Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 10. februar 2001

Sist oppdatert 01. juli 2021

Kategori

Rå-data

Monumentet over falne på Bømoen



Etter mobiliseringa 9. april 1940 møtte innrullerte mannskap i Fjordane Regiment (IR 10) på Bømoen på Voss. Nær 5000 var med i kampane i Valdres. Fleire av regimentmannskapa vart seinare med i motstandsrørsla. Straks etter krigen vart det reist eit æresminne på Bømoen over falne frå Fjordane regiment.

Minnesmerket over falne frå Fjordane Regiment (omfatta ein del av Hordaland og Sogn og Fjordane) står på den gamle oppstillingsplassen vest for brakkebygningane. Det vart avduka 15. august 1948.

Minnesmerket over falne frå Fjordane Regiment (omfatta ein del av Hordaland og Sogn og Fjordane) står på den gamle oppstillingsplassen vest for brakkebygningane. Det vart avduka 15. august 1948.

Eigar: Fjordane Regiment, Voss.

Datering: Ukjend.

Fotograf: Ukjend.

Avdukinga

Avdukinga av krigsminnesmerket på Bømoen, søndag 15. august 1948, vart ei av dei største folkesamlingane nokon gong på Voss. Fleire tusen menneske var til stades. Bergens Arbeiderblad skreiv i sin reportasje: "Soge og tradisjon er styrkebeltet til eit folk. Denne steinen er reist her på Bømoen i den tradisjonsrike Vossebygda, og den skal stå som eit varande minne om dei frå Fjordane Regiment som ofra livet i striden 1940-45. Namna deira vil lysa og vera levande for komande slekter som skal byggja og tryggja landet vårt i framtida".
Det var formannen i avdukingsnemnda, kaptein Sæbø, som sa dette då han helsa velkomen dei om lag 4000 frammøtte.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Fylkesmann Nicolai Schei sa i sin helsingstale m. a. fylgjande: "I djup takksemd er desse blomane ei helsing frå Sogn og Fjordane fylke, frå oss som får leva i eit fritt Noreg. Me hyser ei djup medkjensle med dei som sit att. Dei falne sine offer skal vera ein vekkjar for oss, so aldri skal seiast at det dei gav hev vore til fånyttes."

Opptaket

Det var Fjordane Regiment v/oberst Mons Haukeland som gjorde opptak til å reisa eit æresminne over falne med tilknytning til regimentet. Ei nemnd av menn frå fleire stader i distriktet fekk hausten 1946 i oppdrag å koma med framlegg til 1) kva slags minnesmerke, 2) plassering, 3) kven som skulle få namna sine med, og 4) finansiering.
Resultatet vart: a) å reisa eit kunstnarleg utforma monument, b) at minnesmerket skulle plasserast på den gamle regimentoppstillingsplassen på Bømoen, c) at alle frå regimentet som fall i aktiv militær innsats i åra 1940-1945 (seinare noko utvida) skulle få namna sine med, og d) at finansieringa for ein del skulle ordnast ved ei 5-kronerulling.

Bilete av bidragsytarar til krigsmonumentet som vist i mange lokalaviser på den tida.

Opprop

Seinhaustes 1946 vart det sendt ut opprop om innsamling til grendemenn kringom i distriktet. Dei skulle få oppropet inn i lokalblada, samla inn tilskot og syta for at det kom kvittering i blada. Oppropet byrja med desse orda:
"Mange av våre beste ungdomar stupte i striden for Noregs rett og fridom i den krigen som nyst er slutt. Alle me som berga livet står att "med takk i hjarta og hatt i hand". Minnet til dei falne skal i all framtid lysa i Noregs soge. Difor reiser me dei eit æresminne, i bygd og i by. Og det er rett så. Heimen og heimbygda deira skal vera den første til å heidra dei og verna om minnet deira.

Men dei falne gav ikkje livet berre for heimen og heimbygda. Dei gav det for heile Noregs land og folk. Difor har også det norske samfunnet skyldnad til å heidra minnet deira. Og ikkje minst dei som skal ta arven opp etter dei falne og gjera seg føre til å verja den fridomen som dei gav livet for.

