugleik Tungøen står eit kort stykke til venstre for hytta.

Utsyn frå Sværeskaret nordover. Minnesteinen over Hugleik Tungøen står eit kort stykke til venstre for hytta.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2002.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Hugleik Tungøen

Hugleik Mogenson Tungøen var fødd kring 1649. Han var frå 1673 brukar på ein part av garden Tungøyane i Olden sokn, Innvik prestegjeld. Hugleik Tungøen sleit hardt for levebrødet for seg og sine. Garden hans vart gong på gong utsett for naturskadar, og det var uår og vanskeleg å betala skattar og andre utreidsler til det offentlege. Mange andre bønder i Oldedalen og Nordfjord sleit og hardt i denne tida. Hugleik var fleire gonger av garde til kongen sine menn i Bergen og Christiania og til Kongen sjølv i København for å klaga. På ferda si saman med Johannes Qvamme i 1706 sette han livet til i Sværeskaret i Balestrand. Hugleik fraus i hel på veg til Kristiania, medan Johannes berga livet og kom seg heim att til Oldedalen med den tunge sørgjebodskapen.

Bilete ut mot Sværeskaret frå sørenden av Skarvatnet.

Minnesteinen

Medan dei fleste minnesteinane står på sentrale stader, står steinen over Hugleik Tungøen i Balestrand langt frå folk og køyrande veg. Frå Gaularfjellsvegen om Torsnesstølen er det ein times gonge, frå Sværen opp Sværeskaret noko lenger. Han står tett attmed den gamle driftevegen i søre enden av Skarvatnet på 740 m o.h. på staden ein meiner Hugleik Tungøen fraus i hel.

Bilete av minnesteinen.

Steinen står framfor ei lynggrodd tuve. Han er forma heilt frå naturen si side og er på skap som endeveggen av eit hus med møne; - kring 80 cm brei, 100 cm sider og 140 cm på det høgaste. Skriftteikna er snaue 10 cm høge, fint hogde og måla i ein gulbrun farge. Øvst er ein kross, deretter er innhogge HUGLEIK * TUNGØEN * 1706 * . . . * 1961.

Arbeidet med å reisa steinen

Det var sogegranskarane Anders Skåsheim frå Balestrand og Tore O. Eide frå Olden som gjorde opptak til å få reist steinen. Det vart skipa ei nemnd og mange var med på ymse vis. Dei som stod føre arbeidet med å finna steinen, få han fram, hogga innskrifta og setja han opp, var folk frå Sværefjorden og Vetlefjorden: Nils I. Sværen, Theodor Torsnes, Hans A. Ulvestad, Kunt O. Grøneng på Meland og Olav N. Meel. Bonde Fredrik Kvame frå Oldedalen gjorde eit framifrå granskingsarbeid for å klårleggja den siste ferda til Hugleik.

Avdukinga

Kring 300 menneske var samla ved Skarvatnet til minnestemna og avduking søndag 20. august 1961. Dei fleste kom frå Sværefjorden og Vetlefjorden, men det kom òg mange frå fleire stader i Sogn og ein heil buss frå Innvik og Olden. Det var mange talar og helsingar, fleire nummer av Balestrand Musikklag under leiing av Alf Lee og allsong. Nils Sværen ynskte stemnelyden velkomen og fortalde litt om ferdsla denne her før Gaularfjellsvegen kom i 1938. Prost Ragnvald Reed heldt deretter tale ut frå orda til Jesus i Lukas 19.39: Dersom dei teier, skal steinane ropa. Anders Skåsheim heldt vigsletalen og greidde ut om levekåra for bøndene kring 1600, og arbeidet til Hugleik Tungøen for skattelette for bøndene i Indre Nordfjord. Talaren uttrykte ynskje om at steinen for alltid måtte bli ståande som minne om Hugleik Tungøen og livsverket hans.

Bilete frå avdukinga, med Anders Skåsheim til venstre, og Tore O. Eide til høgre.

Ordførar Einar Skarstein i Innvik helsa og takka frå heimbygda ved å leggja ned ein blomekrans. Han heldt fram at eit kjenneteikn ved gode leiarar er at dei finn ein utveg der andre tykkjer det er uråd å koma fram. Om det såg vonlaust ut, gav Hugleik Tungøen ikkje opp. Han hadde den visse tru om siger i sitt hjarta, og han let livet i denne trua. Sogegranskaren Tore O. Eide frå Olden, 83 år gamal, gav også eit utsyn over arbeidet til Hugleik Tungøen, og bonde Rasmus Berg fortalde om skredfaren og naturskader på garden til Hugleik Tungøen.

Olden Bondekvinnelag la ned blomar ved minnesteinen, og Sigurd Farnes helsa frå Balestrand Bondelag med ein fin krans av mose og lyng. Dei som tidlegare hadde vore budeier på Torsnesstølen hadde òg laga ein særmerkt krans av lauv og blomar frå fjellet. Theodor Torsnes takka for stemna og ynskte alle velkomne til Torsnesstølen på kaffi. Det vart servert om lag 320 koppar.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Skåsheim, A: I ukjent blad: Minnestemna i Sværeskardet.
Stykke i Jol i Sunnfjord. 1961.

PERMANENT IDENTIFIKATOR