Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 11. oktober 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Minnestein over flysersjant Erling Julin Olsen



På kyrkjegarden i Midtgulen står ein minnestein over Erling Julin Olsen. Steinen vart reist i 1947 av folket i Svelgen ved Svelgen turn- og idrettsforening. Olsen var krigsflygar og vart skoten ned under eit øvingstokt i England.

Minnesteinen over Erling Julin Olsen på Midtgulen kyrkjegard, Kjelkenes. Han er vel to meter høg og vart levert av steinhoggeriet Brødrene Sildnes, Eide på Nordmøre.

Minnesteinen over Erling Julin Olsen på Midtgulen kyrkjegard, Kjelkenes. Han er vel to meter høg og vart levert av steinhoggeriet Brødrene Sildnes, Eide på Nordmøre.

Eigar: Frank Ryland.

Datering: 2001.

Fotograf: Frank Ryland.

Biografi i Våre falne

OLSEN, ERLING JULIN, flyger, Bremanger. Født 26. desember 1917 i Florø, s. av maskinist Oskar Julin Olsen, f. 1888 i Bergen, og Klara Amanda f. Johansen, f. 1902 i Florø. Artium, flyskole på Kjeller. Flyktet i begynnelsen av 1941 i en fiskerskøyte til Shetland og gikk inn i flyvåpenet. Ble såret 13. august 1941 under kamp over London, greidde å lande med flyet, men døde noen timer senere på sykehus av sårene.

Drivkraft i idretten

Erling Julin Olsen var ein allsidig idrettsutøvar og med i leiinga av Svelgen turn- og idrettsforening. Han var formann og instruktør i turngruppa, var medlem i hovudstyret og redaktør for medlemsbladet STIF-posten.

Minnesteinen

Idrettsforeininga gjorde opptak til å reisa ein minnestein på grava hans, og valde ein minnesteinkomite med Alf Midtbø som formann. Den vel 2 meter høge steinen vart levert frå steinhoggeriet Brødrene Sildnes på Eide på Nordmøre. På steinen er innhogge:

FLYGESERSJANT * ERLING JULIN * OLSEN * FØDD 26-12 1917. * FALDT FOR SITT * LAND 13 - 8 1941 * REIST AV SVELGENS * BEFOLKNING * SVELGENS TURN OG IDRETTSFORENING

Avdukingshøgtida

Steinen vart vart avduka søndag 22. juni 1947. Flykaptein Råd, som var saman med Olsen i England, kom frå Tromsø for å stå føre sjølve avdukinga. Formannen i turn- og idrettsforeininga, Alf Zachariassen heldt minnetale. Han sa mellom anna:

"En augustdag i 1941, over London, gav du ditt unge liv for ditt land. Kompromissløs gikk du inn for Norge da det så mørkest ut og hver enkelts innsats tellet mest. Vi hadde gledet oss så, å få deg hjem igjen med friske impulser, men slik skulle det ikke bli.

Som medlem av STIF var du den drivende kraft, såvel aktiv som administrator. Du var en glimrende organisator, - var det marked, oppvisning, utgivelse av medlemsblad, var det du som greide ut med det. I turn, på idrettsplassen og i skibakken var du vår første mann. Dine gode karakteregenskaper lærte vi også å sette pris på. Vi husker så godt ditt opne og friske vesen, din rettlinjede karakter. Du er fremdeles ungdommens ideal i Svelgen. Ære være ditt minne!"

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Firda Tidend. 20.06.1947. Sandane.
Firda Folkeblad. 18.06.1947. Florø.
Våre falne. Oslo 1948.Ryland, Frank: Heia STIF! Svelgen Turn- og Idrettsforening 1930-2000. 2003.

PERMANENT IDENTIFIKATOR