Minnesmerket

Nemnda ba bilethoggar Lars Fletre om å laga eit utkast. Utkastet vart vedteke med nokre mindre endringar. Ein vart samde om å laga minnesmerket i syenitt, og Fletre tok på seg å ordna med alle gjeremål for å få minnesmerket på plass til avdukingsdagen 1. august 1947, seinare utsett til 15. august.

Bilete av minnesmerket.

Oppbygging

Kunstnaren forma monumentet i ei kvadratisk søyle. Det er samansett av fleire blokker og står på eit fundament som er 0,20 m over bakken. Storleiken på dei 4 blokkene: 1) Den nedste blokka: 1 m høg, 1 m sider, 2) blokk nummer to: 1 m høg, 1,25 m sider, 3) blokk nummer tre: 0,25 m høg, 1 m sider, og 4) blokk nummr fire: 1,80 meter høg, 0,85 m sider. Høgda over bakken er 4,50 meter. På midtblokka står innskrift og namna på dei falne.

Symbolikk

På den øvste blokka er figur-relieff på alle fire sidene. Kvart relieff har sin eigen symbolverdi som kunstnaren sette ord på.
1. Sørsida. Den 8. april 1940 sette Noreg seg målvmedvite og fast imot å underleggja seg. Landet reiste seg for å verja heimen og den oppveksande slekt. Mannen viser dette ved at han held ei vernande hand om den unge guten. 2. Austsida. Okkupasjonsåra. Basta og bunde var Noreg gjennom fem lange år, men med oppreist hovud utan teikn til å gje opp gjev mannen uttrykk for den djervskap som fleirtalet viste, då serleg dei som monumentet er eit minne over. 3. Nordsida. Tvangsbanda blir sundslitne. Fuglane og dei utsprettande knuppane på plantane symboliserer at atter ein gong kom våren til Noreg med fridom. 4. Vestsida. Fridomen er røyndom. Med barnet (framtida) på aksla og ljosfakkelen lyft høgt manar mannen oss alle til å stå vakt om fridomen i tida som kjem.

Bilete av sør- og vestfeltet på øvste delen av monumentet.

Innskrifta

Det var fyrst på tale å ta med ord frå dikt av Per Sivle, men av frykt for å overlessa minnesmerket, vart ein samd om fylgjande ord til innskrift i austfeltet av midtblokka: FJORDANE REGIMENT * DEI GAV LIVET SITT * I STRIDEN FOR NOREG * I ÅRI 1940-1945. * I DJUP TAKKSEMD * REISTE FOLKET I HEIM- * BYGDENE DEIRA DETTE * MINNET I ÅRET 1948. * HARDANGER-VOSS-SOGN-SUNNFJORD-NORDFJORD

Namna

Dei 55 namna er jamt fordelte på 3 sider i midtblokka. Det er 25 namn frå Sogn og Fjordane: Oskar Dale, Edvin Færøy, Konrad Byrknes, Arthur Byrknes, Georg Distad, Sjur Trovåg, Chr. Fasting Aal, Olav Birknes, Halvor Trædal, Anders Eggum, Atle Svardal, Ove Aalen, Johannes Årset, Halvdan Sæla, Hans Thuland, Olaf Kinn, Aksel Midtkandal, Sigvald Høiland, Ingvald Bøen, Olav Hjelle, Kolbjørn Bolstad, Paul Ytrehorn, Odd Støyva, Per Faleide, Johan Berge.

Brua heldt

Hadeland Sten- og monumentindustri laga monumentet. Den største blokka har ei vekt på ca 7 tonn. Ved transporten Vossevangen-Bømoen nekta fyrst vegsjefen i Hordaland køyring over Palmafossbrua, men ga løyve etter å ha studert ein spesialmetode. Ved å køyra ein tungt lasta bil tett framfor og ein like etter, fekk ein fordelt trykket på bruspennet. Vegsjefen kunne pusta letta ut. Brua heldt.

kjelder:

Sæbø, Per: Minnesmerket på Bømoen over falne frå Fjordane regiment. Eit oversyn over arbeidet med minnesmerket. Stensilert utgåve. Udatert.
Bragstad, Jakob: Fjordane Infanteriregiment nr. 10 i gamal og ny tid. Erlanders Forlag. 1996.

PERMANENT IDENTIFIKATOR